Rakhmaninovs 3. klaverkonsert og “Vårofferet” av Stravinskij står på programmet fredag 16. mars kl 19.30 på Noregs musikkhøgskole. Klaverkonserten er den unge pianisten Kristian Lindberg sin diplomeksamen som solist ved Musikkhøgskolen. Musikkhøgskolens symfoniorkester speler under leiing av Rolf Gupta.

Kristian Lindberg_2 (Foto: Nicki Twang)

Av Ingrid Holst Sollie, informasjonsrådgiver, Norges musikkhøgskole

Sergej Rakhmaninovs klaverkonsertar, kor den andre og tredje er blant dei mest spelte i klaverlitteraturen, er prega av eit nesten uoverkommeleg krav til tekniske ferdighetar. Særleg har ”Rakh 3” blitt skildra som ein bøyg for pianistar blant anna i filmen Shine.

— Eg valde å spele Rakhmaninovs klaverkonsert nr 3 til eksamen berre fordi eg synes den er så vakker, seier Kristian Lindberg på spørsmål om korfor han vil spele dette ekstremt vanskelege verket.

Om Kirstian Lindberg

I 1997 vann Kristian Lindberg Ungdommens pianomeisterskap, og det påfølgande året var han Noregs representant ved Eurovisjonens konkurranse for unge musikarar i Wien. Sida då har Lindberg vore prisvinnar ved ei rekkje konkurransar.

Han har gitt solokonsertar i Noreg og ein rad europeiske land og deltatt ved mange festivalar. Lindberg har blant anna spilt med Bergen Filharmoniske Orkester, Oslo Camerata og med Kreml kammerorkester i Moskva.

På Musikkhøgskolen har Lindberg studert med Einar Steen-Nøkleberg.

Snudde musikktradisjonen på hovudet

Etter pause speler Musikkhøgskolens symfoniorkester “Vårofferet” av Igor Stravinskij.

Stravinskij snudde den vestlege klassiske musikktradisjonen på hovudet med balletten Vårofferet. Den var det mest nyskapande, barbariske og voldelege eit vestleg publikum hadde blitt presentert for, og det førte til opptøyar.

No blir “Vårofferet” sett på som eit av 1900-talets viktigaste musikalske vendepunkt.

Erfaren dirigent

Rolf Gupta er utdanna komponist ved NMH og dirigent ved Sibeliusakademiet. Han er no kunstnarisk leder for Kristiansand symfoniorkester.

Tidlegare var Gupta m.a. sjefdirigent for Kringkastingsorkesteret og Norsk barokkorkester.

Om bylyder

Konserten er ein del av Musikkhøgskolens spesielle orkesterserie Bylyder – ein satsing for å skape gode musikkopplevingar på høgt nivå for et nytt og yngre publikum.

Difor har konsertane i Bylyder-serien svært lave priser for barn og studentar.

Publisert:

Del: