av:

Publisert:

Del:

Dei to tidlegare Hove-sjefane som risikerte opptil eit år fengsel, vart frifunne i Aust-Agder tingrett fredag.

Hove

– Hadde politiet hatt vilje til å sette seg inn i fakta, lest egne vitneavhør, og kunnet regne moms riktig, så hadde ikke dette vært noen sak i det hele tatt, seier Morten Sandberg til Dagens Næringsliv.

Overfakturering
Då Hovefestivalen gjekk konkurs i 2008, var Morten Sandberg og Nina Riibe dagleg leiar og økonomiansvarleg. I lys av konkursen, meinte påtalemaktene at desse to hadde tappa festivalen for om lag 5 millionar kroner i overfakturering. Dette beløpet vart seinare redusert til 1,9 millionar. I følgje tiltala skulle Sandberg og Riibe ha brukt Sandberg sitt selskap Concept Communications til å tappe festivalen for midlar, skriv DN.

Forventar orsaking frå politiet
No er dei to frifunne, og dommaren meiner heller at dei tiltalte tapte pengar på festivalen. Trass i frikjenning frå hovudtiltala, vart Sandberg og Riibe dømt for overtredelse av bokføring, og pålagt to års prøvetid, skriv Farojournalen.

– Jeg har hele tiden ment at politiet har gjort et slett etterforskingsarbeid i denne saken, og nå blir det bekreftet. Nå synes eg det hadde vert fint med en unnskyldning frå politiet, seier Sandberg til DN.