– Når eg spelar, dukkar førebileta mine opp i tankane. Eg kan sjå dei for meg når eg spelar, seier Hauk Buen frå Jondalen ved Kongsberg. Sjølv er han for mange spelemenn det aller største førebiletet i dag. Til Árinn kjem Hauk med sine eigne feler for å halde konsert både i Valle og Kristiansand, saman med Tore Bolstad frå Valdres og Tor Hoslemo frå Bykle. Onsdag kveld gjer han konsert i Valle, og torsdag vert det konsert på Christiansholm Festning i Kristiansand.

Hauk Buen (Foto: www.arinn.no)

Av Anne Hytta

På familiegarden Buen i Jondalen møter vi Hauk og kona Tone. Før vi når dørstokken, har Hauk byrja å fortelje om hardingfelespelet. Han har mykje på hjartet.

Hardingfelespelemannen Hauk Buen er i dag blant dei aller fremste tolkarane av slåttespel. Han voks opp i ein heim der spel og song var ein nødvendig del av livet. Far spela, og mor song. Men det var morsystera, Bergit Tjønn, som lærde han dei første tonane på fela.

— Det kunne vere litt vanskeleg å lære av sin eigen far, han kunne bli utolmodig. Men Bergit var mild. Ho lærde meg «So sulla ho mor på rokken sin». Så var det ein dag vi hadde spela, og då vi kom ut, såg vi far sitje i troppa og tjuvlytte. Han lurte nok på korleis det gjekk.

Det gjekk helst bra. Frå ung alder gjorde Hauk det skarpt på kappleik. Det har blitt tallause konsertar, aleine eller saman med bror Knut og søster Agnes, i inn- og utland.

Forutan ein tur til Minnesota tidlegare i år, er det ikkje så mange turar no som det var ein periode. Men heime på garden Buen er engasjementet for slåttespelet stort.

— Slåttespelet er noko heilt eige. Når ein talar om folkemusikk, kan det romme så mykje, både det tradisjonelle uttrykket og det moderne. Men slåttespelet er ein heilt eigen musikktype, det er spesialisert musikk, men laga til alle mulige høve. Det kan vere slåttar med dramatisk innhald, som «Jenta under Gaustafjell», ei dramatisk historie om ei seterjente som redda livet frå overfallsmennene då ho spela eit varselrop på lur. Slåtten «Rosa» er mykje nytta i gravferder. Då er folk stille. Slåttemusikken dekkjer mykje.

Ein slått er spørsmål og svar. Hauk spelar ei strofe, eller eit tak, som ein seier med hardingfeleterminologi.

— Der er spørsmålet, seier Hauk, og så spelar han neste strofe.

— Og der har du svaret. Slåtten talar til deg.

Mange av dei yngre spelemennene i dag set pris på å lære av Hauk. Han har ein ro over seg som får lyttaren til å merke seg det som vert spela – og det som vert sagt. Det er mykje som skil gode musikarar, men eit fellestrekk synest å vere at dei har svært klare tankar om det dei uttrykkjer. Med få ord kan dei få ein elev til å sjå noko med heilt nye auge. Det er oppklarande og inspirerande. Slik er det med Hauk. Han er svært begeistra for mange av dei yngre utøvarane, han synest det tekniske nivået er høgt, og han talar varmt om blant anna systerson Per Anders Buen Garnås og Annbjørg Lien. Men generelt er det noko han ofte saknar når han høyrer dei yngre.

— Eg synest av og til det kan låte litt flatt.

Kva er det så som gjev ein slått liv, som gjer at det ikkje vert flatt – Hauk seier det handlar om fleire ting. Ein ting er tonaliteten. I dag spelar dei fleste meir eller mindre temperert, det vil seie slik eit moderne piano er stemt. Men mellom desse tonetrinna finst det utallige moglegheiter til å fargeleggje ein strofe – spørsmål eller svar. Og høyrer ein eldre opptak med spelemenn, får ein oppleve korleis dei brukte desse moglegheitene til å variere toneplasseringa.

Men å gje ein slått liv handlar om mykje meir enn tonalitet.

— Å ta opp att eit tak og spele det ein eller to gonger er greit, når det blir 5-6-7 gongar vert det kjedeleg. Slåttar er bygd opp som spørsmål og svar.

Og ein kan ikkje spørje i det uendelege.

— Ein må vandre i slåtten, gje trykk der ein vil framheve noko og understreke det. Så kan ein spele fint andre stader. Då får slåtten liv, då vert det tydeleg.

Det er like mange måtar å spele ein slått på som det finst spelemenn. Og jo fleire spelemenn ein har høyrd, jo fleire moglegheiter å variere ein slått på har ein opplevd. Difor er Hauk sitt viktigaste råd til yngre spelemenn å høyre på mange kjelder.

— Høyr på opptak med dei eldre gode, og flytt litt undervegs. Då får ein vidare horisont. Det er det alle dei store har gjort, slik som spelemennene Knut Lurås og Jørn Hilme. Gamle spelemenn gjekk milevis for å møte likesinna. Det var ei drift i dei som ikkje heldt ein tilbake om det var 20 mil å gå. Trengsel og fattigdom skapte ein lengt i folk. Dei samla nye impulsar og forma sitt eige spel.

Og dette har Hauk gjort. Forutan familietradisjonen han har etter bestefar Asmund og far Anders, er den fremste læremeisteren Olav Løndal frå Tuddal. Olav var ein meister i å variere og improvisere ein slått, og om han ville, så klarte han ikkje å spele slåtten likt to gonger. Men Hauk har studert spelet til langt fleire, slik som Eilev Smedal, Gunnulv og Halvor Borgen, Hølje Wårstulen, Hølje Landsverk og Johannes og Gunnar Dahle, for å nemne nokre. Når desse spelemennene kan dukke opp i tankane når han spelar, er det både minnet om personen og korleis han spela som er med og fargar slåtten som vert spelt der og då.

Når ein har høyrd så mange moglege måtar å spele ein slått på, får ein spelemann eit slags kartotek i hovudet med nøklar til ulike måtar – alternative vegar – å spele eit tak på. Og då kan ein og forme ut sine eigne tak. Det har Hauk gjort i mange slåttar, men heile slåttar har han ikkje laga.

— Eg har laga småtak og slik, men å lage ein slått.. eg har så stor respekt for det som er laga. Det er meir enn nok der. Om ein skal lage noko nytt, må det vere noko originalt. Der er Knut, bror min, svært dyktig. Og slåttane han lagar, liknar dei han har laga dei til. Han tar delar av deira ting inn og bringer inn i slåtten. Eg trur uansett at spelemenn som har komponistiske evner må ha noko å bygge på, noko å gå ut ifrå. Å få ein idé utan påverknad måtte bli veldig tomt.
«Hauk høyrer til dei spelemenn som må forme alt stoff til sitt eige. Det gjeld ein del formen i slåtten, men aller mest spelestil og uttrykk», skriv bror Knut i omtala til cd-en «Feledåm» som kom ut på Buen Kulturverkstad i 2000.

Ein treng ikkje ha vakse opp i ein folkemusikkfamilie for å spele folkemusikk, men det er likevel tilfellet med fleire av dei fremste folkemusikarane i dag.

— Eg minnest Gunnar Dahle fortalde meg om då Rikard Berge kom med voksrull for å gjere opptak med bestefaren, Knut Dahle. Gunnar var svært liten den gongen, og han fekk i oppgåve å børste vekk sponet frå voksrullen medan bestefaren, som då var på sine siste år, spela.

Hauk Buen er sterkt medviten om familietradisjonen han har i ryggen, men den legg ingen band på kva han spelar sjølv. Individualismen har fått råde i uttrykket til kvar og ein, sjølv om ein kan høyre klare likskapar til dømes i spelet til Hauk og veslebror Knut.

Å spele slåttespel vil seie at ein i dei aller fleste høve er solist.

— Hugs, hardingfela er eit soloinstrument, og i slåtten skal du høyre undertonane og understrengene som fargar spelet og som skaper den særeigne dåmen i kvar enkelt utøvar. Eigne kjensler er alt ein har tilgang til i uttrykket ein formar der og då. Då vert også antennene for korleis spelet vert tatt imot ekstra skjerpa.

— Når ein merkar at det blir mottatt, det ein prøvar å seie med spelet, blir det lett å spele. Ein spelemann frå Telemark fortalde meg at han ein gong streva fælt med å få stemt fela skikkeleg i ei gamal stoge full av lyttarar. Han kunne ikkje skjøne korleis det kunne vere så vanskeleg å stemme fela rein, heilt til han snudde seg. Der såg han ein han lika heller dårleg, og då var det ikkje rart at fela ikkje vart rein, fortalde spelemannen. Hauk ler godt når han kjem ihug denne historia, men vert snart alvorleg att:

— Ofte opplever eg at det er eit meir lydhørt publikum i utlandet enn her heime. Eg trur det er fordi lyttarar i utlandet ikkje har forutinntatte haldningar, noko ein ofte møter her i Norge. Her tenkjer dei til dømes at det er primitivt fordi det er landsens musikk, og let att øyrene i utgangspunktet. Då har dei trommehinner av stål.

Trommehinner av stål kan ein ikkje ha når ein skal avstemme feler. Hauk er sjølv felebyggjar og har bygd fleire av felene han spelar på.

— Avstemming av ei fele går ut på å stille lokk og botn i instrumentet i samsvar med kvarandre. Å spørje om korleis ein gjer det er som å spørje om korleis ein målar eit bilete. Ein må vere på topp. Eg held platene, bankar og høyrer. Til alle tider har spelemenn kjempa om å få tak i dei beste felene. Det har den enkle grunnen at når alt er i harmoni blir ein inspirert til å spele, å gje sitt beste.

Til Árinn kjem Hauk med sine eigne feler for å halde konsert både i Valle og Kristiansand, saman med Tore Bolstad frå Valdres og Tor Hoslemo frå Bykle. Det ser han fram til. Og det gjer vi òg.

Denne artikkelen er bragt videre med velvillig tilllatelse av arrangørene av Árinn, Norsk Folkemusikk og Danselag, og kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne lenken. Hele programmet til Árinn-festivalen finner du på denne siden.

Publisert:

Del: