Den norske fløytisten Gro Sandvik er for tida i USA, der ho har eit års gjesteprofessorat ved University of Iowa. I februar deltek ho ved ein nordisk festival initiert av den amerikanske strykekvartetten Maia Quartet, der skandinaviske og nordiske komponistar og forfattarar står i søkjelyset.

Gro Sandvik 2007

Som utgangspunkt for festivalen, er Maia Quartet sitt fokus på jubileer. Dei fann det for godt å setja seg ned å laga oversikt over nordiske kulturpersonar som nyleg har hatt, eller har, markeringar av ulike slag. Med utgangspunkt i lista under, ynskte dei altså å arrangera festival:

— Hans C. Andersen (1805-1875), forfattar: i 2005 var det 200 år sidan han vart fødd

— Carl Nielsen (1865-1931), komponist: i 2006 var det 75 år sidan han døydde

— Edvard Grieg (1843-1907), komponist: i 2007 er det 100 år sidan han døydde

— Jean Sibelius (1865-1957), komponist: i 2007 er det 50 år sidan han døydde

— Henrik Ibsen (1828-1906), forfattar: i 2006 var det 100 år sidan han døydde

— Niels Bohr (1885-1962), fysikar: i 2006 var det 100 år sidan han vann gullmedalje frå Danmarks Vitskapsakademi

— Søren Kierkegaard (1813-1855), filosof: i 2005 var det 150 år sidan han døydde

— Astrid Lindgren (1907-2002), forfattar: i 2007 er det 100 år sidan ho vart fødd

— August Strindberg (1849-1912), forfattar: i 2007 er det 100 år sidan han skreiv sine kammerstykke (inspirert av Beethovens kammermusikk)

— Wilhelm Stenhammar (1871-1927), komponist: i 2007 er det 80 år sidan han døydde

Ein månad til endes

Den nordiske festivalen byrja 1. februar, og held fram gjennom heile månaden. Om lag 20 arrangement går av stabelen, i form av konsertar, foredrag, forestillingar og anna.

Gro Sandvik medverkar under fleire konsertar, blant anna med framføringa av Johan Kvandal sin blåsekvintett, og hans “Kvartett” for fløyte, fiolin, bratsj og cello.

— Det var helt tilfeldig at Maia Quartet var i gang med sitt skandinaviske prosjekt akkurat nå, jeg visste ikke om det før jeg kom, seier Sandvik til Ballade, som òg uttrykkjer glede over dei mange nye høve i sitt yrkesliv:

— Det er moro å være fri til å gjøre det jeg selv vil – etter 40 års orkester-arbeid! Etter at jeg pensjonerte meg fra Bergen Filharmoniske Orkester, fortsatte jeg som professor på Griegakademiet, og siden har det bare gått unna med turner og CD-innspillinger!

Norske bidrag

Som den einaste andre norske musikaren under festivalen, er pianist Einar Røttingen også invitert. I likhet med Sandvik er han professor ved Griegakademiet. Røttingen vil gje foredrag og halda masterclass under festivalen, og dessutan gje solokonsertar, der han presenterer musikk frå sin relativt  nye solo-CD “Norwegian Variations”, som vart kåra til “Selection of the month” i International Piano mars/april 2006

Sandvik og Røttingen vil òg halda konsertar saman. Dei to er aktuelle med ein ny CD, “Chromos”, som er ei førstegongs innspeling av verk av fem samtidige norske komponistar: Jostein Stalheim, Ivar Lunde, Edvard Hagerup Bull, Olav Berg og Knut Vaage. Forutan musikk frå den nye plata, framfører dei komposisjonar av Edvard Grieg, Harald Sæverud, Geirr Tveitt, og Sverre Jordan.

— Interessen for norsk musikk er stor her borte. Det er spennende å markedsføre fem lys levende norske komponister, med første gangs innspillinger av verkene deres, seier Sandvik.

Her er et utdrag frå programmet

1. februar Kammermusikkonsert

Quintet for Winds, op. 34 — Johan Kvandal

I. Preludium: Largo

II. Presto

III. Adagio ma non troppo

IV. Allegor assai

Iowa Woodwind Quintet:

Gro Sandvik, flute; Mark Weiger, oboe; Maurita Murphy Mead, clarinet; Benjamin Coelho, bassoon; Kristin Thelander, horn

8. februar: Chamber Music Concert  

Assagi — John Helmich Roman

Chris Rutledge, viola

Quintet Op. 79 — Vagn Holmboe

I. Poco Lento

II. Allegro

III. Adagio

IV. Vivace

Iowa Brass Quintet

David Greenhoe, trumpet; Brian Umlah, trumpet; Jeffrey Agrell, horn; David Gier, trombone; John Manning, tuba

Quartet Op. 42 –Johan Kvandal

I. Allegretto con moto

II. Andante tranquillo

III. Allegro assai

Gro Sandvik, flute; Zoran Jakovcic, violin; Elizabeth Oakes, viola; Hannah Holman, cello

Sonata in a minor , Op. 36 — Edvard Grieg

I. Allegro agitato

II. Andante molto tranquillo

III. Allegro-Allegro molto e marcato

Hannah Holman, cello; Ksenia Nosikova, piano

12. februar: kammermusikkonsert

Einar Røttingen, piano

Fartein Valen: Variations, Op. 23

Harald Sæverud: Easy Pieces op. 14

Grieg: Ballade, Op. 24

Geirr Tveitt: Sonata No. 29, Op. 129 “etere”

13. februar

12:30-1:30 pm in Harper Hall, Voxman Music Building

Chamber Music Master Class with Einar Røttingen

1:30-3:30 pm in Harper Hall, Voxman Music Building

Piano Master Class with Einar Røttingen

14. februar: kammermusikkonsert

Gro Sandvik, flute; Einar Røttingen, piano

Selections from 100 Folk tunes from Hardanger op. 150 — Geir Tveitt

(arranged by Sandvik/Røttingen)

Welcome with honour (Vél komne med æra)

Flute Sound (Flyte-ljod)

Christmas Song (Jolasong)

Alas, my girl (Å, naoe meg no fø mi tusta)

Sonatina op. 61 — Sverre Jordan

Allegro Moderato

Andante Expressive

Allegretto Scherzando

Hidden Music (2003 ) — Jostein Stalheim

Sonata No. 1 F major op. 8 — Edvard Grieg

(arranged by Sandvik/Røttingen)

I. Allegro con brio

II. Allegretto quasi andantino

III. Allegro molto vivace

Little Bird’s Waltz (Småfugl-vals) op.18 No 2 — Harald Sæverud

(arranged by Sandvik/Røttingen)

Solveig Sings (Solveig synger) from Peer Gynt Music op 28

Twinnan (Tvinnan) from Peer Gynt Music op 28

Det fullstendige programmet finn du her.

Publisert:

Del: