KONSERTMELDING: – Opningshelga under årets Ultimafestival baud på fleire gode inntrykk. Me fekk mellom anna stadfesta eit høgt nivå hjå det ni år gamle Bodø Sinfonietta, stifta kjennskap til fløytevirtuos Elisabeth Eide og bevitna at Oslo Sinfonietta reiser på turne til Porto og Paris med eit stemningsfullt og humoristisk repertoar. Men den manglande programkommentaren er eit sakn, skriv Ballades meldar etter konsertane denne helga.

Thomas Bloch/Ultima/Foto: Laila Meyrick

Av Ida Habbestad

”Det ytste” har etterkvart fått mange betydningar på Ultima. Me snakkar ikkje lenger berre om den nyaste musikken – den heilt siste utviklinga – men òg om tradisjonen. I festivalprogrammet forsvarer festivaldirektør Geir Johnson framføringa av John Cage sin klaverkonsert frå 1958 med at den ”også i dag utgjør et opposisjonelt utsagn, et utsagn som på mange måter er motstandens estetikk i sin essens”.

Per definisjon kan vel eit slikt utsegn gjelda innslag frå alle tiders musikk. Samstundes er det ikkje vanskeleg å gå med på Cage sin aktualitet som moderne tenkjar, og hans stadige betydning for samtidskomponistar i dag. At kanoniserte samtidskomponistar får plass på festivalprogrammet, skapar dessutan gode høve for å belysa perspektiv i spennet mellom kanonisert, etablert og ungt.

Samanstillinga av sinfoniettaer to dagar etter kvarandre i opningshelga gav dessutan høve for samanlikning. Den førebels konklusjonen etter konsertane med ensembla frå høvevis Oslo og Bodø er heilt enkelt at landet etterkvart er berika med eksepsjonelt dyktige samtidsmusikarar med evne til å utføra eit breidt spekter av repertoar. Kanskje er det særleg både påfallande og imponerande kva nivå Bodø Sinfonietta gjennom dei seinaste åra har opparbeidd.

Solokonsert på mange vis

I ei samanlikning er det òg artig å sjå kor ulike program dei to ensembla presenterte.

Først Bodø Sinfonietta der solistkonserten sto i fokus, med vidt ulike tilnærmingar. Her var Ånesens ”Frames”, der pianosolist James Clapperton fekk veva seg inn og ut av stillfarne vendingar i ensemblet; i stort nokså tynt orkestrert og med fragment av det kjende. Her var Cage sin uføreseielege pianokonsert – i denne tolkinga prega av klangleg rikdom og tidløyse – og med eit tilsvarande kammermusikalsk tilhøve mellom solist og sinfonietta.

I Sven-David Sandströms fløytekonsert kunne derimot Elisabeth Kristensen Eide innta rolla som instrumental virtuos. I verket som på formplanet låg nært tradisjonen, fanst nesten perverst krevjande utlegningar i ekstreme register, og Eide la for dagen ein energi og ein intensitet som ikkje er mange forunt. Sjeldan høyrer ein instrumentet så godt utnytta som her, i spennet mellom varm klangrikdom og påtrengjande brutalitet; Eide hadde uansett full kontroll om begge.

Austleg stemningar og humor

Som ein motsats leverte Oslo Sinfonietta søndag ein usedvanleg stemningsfull konsert. Japanske Malika Kishino sitt ”Danse du Zephyre” fekk setja standard, med musikarane spreidt over heile rommet. Ein vakker stereoeffekt altså, til musikken som tilkjennegav milde vindar, eit austleg-inspirert tilhøve til tid, det luftige riss i klangen gjennom rommet. Ei liknande rik atmosfære fanst i etterfølgjande, godt orkestrerte, konsert for ondes martenot og ensemble av Jan Erik Mikalsen. Solist Thomas Bloch fekk utgjera døme på solisten som ensemblemusikar meir enn som framtredande aktør, medan mystikk og tidløyse atter skapte vekselvis skumle og meir betryggjande stemningar.

Berio sine versjonar av Beatles-songane ”Michelle”, ”Yesterday” og ”Ticket to ride” framsto etter pause som humoristisk kontrast til det ovanståande. Til dels er desse songane bisarre, men dei er òg fascinerande vakre og intelligent skrivne – såvel som dei vart framført denne søndagen. Og dei vart fulgt opp gjennom nok ein kontrast i Cecilie Ore sitt intenst, levande, energiske ”Cirrostratus”, som ein transe av lyd.

Den ynskte samanheng

I alt sterke prestasjonar av mykje god musikk – men gjennomført sakna eg ein større samanheng; gjennom programkommentaren, der så mange ulike innfallsvinklar til konsertane kunne vore bretta ut.

Det gjeld det heilt basale; som at Ånesen for mange er eit uskrive blad – og at det dermed kunne vera interessant å høyra meir om kva han tenkjer om verket ”Frames” eller om musikk generelt.

Det er skrittet vidare, der ein undrar seg over sidestillinga av verka av til dømes Ånesen og Cage. Finst der noka samanheng mellom dei? Finst Ånesen inspirert av Cage? Eller står han i opposisjon til komponistens estetikk?

Eller: Kan ein spissa skilnadene ved å setja John Cage sitt utsegn om pianoverket; “The only thing I was being consistent to in this piece was that I did not need to be consistent” opp mot det formmessig meir bastante verk som Sven-David Sandströms?

Eller ta japanske Kishimo; ukjent for underteikna og truleg mange andre; var det ikkje på sin plass å introdusera henne – når ein i programmet har plass til å introdusera solistane så vel som instrumentet ondes martenot?

Der finst sjølvsagt programkommentarar som virkar begrensande for oppleving. At ein enkelt konsert etterlet fleire spørsmål enn svar er heller ikkje i seg nødvendigvis negativt. Men der er ein balansegang, mellom manglande tilretteleggjing og overtydeleg pedagogikk, og eg meiner at festivalen per i dag finn seg nærare den første enn den andre.

Konsertar:

Lørdag 4. oktober: Bodø Sinfonietta
Pierre-Andre Valade (dirigent), James Clapperton (klaver), Elisabeth Kristensen Eide (fløyte)
Verk av Arnt Håkon Ånesen, John Cage, Sven-David Sandström, Jonathan Harvey

Søndag 5. oktober: Oslo Sinfonietta
Christian Eggen (dirigent), Thomas Bloch og Christine Ott (ondes martenot), Andrea Hill (mezzosopran)
Verk av Malika Kishino, Jan Erik Mikalsen, Jonny Greenwood, Lennon/Mc Cartney arr Luciano Berio, Cecilie Ore

Publisert:

Del: