Vi må finne ut av dette med nasjonalromantikk, skriv Hans P. Kjorstad.

© Johannes Selvaag

Det ser ut til at Kolltveit trekkjer attende meldinga om at vi er historielause, men så kjem det fram fleire usaklege oppfatningar om oss, som enda ein gong syner at han ikkje har sett seg inn i prosjektet vårt. Dette skal eg koma attende til. Men fyrst må vi finne ut av dette med nasjonalromantikk.

Han meiner at eg «forveksler nasjonalromantikk med glatthet, mainstream eller rett og slett noe som bare er innarbeidet og tradisjonelt». Det er mogleg at uttrykket nasjonalromantisk musikk ikkje vekker musikalske assosiasjonar hjå Kolltveit. Er ikkje glattheit eit bænkers uttrykk for noko som let svulstig og romantisk, og om ein parar dette med norske folketonar vert vel resultatet fort nasjonalromantisk?

Mainstream tykkjer eg er eit dårleg musikalsk uttrykk, det fortel at musikken er lite ambisiøs, utan særleg originale idear, i pakt med rådande konvensjonar osb., men det seier ikkje noko konkret om kva musikken inneheld. Innhaldet i musikken vår derimot, prøvar vi å forklare i både intervju, pressemeldingar og innlegg.

At noko er innarbeidd og tradisjonelt seiar heller ingenting om musikken i denne samanhengen, altså arrangert norsk folkemusikk. At ein slått er tradisjonell er klart, og det er fett som f, men kven bestemmer når andrestemma er tradisjonell, og når vart ho det? Vi opplever at alle har sin stil på arrangementa sine, inspirert av ulike andre stilar.

Vi står absolutt for dei musikalske elementa vi nemnte i det førre innlegget. Heng på her no, så skal vi sjå at vi kan bli einige.

Personlege meiningar
Dei fleste vi kjenner og snakkar om musikk med, har ein utvikla smak og eit referansegrunnlag som gjer at det er er ganske enkelt å snakke med dei om desse tinga. Om til dømes ein kompis kjem bort til meg og spør kva eg synes om ei skive eller ein konsert, og eg melder, «tja, det var kanskje nice, men voldsomt platt, tonaliteten var forfina og det var generelt lite groovy, eigentleg meir svulstig og nasjonalromantisk, ja, og så var det kjedeleg, eg vart ikkje overraska ein einaste gong (…)» så trur eg at det oppsummerer korleis eg har opplivi musikken ganske klart. Ferdig med det. Er det ikkje berre å lytte og meine, då? Om ein lyttar mykje på mykje forskjellig musikk er ikkje dette så vanskeleg å forstå.

Så eit veldig viktig poeng. Kva slags ulike stiltrekk som er blanda inn i kvarandre, og om dette er god smak eller ikkje, er sjølvsagt heilt opp til kvar enkelt. At det har vore, og fortsatt er, retningar innanfor arrangert folkemusikk som er inspirert av kva nasjonalromantikkens meistrar og andre har gjort med folkemusikken, er eit faktum. Det er ingen vits å debattere om dette finnes eller ikkje, for det gjer det. Dette mangfaldet er heldig, det lyt vi støtt minne kvarandre på. At vi seiar at vi ikkje er på den greina, er for å plassere oss slik at folk som er interesserte i vår type musikk skal kunne finne oss.

Kappleik
Kolltveit trekkjer no inn kappleikane. Kappleikane opplever vi som særdeles viktige for norsk folkemusikk. Ingen som brenn for folkemusikken kan seie at det ikkje er bra å bevare og utvikle denne stilen gjennom at veldig mange møtes og spelar for og med kvarandre. For ikkje å snakke om alle som dansar eller lyttar til musikken. Til dømes er mange av dei vi synes er dei cooleste spelemennene, men som ikkje er utøvande musikarar på heiltid, med på moroa.

For oss som bur i Oslo er det ikkje så ofte vi fer høyre desse spele eller kvede, sidan dei ikkje har så mange konsertar eller gjev ut plater. Dei stiller opp med dei slåttane dei likar, og gjer det på sin måte. Så fer kappleiksresultata vera det såmmå, mange tenkjer at dei ikkje betyr noko, mens andre synes det er spanande med konkurranse.

Historia og oss
Noko som er ein viktig del av prosjektet vårt, er korleis vi kan kople gode tradisjonelle soloslåtter med våre arrangement og idear. Det er viktig å skilje mellom arrangert folkemusikk og solo folkemusikk når ein snakkar om tradisjon og historie.

Vi har ikkje høyrt opptak av Myllarguten, så vi kan ikkje seie noko om korleis han spelte. Av det vi kjennar av arven etter Myllaren, er det slåttar som han spelte aleine, og ikkje som han arrangerte for fleire musikarar. Det kan hende han arrangerte, han spelte jo sjølvsagt saman med andre spelemenn, men det vi har etter han er vel berre soloslåttar. Han var ein viktig fornyar og utviklar av slåttemusikken, ein som tok tak i det eldre materialet og utvikla det i ein personleg stil.

Utan folkemusikkinnsamlarane hadde vi mista mykje meir materiale enn det som allereie er mista. Dei skreiv ned slåttane slik dei høyrte spelemennene spelte, og la opp til at musikken skulle leve vidare. Sannsynlegvis hadde ein del innsamlarar «nasjonale kjensler» rundt arbeidet sitt. Vi trur likevel ikkje på at det har vore hovudinspirasjonen til alle kjeldene vi har på musikken vår. Musikken har nok vore i fokus. Slik er det for oss også. Vi diggar denne musikken på same måte som vi diggar impro-musikk og folkemusikk frå ikkje-veit-egistan, all musikk som har eit eller anna ved seg som ein kjenner langt inni seg sjølv, diggar vi. Slik har det nok også vore for spelemenn og innsamlarar opp igjennom, om det var «folkets musikk» eller ikkje.

Urimelege påstandar
At Kolltveit fortsatt ikkje har sjekka ut albumet vårt er mest utruleg når han sjølv har sett i gang ein debatt om oss. At han melder at Storbritania, Böhmen og India ikkje har ein samanheng med musikken vår (som for dei som ikkje har fått det med seg er arrangert folkemusikk frå Midt-Gudbrandsdalen med hovudvekt på Fronsbygdom), er pinleg, og seier mykje om kor lite hold det er i innlegga til Kolltveit. Det er ikkje bra for kvaliteten på ordskiftet i det heile.

Inspirert kritikk kan vi digge når som helst, men om ein ikkje har greie på temaet, som er musikken vår, plata vår og korleis vi presenterer den, vert vi fort lei. At han melder at vi setter eit skarpt skilje mellom nasjonalromantisk og svulstig folkemusikk på den eine sida og «ekte» folkemusikk på den andre sida, er beint fram frekt. Her kjem vi med eit album som vi har arbeidd mykje med, pratar om det, og så kjem Gjermund Kolltveit og dreg inn verdas minst interessante tema, kva som er «ekte» folkemusikk eller ikkje. Vi har då berre ein stil og ein smak som alle andre. Og name-droppinga er fortsatt dørgande kjedeleg, då det verkar som det er forsøk på trekkje inn «argument» mot saker vi ikkje har sagt noko om. Om vi kunne halde oss til musikken, og korleis vi lytter til den, hadde alt vore så mykje betre.

Hans Kjorstad er avgangselev på det frie kandidatstudiet ved Norges musikkhøgskule og turnerande musikar og komponist med band som Kjorstad Brothers, Miman, Billy Meier, Luke Elliot, Kjorstad/Bagge/Linell og mange andre. 

Publisert:

Del: