I Førde samarbeider musikarar frå Noreg og Kina. Men avstanden til Sverige kan stadig verka stor.

Svanevit-ensemblet, © svanevit.com

Riddaren Sven Svanevit brukte gåter heller enn sverdet for å vinna fram i strid. Svanevit dukkar opp i mellomalderballadar, slike som Svanevit-ensemblet framfører, når dei då ikkje byd på kjærleikssongar eller andre skildringar — om han som spelar best med magen full av ål, eller kaféeigaren som veit best kva kake gjestene hans skal eta.

Musikken til Svanevit-ensemblet er rotfesta ulike stader i Sverige, storparten er frå Skåne og Vest-Götaland. Konserten dei har gjeve under Førdefestivalen er dynamisk, i spennet mellom det leikne og det ettertenksame, opp mot det intense i stykka med sekkepipe. Publikum er tydeleg med.

– Det er spesielt artig å spela for eit folkemusikkpublikum som lyttar med både hjernen og kroppen, meiner Anna Rynefors. Ho er første kvinna i Sverige som har utmerka seg med tittelen riksspelmann på sekkepipe, og den eine av fire i denne konstellasjonen, som har eksistert sidan 2005.

Sameksistens — og særeigne tradisjonar
Når me nokre timar seinare møter dei på folkemusikkgalla er uttrykket annleis. Her er fleire kontinent representert, og i konteksten av rytmisk tett afrikansk musikk og komplekse asiatiske skalaer framstår Svanevit sin musikk meir innettervend. Målt mot den norske musikken kling den òg annleis, jamvel meir kontinental i uttrykket enn vår?

Årets festivaltema i Førde er sameksistens. Meininga er å syna korleis menneske har påverka kvarandre til alle tider. Og likevel — på gallaen er i grunnen mangfald og uttrykksbreidde som vert ståande. Òg i det svenske og norske.

Noreg og Sverige er naboland. Har dette tilhøvet prega den musikalske utviklinga?

– Det er eit omfattande spørsmål: Ein finn sikkert likskapar, men eg trur ikkje du finn så ofte at nordmenn og svenskar spelar i lag med det som mål å blanda uttrykka, svarer Maria Larsson, felespelar i Svanevit.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Kvifor er det ikkje større påverknad mellom kulturane?

– Det spørsmålet har fleire moglege inngangar, svarer Erik Ask-Upmark, harpist og sekkepipespelar og mannen til Rynefors.

– Ein kan for det første seia at det finst påverknad. Somme musikarar, som Daniel Sanden Warg, har gått til «den andre sida» og dukka ned i det norske. Tilsvarande finst det døme på det motsette.

Men då blandast ikkje musikkformene i seg, berre musikarane sin nasjonalitet?

– Jo, men det i seg er likevel ei form for kontakt. Så har det vore påverknad i grenseområda. Musikken i Värmland liknar til tider på den frå andre sida av grensa. Lenger nord har ein har hatt kontakt med Hamar og Røros. Og når det gjeld mellomalderballadane, finst dei i variantar i heile Skandinavia, svarer Ask-Upmark.

– Meir generelt er det lite samanblanding. Eg trur ein kan seia at folkemusikken, trass globaliseringa. først og fremst eit lokalt fenomen, der noko av poenget er at ein fokuserer på sin tradisjon, sitt område.

Les også om Førdefestivalen: Notorisk nysgjerrig

Likevel meiner musikarane i Svanevit at somme skilnader fører til påverknad.

– Det finst til dømes ein lang tradisjon for storsongarar i Noreg, at ein syng i det offentlege rommet, og jamvel tevlar om å vera den beste. I Sverige er ikkje dette på same måten. Songen har vore plassert i heimen, seier Anders Larsson, songar og gitarist i gruppa.

Døme på Svanevitballade, fremført av Svanevit-ensemblet

Det finn eg underleg ettersom Sverige har slik ein sterk visetradisjon?

– Ja, men det gjeld den litterære visa. Dette er ein annan sjanger, slik er den sterke kategoriseringa i Sverige. Det er kanskje derfor ein songar som Kirsten Bråten Berg har vore mellom viktige inspiratorar for mange songarar i min generasjon, svarer han.

– Og statusen folkemusikken har oppnådd i det norske samfunnet i dag, skulle me gjerne ha teke med til Sverige, seier Rynefors.

Les også: Intervju med folkemusikeren Ragnhild Furebotten

Møte mellom ideal
Om Svanevit ikkje representerer eit møte over landegrenser, representerer dei eit anna møte, mellom ulike sjangrar. Før samarbeidet i Svanevit har Rynefors og Ask-Upmark arbeidd mykje med tidlegmusikk, medan Maria og Anders Larsson mest har fokusert på folkemusikk åleine. Saman spelar dei ein folkemusikk påverka av kunstmusikalske ideal.

– Det er artig korleis desse ideala kan gå inn i kvarandre. Frå instrumenta våre kjem mykje naturleg. Både sekkepipe og nykjelharpe er typiske borduninstrument, dei gjev desse lange, uendra tonane som ligg der i forløpet, slik ein kan finna i mellomaldermusikken, seier Ask-Upmark.

– Dette, og fleire andre hint av mellomalder, renessanse, og barokk gjer at dansemusikken ikkje lenger er utgangspunktet, slik det ofte er i folkemusikk. Det er ikkje éin spelemann som speler éi stemme, men fleire, med fleire stemmer, seier Maria Larsson.

– Og kven veit — mykje av musikken me spelar kom til på same tida. Kanskje var den i utgangspunktet nærare kvarandre enn me har kunnskap om i dag, undrar ho.

Tubakrisen: Dårlig stemning på konferanse

Ikkje lenger misjonærar
Kanskje er påverknaden meir utbreidd enn me veit om, avhengig av korleis ein definerer den. Eitt av paradoksa i vår globaliserte verd er at skandinavar har stadig større vanskar med å forstå kvarandre. Likevel finn ein nordiske folkemusikkmøte — og, meiner Svanevit, ei anna haldning og opning for påverknad i den unge generasjonen.

– Ein ser at dei yngre syner stadig større interesse for folkemusikken, gjennom spel og som publikum på festivalar, seier Rynefors.

– Dette publikummet nærmar seg musikken som underhaldningsmusikken den er. I min generasjon har mange gått rundt som misjonærar, med folkemusikken som politisk statement: Ein spelar for å gjera merksam på at musikken er viktig. Dei unge spelar musikken fordi dei likar den, og gjer med den slik dei vil. Det er forfriskande, seier Anders Larsson.

– Festivalane som er mynta på denne generasjonen blandar oftare sjangrar. Det er ganske nytt i Sverige, men essensielt for at fleire skal verta interessert i ulik musikk, og heilt i tråd med korleis folk lyttar i dag, seier Ask-Upmark.

Siste nytt fra musikkbransjen rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Han meiner skandinavar — om dei enn er langt frå kvarandre heime — kjem nærare kvarandre i utlandet.

– Me reiser meir på turné i dag, og i eit slikt perspektiv vert likskapane større. Møtast ein musikar frå Noreg og Sverige på festival i Kina, vil dei naturleg søkja saman. Det internasjonale publikummet ser desse begge uttrykka som skandinavisk eller nordisk, seier han.

– Eg trur me vil sjå tettare samarbeid i framtida. Så gjenstår det å sjå om ein lukkast i å halda på det som faktisk skal bevarast — detaljane i det stadspesifikke, som gjev musikken særpreg, seier Anders Larsson.

– Me ynskjer jo gjerne utveksling, men ikkje at alle spelar likt.

Publisert:

Del: