Det er ikke bare Ultimafestivalen i Oslo som i disse dager lar seg farge og inspirere av japansk kultur. Torsdag 6. oktober får Bergen Filharmoniske Orkesters publikum oppleve en interessant urframførelse – Knut Vaages “Hokkaidos hagar”, som er en klaverkonsert inspirert av japansk landskap. Komponisten har villet skrive en “antihierarkisk” komposisjon, og har delt orkesteret i to symmetriske formasjoner – som en utbrettet papirsommerfugl. Verket ble ferdig i 2004 og er bestilt av Bergen Filharmoniske Orkester og pianisten Einar Røttingen, som er kveldens solist.

Knut Vaage (Foto: Lisbeth Risnes, MIC)

— Tittelen «Hokkaidos hagar» er, som namnet seier, henta frå Japans nordlegaste øy, fordi sjølve ideen vart fødd under ein samtale Einar Røttingen og eg hadde på ei togreise mellom Sapporo og Tokyo. Det er ikkje program-musikk, men møtet med den japanske kulturen, landskapet og folket sit igjen som eit minne, og blir nærast som ein klangfarge i verket. I minne, kan eg enno sjå for meg brokkar av furuskog, fjell og hav – og det strålande lyset som jaga bort klaustrofobien etter å ha reist gjennom verdens lengste undersjøiske tunnel, forteller Vaage, og forsetter:

— Togturen tok sine 12 timer, så me hadde god tid til spekulasjonar. Det har også tatt tid å utvikla dette stykket i og med at det har vore med i eit forsøksprosjekt i orkesteret med å laga ein workshop for utprøving av nye verk. Dette har opna opp for dialog mellom alle involverte. Musikarane har fått høve til å komma med tilbakemelding på materialet. Alle aktørane fekk på eit tidleg tidspunkt eit innblikk i verket. Samtidig har det også betra situasjonen rundt kort prøvetid, som ofte er kritisk ved urframføringar. Workshopen gav oss alt i alt ein fruktbar og tillitsskapande prosess som eg vonar orkesteret også vil la andre komponistar nyta godt av.

— Når eg no fekk høve til å skriva for klaver og orkester, vart det for freistande å kommentera a-moll konserten til Edvard Grieg. Men det som hos Grieg er ei kraftfull opning med det karakteristiske Griegske fallande ledemotiv, er i dette stykke redusert til ei spinkel fallande rørsle frå bakerste pult hos 2. fiolin til klaverets første einslege staccato på tonen a. Her sluttar all vidare likskap, så vidt eg kan sjå.

“Hokkaidos hagar” er i en sats, som utvikler seg i ei slags fri form. Stykket er i følge Vaage ”komponert frå begge kantar”: Med et aktivt materiale fra starten og fremover, mens den rolige tematikken i verket er komponert fra slutten og flyter motsatt vei – ”mot opninga av stykket, som om to hender vil gripa kvarandre utan heilt å lukkast”.

— Det har vore viktig for meg i dette stykket å vektlegga vandringa av lyden i rommet, og på denne måten fokusera på orkesteret si evne til å skapa tredimensjonale teksturar. Tanken er at orkesteret, som eit lite samfunn, består av mange meir eller mindre likeverdige individ i samspel, eller i motsetning til kvarandre, forklarer Vaage.

Orkesteret er på grunn av disse ideene delt symmetrisk i to, med pianisten i midten, harpe og celesta på hver sin side, slagverk i en krans bak, to likeverdige strykeorkester som bl.a. gjør at det blir 4 basser på hver sin kant av scenen. På samme måte er blåserne også delt, eksempelvis med en fløyte på hver side, og piccolo i midten. Det er også en trombone på hver side, tuba i midten, en trompet ytterst på hver side, og så videre.

— Så når det kjem ein liten solo, blir det aldri berre hos ein musikar, men i dialog eller i form av ekkovirkningar som gjennomsyrar heile verket, sier Vaage. – Partituret er planlagt slik at lyden heile tida vandrar td. mellom solist og musikarar i orkesteret, eller breier seg frå solistoktetten som dannar ein halvsirkel fremst av strykarane til gradvis å omfatta alle. Denne teksturen gjer eit meir kammermusikalsk preg, kor fleire musikarar enn vanleg får delta med solistiske innslag som ein del av orkesterteksturen. Sjølvsagt vil denne omorganiseringa av heile orkesteret skapa ein uvant arbeidssituasjon for dirigent og musikarar, og ein del ekstraarbeid for scenemeister. Så eg kryssar fingrane for at det er bryet verdt, og at tilhøyraren kan oppleva denne romkjensla i lydbiletet.

Det hele ledes av orkesterets faste gjestedirigent Ingar Bergby, som avslutter kveldens med Carl Nielsen symfoni nr. 2 – «De fire temperamenter», som han fikk ideen til da han så fire malerier i en dansk kro, og som på en slående måte skildrer kolerikeren, flegmatikeren, melankolikeren og sangvinikeren.

— ”Hokkaidos hagar” er så langt høgdepunktet på mitt samarbeid med pianisten Einar Røttingen, som har vore ein pådrivar for bestilling og framføring av nye verk i vårt miljø, sier Knut Vaage. – Eg vil nytta høvet til å takka han, orkesteret, og dirigent Ingar Bergby som stilte opp for planane om eit større verk for piano og orkester.

Knut Vaage vil selv introdusere verket fra scenen i forkant av konserten, som sendes også direkte på NRK P2/EBU.

Grieghallen torsdag 6. oktober kl. 19.30:

Bergen Filharmoniske Orkester
Ingar Bergby, dirigent
Einar Røttingen, klaver

Vaage: Konsert for klaver og orkester “Hokkaidos hagar”
Nielsen: Symfoni nr. 2 “De fire temperamenter”

Publisert:

Del: