Idag firast dei fargerike Festspillflagga ned. Gråveret er attende i Bergen. Jonsdottir og Festspillleiinga fortener mange pust i bakken. Med god grunn. Publikum er stornøgde.

Nils Økland

Eg nemnde kor lett det napolitanske ensemblet spelte i forrige veke. Det same kjenneteikna det fransk-italienske ensemblet Seminario Musicale fredag. Eit leikande lett spel. Dirigenten meistra både dirigering og falsettsong. Fascinerande korleis han dirigerte med ryggen til ensemblet. Med auge i ryggen. Samspelet musikarane presterte var veldig godt. Særleg gjorde fiolinistane og songarane eit sterkt inntrykk. På programmet stod fransk og venetiansk barokkmusikk. Corelli sin “Salve Regina” -versjon var interessant. Ensemblet auka intensiteten med den stykkevise oppbygginga av det gregorianske ‘Salve Regina’- temaet.

Å slå vits
Fiolinisten og spelemannen Nils Økland og pianisten Steinar Pedersen gav heile 4 konsertar på Lysøen. Den særmerkte heimen til Ole Bull var åstad. Eit prakteksempel på korleis ein seriøs konsert blir både munter og personleg. Mari Lyssand haldt eit fortreffeleg foredrag om Ole Bull og musikken Pedersen og Økland spelte. Innimellom kom Økland med anekdotiske tillegg. Den muntlege tradisjonen er sterk i det norske folkemusikkmiljøet. Sjeldan ser ein klassiske utøvarar slå av ein vits for publikum. Pedersen brukte pianoet på nye og ukjende måtar for å få ein folkemusikalsk effekt: foten på demparpedallen medan han speler på strengane. Ein suggererande dunkeljod er resultatet.

Strengeleik
Også Andsnes/ Stetslaff-konserten hadde også noko muntert over seg – trass Grieghall-høgtida. Duoen spelte med mange muntre anslag og virtuost samspel. Under ekstranummeret rauk felestrengen på den 3. siste tonen. Stor latter. Ikkje minst på scenen. Framføringa av Schumann si sonate var god. Eit vanskeleg verk dei fekk veldig godt til. Elles på programmet stod Schubert, Bartok og Ravel.

Det er gjenklang i byrommet etter Festspillene. Trass hosting og harking.

Publisert:

Del: