FESTIVALRAPPORT: Verdens nordlegste festival for ny musikk opna i går. Ballade har teke turen til Harstad, og så langt har me fått med oss opningskonserten med Frode Haltli-prosjektet ”Passing Images” samt formiddagskonsert med Maja Ratkje og Affinis. – Akkordeonisten ber prosjektet uanstrengt – og får dei mange uttrykka til å klinga saman – reint, og enkelt og komplekst, skriv Ballades utsende om opninga.

Frode Haltli_siden (Foto: CF Wesenberg)

Av Ida Habbestad

Ny Musikk Harstad står som arrangørar av festivalen, som i år har fjerna den tidlegare inndelinga av konsertane i fargekoder. Årsaka er, som festivalleiar Marianne Beate Kielland påpeikar, at alle konsertane ville fått fargen rosa: “godt i øret”. For dei siste åra har ILIOS sett fokus på å gjera sjangren tilgjengelig for fleire, samstundes som dei sjølvsagt er tru mot ny musikk-sjangren.

Det har resultert i auka vitjartal – og, så langt, i gode konsertar.

Passing Images

Det var Frode Haltli, saman med Maja Solveig Kjelstrup Ratkje, Arve Henriksen og Garth Knox, som sto bak opningskonserten i går kveld. Dei fire utgjer bandet i ECM-innspelinga ”Passing Images”, som vart møtt med fantastiske kritikkar då den kom. Det var soleis med forventning eit tallrikt publikum møtte opp på denne første live-framføringa i Noreg.

Konsert-versjonen sto då heller ikkje tilbake for opptaket, med same verk, oppbyggjing og kvalitet som den mange alt har høyrt innspelt. Snarare var det minst like stemningsfullt å oppleva denne kontemplative drøye timen med bearbeidde folketonar – fleire av dei frå området Haltli hadde si oppvekst – i levande utgåve, med Haltli sine underfundige introduksjonar imellom.

Spanande møte oppstår i verka; mellom folkemusikk, samtidsmusikk og jazz – men òg mellom musikarane. Som når Henriksen og Ratkje med jamne mellomrom fekk stemme og trompet til å likna kvarandre, same om klangen var luftig, stille, brutal eller mjuk.

Enkeltinnslag, som Knox’ smidige overgongar mellom det improviserte og attende til folkemelodien, fascinerte òg. Likeeins den spanande klangblandinga mellom akkordeon og bratsj – om enn dette tidvis resulterte i at Knox framstår meir anonym i dette prosjektet.

Den instrumentale bruken av vokalisten er for øvrig eit sjakktrekk. Ratkje inngår med det naturleg i ensemblet, og samspelet tykkjest meir komplett. Alt ho gjer er reine lydar, og berre ein gong finn ho fram tekst; nokre få strofer frå «Jag haver ingen kärare» trer ut av den abstrakte, mystiske samanhenga på snedig vis.

Gjennom det heile står Haltli i front, med gode arrangement, sterke og opne tolkingar – som av innleiingsverket ”Psalm” eller i det Cage-inspirerte tittelverket ”Passing Images”, der Ratkje står som komponist. Akkordeonisten ber prosjektet uanstrengt – og får dei mange uttrykka til å klinga saman – reint, og enkelt og komplekst.

Rufsete og sjarmerande Weill

Fredag formiddag møtte me Ratkje i ein annan samanheng. Då spelte ho saman med Affinis-ensemblet, som har den originale kombinasjonen av instrument: obo, klarinett, saxofon, trompet, el-gitar, slagverk og piano.

Sidan oppstarten i 1993 har dei spesialisert seg på norsk samtidsmusikk, og det har dukka opp ei rekkje verk kring musikarane som òg tek mål av å framføra verk, som ensemblenamnet tilseier, i grenselandet mot andre sjangrar.

Denne formiddagen var det Weill-songar som sto i fokus, eit lite utval til tekstar av Bertolt Brecht og Georg Kaiser. Konserten var uformell, i foajeen i Harstad Kulturhus, og slik sett høvde den noko rufsete og på mange måtar sjarmerande framføringa bra. Likevel sakna eg kanskje eit hakk meir trøkk både frå vokalist og ensemble – som alle heilt sikkert har meir å by på; Rakje i sine særeigne tolkingar av materialet og ensemblet i dei underfundige, velforma arrangementa av Lene Grenager.

Festivalen i Harstad er berre såvidt i gang. På programmet vidare står møte med artistar som el-cellist Mattias Rodrick, komponist Helle Solberg, Christian Wallumrød Ensemble, komponist Thomas Myrmel, MiN-ensemblet og trekkspelarane Øyvind Farmen og Evelyn Petrova, gjennom konsertar, workshops, gatevandringar og meir.

Publisert:

Del: