– Med budsjettforslaget frå kulturminister Trond Giske tek folkemusikken og folkedansen i Noreg eit viktig skritt framover. Med 1,5 mill kroner i 2006 vil Riksscena komme opp og stå, og med eit slikt klart signal frå den nye regjeringa ligg det til rette for vidare oppfølging av tiltaket frå staten si side ved neste korsveg. Me er glade for at Stoltenbergregjeringa no har starta arbeidet med å følgje opp Kulturløftet, sier leder for Riksscene-utvalget, Maria Høgetveit Berg,

Maria Høgetveit Berg (Foto: Kvinten)

Dette er ein glad dag for alle som er opptatt av at folkemusikk og folkedans skal bli verdsett som kunstnarlege uttrykk på lik line med andre kunstformer, seier styreleiar Halvard Kaasa i Norsk Folkemuskk- og Danselag i ein kommentar til budsjettframlegget.

I det reviderte statsbudsjettet for 2006 frå Trond Giske kan ein mellom anna lese:

”En nasjonal scene for folkemusikk og folkedans vil være et viktig element i realiseringen av Schous-kvartalet som kulturkvartal. Regjeringen foreslår en bevilgning på 1,5 mill. kroner til tiltaket.”

Utvalet som no arbeider med konkretisering av etablering og drift av Riksscena vil med det fyrste leggje fram forslag til vedtekter og driftsform til høyring i folkemusikkmiljøet, og så vil det med denne løyvinga ligge til rette for etablering av verksenda på nyåret, kan vi lese hos folkogdans.no. Det er Jan Lothe Eriksen er sekretær og prosjektleiar for arbeidet.

Av det Giske foreslår for 2006 – i tillegg til det som kom frå Valgerd Svarstad Haugland tidlegare i haust – er det desse postane som får verknad for folkemusikken og folkedansen, i følge Folkogdans.no:

· 1,5 mill kroner til styrking av arbeidet med å etablere ein nasjonal scene for folkemusikk og folkedans i Oslo

· innkjøpsordninga for fonogram: 1 mill. kroner

· tilskot til fri scenekunst: 5 mill. kroner, inkludert 2 mill. kroner til ei tilskotsordning for dans

· festivalstøtte: 3,5 mill. kroner

· støtte til musikkensembler: 2 mill. kroner

· Musikkverkstadordninga: 2 mill. kroner

I tillegg kjem 20 mill kroner til Utanriksdepartementet sin kulturelle satsing i utlandet og til departementet sin eigen informasjonsverksemd – alt dette i følge www.folkogdans.no.

Publisert:

Del: