– Musikk og dans skapar samhald og lojalitet, forklarte sosialantropolog Alan Fiske ved Sommerøyafestivalen. Kvifor lukkast ikkje Sommerøya med dette, spør Olav Opsvik.

Fra Sommerøya 20. juni, © Olav Opsvik

Godt plassert ut i fjorden i Bjørvika, med utsikt mot Barcode-bygga og det flottaste signalbygget i landet gjekk Sommerøya føre seg –ein elektronikafestival med fokus på dansbar og hipp musikk. På festivalsida står det at dei vil presentere ei breidde av aktuelle elektronikaartistar, og eit ganske variert program var det lagt opp til, med alt frå profilerte house-DJ-ar til våre eigne Broiler-skrullingar.

På programmet var også eit seminar med den profilerte antropologen Alan Fiske, som fortalte om den sosiale effekten av synkron rørsle. Fiskes framlegg kan bidra godt til å forklare kvifor Sommerøya opplevdest som ein mislukka festival i år.

Samhald og lojalitet
Med djup innsikt i mange ulike kulturar og med eit historisk perspektiv forklarte Alan Fiske kva slags rolle synkron rørsle (som til dømes dans) spelar og har spelt for menneske til ulike tider og i ulike kulturar. Hovudpoenget hans kan oppsummerast med at dette har ein relativ lik effekt i dei fleste samanhengar: Synkron rørsle mellom fleire individ skapar ei sterkare gruppekjensle og meir samhald og lojalitet internt i gruppa.

Dermed har fenomenet ei viktig rolle til dømes knytt til hardt arbeid og militær aktivitet. Synkrone rørsler som å marsjere i takt har ein heilt konkret funksjon og kan forklare kvifor slik type disiplin også er vanleg i samband med dagens moderne krigføring. Ein gjer det for å styrke gruppa og for at kvart einskild individ skal prioritere gruppa framføre seg sjølv. Synkronitet gjer oss meir samarbeidsvillige og vi byrjar å like kvarandre betre, i tillegg til at ein føler seg mindre sliten i samband med tungt arbeid, sa antropologen.

Musikk er eit evolusjonsmessig fortrinn
Slik type rørsle kan knytast til handlingar mange pattedyr tyr til, fortalte Fiske, nemleg kjærteikn. Kattar slikkar borna sine, primatar steller pelsen på kvarandre og menneske stryk kvarandre. Desse handlingane, altså det å ta vare på kvarandre, får hjernen til å behandle den andre kroppen som om det er din eigen, sa han.

Synkron rørsle i større grupper kan skape ein liknande effekt, som kan forklare den sterke gruppekjensla som oppstår, sa Fiske. Men der er få artar som utfører slike aktivitetar. Eit døme utanom menneske er delfinar, som også er ein av dei mest sosialt utvikla artane på planeten.

Det blei nærmast parodisk då eg ikkje fekk kjøpe øl utan ein app.

Delfinanes synkrone hopping bleiknar imidlertid i forhold til dei komplekse dansane nokre menneske klarer å samlast om. Og det er her musikken kjem inn: Det er umogleg for ei større gruppe å danse synkront utan rytmar å danse til, la Fiske fram. Musikken er der for å leie oss i komplekse, synkrone rørsler. Slik vert vår evne til å skape musikk eit evolusjonsmessig fortrinn.

For lite publikum
Alt dette kan forklare vår trang til å oppsøke ulike høve til å danse i tette, klamme rom med alt for mange folk. Sosiale sperrer vert oppheva og ein kjenner seg som ein del av noko større. Ein heilt eigen rus oppstår i slike samanhengar.

Men, som Fiske såvidt var inne på, går denne effekten også andre vegen: At vi likar kvarandre og allereie har ein viss felles gruppementalitet er også noko av årsaka til at vi søker saman for å danse. Og det er dette som leiar oss inn på problemet ved årets Sommerøyafestival: Dårleg organisering skapte laber stemning, og nesten ingen av dei svært få som møtte opp dansa.

Musikken som er booka inn til Sommerøya er avhengig av eit visst kvantum av publikum og massesuggesjon for å fungere. Sommerøya lukkast ikkje med å trekke folk i år, så der er eit enormt problem allereie. Vidare er det ikkje berre å setje på musikken: Synkronitet og samhald krev organisering. Utan noka form for programleiing eller dialog med publikum vart det nesten umogleg for dei få som møtte opp å ta initativ eller sleppe seg laus.

Delfinanes synkrone hopping bleiknar imidlertid i forhold til dei komplekse dansane nokre menneske klarer å samlast om.

Samspel må til
Å sjå ein dødsbra DJ, som til dømes Jarle Bråthen eller Andreas Nordenstam, stå åleine på ei scene framfor ein så godt som tom plass midt på lyse dagen blir ei absurd oppleving og skapar ikkje noka trang til å danse.

Slik musikk er laga for svette, mørke nattklubbar. Ikkje for å digge forsiktig medan ein nippar til ei utvatna pils. House og disko treng tett kontakt med andre publikumarar, som igjen skapar eit samspel mellom musikk, DJ og publikum. Ein konferansier som introduserte ulike artistar kunne fungert eit stykke på vegen. Men på Sommerøya verka det som sjølv artistane var usikre på kva som skulle skje.

Rapgruppa Side Brok gjorde ein ganske så god konsert etter forholda, kanskje mykje på grunn av at dei, i motsetjing til dei fleste DJ-ane som er åleine om å skape musikken, kan spele på kvarandre og har live vokal og moglegheit til direkte kontakt med publikum. Gruppa har vanlegvis fullt band, men denne gangen var det kun beats, synth og to rapparar. Slik blei det meir fokus på dei velproduserte låtane, og dei finurlige tekstane til frontmann Runar Gudnason kom betre fram enn elles.

Også Bugge Wesseltoft gjorde eit solosett som vert meir interessant på grunn av dei improvisatoriske elementa. Wesseltoft sampla småspor av alle dei ulike instrumenta han hadde med seg, og bygde langsamt opp suggererande og fengjande rytmer. Men med så lite publikum fekk også han for lite å spele på, slik at rytmane og strukturane han bygde opp aldri nådde eit intensitetsnivå som engasjerte.

I tillegg var dei to scenene plassert lite gunstig i forhold til kvarandre, slik at begge dei omtalte konsertane blei forstyrra av konserten ved den andre scena. Gjenklang frå veggen på Operahuset var også ei utfordring.

Dårleg organisert
Eit sviktande publikum kan ha mange forklaringar, som at vêret ikkje var på topp i helga. Likevel trur eg at Sommerøya må ta dette på si eiga kappe. Profilen til festivalen er for vag, og promoteringa for laber og lite informativ.

Sjå Sommerøya si eiga oppsummering av festivalen:

 

Berre å leite fram programmet for helga på nettsida til festivalen var umogleg inntil eit par dagar før start. Dagbladets festivalapp som det blei vist til er også for krevjande og rotete. Denne var ein avhengig av for å lese seg opp på artistar undervegs i festivalhelga, i staden for programhefte som dei fleste festivalar framleis brukar. Og det blei nærmast parodisk då eg ikkje fekk kjøpe øl utan ein app.

Når det gjeld programmet var der som sagt mykje bra, men berre eit blikk på plakatane rundt omkring i Oslo kan likevel forklare publikumssvikten. Mellom headlinarar som Todd Terry og Fritz Kalkbrenner, som er profilerte DJ-ar med internasjonale karrierar, dukkar Broiler opp. Dermed er det uklart kva slags publikumssegment festivalen eigentleg vil fri til.

Festivalleiinga er seriøst opptekne av kva dei driv med, men har ikkje tatt med seg seriøsiteten ut i organiseringa av festivalen.

Merkeleg programmering
I tillegg virka det som presseansvarleg var overraska då eg møtte opp kl 15 for å sjekke ut settet til den svært talentfulle Mathias Stubø på fredagen. Verken billettluka eller barar var klare, og Stubø, som hadde maks fem publikumarar, måtte konkurrere om merksemda vår med ein lastebil på tomgang. Patetisk.

At Stubø blei plassert på eit slikt tidspunkt er nærmast uforståeleg. Også Alan Fiskes foredrag, som var ein svært god booking, var rart plassert og blei kraftig forstyrra av ein høglytt konsert utan publikum.

Å hyre inn ein dyktig forskar som Fiske for å halde foredrag er imponerande, og viser at festivalleiinga er seriøst opptekne av kva dei driv med. Men dei har ikkje tatt med seg denne seriøsiteten ut i organiseringa av festivalen. Det blir ikkje fest av slikt.

Sommerøya 2014 gjekk føre seg 20. og 21. juni. Alan Fiske heldt seminar 21. juni, medan konsertane nemnt over gjekk føre seg den 20.

 

Publisert:

Del: