Etter fleire års hard kamp har endeleg politikarane gjeve Noregs Ungdomslag lønn for det store arbeidet organisasjonen gjer for folkedansen i landet. For fyrste gong får den største folkedansorganisasjoen i Noreg 300 000 kroner i direkte støtte over statsbudsjettet. – Det er tydeleg at politikarane no har fått auga opp for den vanskelege situasjonen organisasjonen – og også folkedansen er inne i, og det gode arbeidet som likevel blir gjort i dagens situasjon, seier leiar i Noregs Ungdomslag, Johan Einar Bjerkem.

Folkedans

— Endeleg! Etter tre år med intenst arbeid mot Stortinget er Noregs Ungdomslag på statsbudsjettet med ei direkteløyving på kulturbudsjettet på 300.000 kroner til folkedansarbeid, jublar leiar i Noregs Ungdomslag, Johan Einar Bjerkem.

Noregs Ungdomslag, som er den største folkedansorganisasjonen i Noreg og den einaste organisasjonen i landet som driv systematisk grunnopplæring i folkedans, har tidlegare ikkje fått direkte støtte over statsbudsjettet. No har dei endeleg fått lønn for det omfattande arbeidet organisasjonen gjer for folkedansen på lokalt og sentralt plan.

— Vi har merka oss at det i handsaminga i kulturkomiteen er få nye tiltak som har kome inn på kulturbudsjettet. At Noregs Ungdomslag er eitt av desse, er svært gledeleg!, held Bjerkem fram.

I tillegg har AP i sitt opphavlege forslag gått ut med krav om 500 000,- til folkedanssatsinga i Noregs Ungdomslag, medan SV og Senterpartiet går inn for kr. 1 mill. kvar.

— Det er tydeleg at politikarane no har fått auga opp for den vanskelege situasjonen organisasjonen – og også folkedansen er inne i, og det gode arbeidet som likevel blir gjort i dagens situasjon, seier Bjerkem. Han lovar ein auka innsats for verdiane organisasjonen står for og spesielt folkedansen som denne løyvinga går til.

— Vi skal vidareutvikle instruktørutdanninga og satsinga vår på ungdomsringar over heile landet, lovar han.

— Desse pengane forpliktar, og vi skal ikkje svikte. Neste år håpar vi at vi kan få summane vi har søkt om, og som vi kan dokumentere at det er bruk for. Inntil da skal vi glede oss over denne summen, som vi ser på som ein svært oppmuntrande start, avsluttar Johan Einar Bjerkem.

Publisert:

Del: