av:

Publisert:

Del:

I samband med Festspillene i Bergens si nypremiere på Geirr Tveitts restaurerte ballettmusikk “Baldurs Draumar,” har Ballade her den store gleda av å gjengi Reidar Storaas’ store og interessante Geir Tveitt-artikkel frå årets festspillprogram.

Geirr Tveitt
Geirr Tveitt

Den Geirr Tveitt-bylgja som no rullar fram, kan ha fleire årsaker. Ein stor del av notematerialet som var i ustand då han fall frå, er ordna og tilrettelagt for praktisk bruk. Familien har gjort ein stor innsats. Offentlege og private midlar er sette inn i restaureringsarbeidet. Fengsla av komponistens originalitet har musikkvitarar, dirigentar og pianistar engasjert seg i arbeidet med å gjera partitura tilgjengelege og lydfesta musikken. Internasjonale plateselskap opnar ein vid marknad for Tveitts fascinerande toneunivers og gjev ut nye cd-innspelingar i raskt tempo.

Geirr Tveitt var den mest fargerike musikkskaparen i sin generasjon – og den mest produktive. Det var difor ein botnlaus tragedie at bustadhuset på garden i Norheimsund, der han samla dei fleste originalnotane sine, brann ned til grunnen i juli 1970. Ei rekkje orkesterverk kom bort i lauselden, likeeins det meste av kammermusikken og alle klaversonatane så nær som den eine trykte, den visjonære Sonata etere nr. 29. Trass i slik ei syrgjeleg desimering av opuslista er det ein omfattande katalog som står att etter tonediktaren.

Geirr Tveitt åtte det åndelege vengespenn og den fantasiens flukt som særkjenner kunstnarar med ein flik av genialitet. Strid og sta, ja visst – til liks med Beethoven, Munch og Picasso. Ingen lageleg mann, enkel å ha med å gjera. Tverr og sær, tykte somme. Dei opplevde ikkje den andre Geirr: eit eventyr av generøsitet og festvitas, eit menneske som formidla sterk varme og vedunderleg humor, ofte med sjølvironisk svip. Slikt sinnelag kunne han berrleggja når han kjende seg i trygge omgjevnader, mellom folk han hadde tiltru til.

Kunne ein berre vere eit lite skot på kunstens veldige tre, så ville det vera stort.

I botnen var han smålåten, audmjuk på vegner av eigen musikk. Han stygdest ved kunstnarkollegaer som hyste gilde tankar om seg sjølve og trudde dei kunne veksa beint
inn i himmelen. For eigen part ytra han eit fromt ynske: kunne ein berre vere eit lite skot på kunstens veldige tre, så ville det vera stort.

Kompromisslaus og sjølvrådig var han alt frå unge år då han kvitta seg med døypenamnet Nils og tok Geirr som sitt eige. Dessutan: Tveit heitte mange. Han ville ha noko heilt for seg sjølv, eit namn å vera åleine om. Ein ekstra t gjorde skilnaden.

Ein kar som både på mors- og farssida hadde ætterøter fastgrodde i Hardanger. kunne knapt vedstå seg at han kom til verda i Bergen by. På Nordnes. Der budde huslyden til guten var fire. Etter ein vinter på Lofthus kalla dei faren Lars Tveit til styrar på Danvik kristelige ungdomsskole der han var i ni år før han tok lærarpost i heimbygda. I Drammen fekk Geirr alle sine folkeskuleår og lærde eit anna språkleg tonefall og saug i seg eit anna landskap enn det vestpå. Oppveksten skjedde i ein kristen, kulturopen heim med rik tilgang på bøker, bilete og musikk. Heimskringla og Edda vart han fortruleg med i gutedagane, til liks med dei nynorske diktarane. Slike litterære kjelder bar han med seg inn i toneverkstaden der ein frodig fantasi transformerte impulsane til musikalsk dikting.

Gymnastida på Voss og miljøet der gav nye kulturelle stimuli, ikkje minst nærkontakt med hardingfela. Han spela i og styrde sitt eige orkester, Vesle-Frikk. Avskriving av klassiske orkesterverk gav innsikt i kompositoriske prosessar. Han prøvde seg med eigne symfoniar og opera. Dei hamna i omnen etter kvart. Til nestor i norsk musikkliv, Christian Sinding, vende han seg med eit lite harmoniseringsarbeid. Kunne meisteren her sjå om det var noko som peika ut låm og lei for ein rådvill ungdom?

Sinding øygna eit talent bak dei få notelinene og sende gymnasiasten eit utførleg svar. Tilråding frå meisteren opna veg til det tradisjonsrike konservatoriet i Leipzig. Der fekk Grieg si utdanning, og seinare dei fleste med posisjon i norsk musikkliv. 20-åringen stilte seg i rekkja. Utan noko slag formell musikkopplæring i ryggen sette han seg under kateteret til dei fremste komposisjonsprofessorane i Europa. Ein hard skule, men eleven var trottig, vann innsikt og fekk tidleg vist sine evner.

Komponistdebuten kom i april 1931 då dirigenten Szendrei framførde Klaverkonsert f-moll med Leipig symfoniorkester og amerikanaren Herman Berlinski på solistplass. Konserten fekk lovord i tysk presse. I mars året etter spela Ingebjørg Gresvik verket både i Harmonien” og i Oslofilharmonien. Harald Sæverud var då fast musikkmeldar i Bergens Tidende. Han likte det han høyrde. “Konserten er et forsøk på å fylle de store former med uforfalsket norsk musikk, med folkevisestemning og slåtter som bærende grunnlag. Det kan falle dårlig ut og
virke lettkjøpt, men Tveit har gjort det meget morsomt med en pianistisk takknemlig solostemme og meget talentfull instrumentasjon… Som helhet var verket meget velskapt, morsomt og takknemlig.”

Tolv tvorøystes fyristudiar låg alt då føre på Breitkopft & Hortel. Dette var musikk som varsla noko nytt og bar bod om eit talent utanom det vanlege. Tonegangar av liknande slag fekk publikum i øyra då komponistpianisten stilte opp for fyrste gong i ein norsk konsertsal, i Handelens og Sjøfartens Hus 2. mars 1934, med eigne slåttar og felespelaren Halldor Meland som medverkande. To-, tre- og firerøystes invensjonar, to hallingar og kadensar frå tre klaverkonsertar var nytt, ukjent stoff, men det gjorde lukke. Kritikarane vedgjekk at dei “blev helt revet med av de spenstige rytmer” frå denne “rike begavelse”. Berre nokre dagar seinare presenterer Harald Heide og Harmonien Konsert for strykekvartett og orkester, “eit både forvitnelegt og mykje sermerkt tonestykke, som bar bod frå ei rik skaparsjel og ein mangslungen fantasi – og som dertil kjenner dei orkestrale verkemidlar på alle vis.” (Arne Bjørndal)

Dei fire studieåra i Leipzig, eit opphald i Paris med sterke opplevingar på ulike plan og deretter eit utbyterikt studium i Wien, har gjort Geirr Tveitt til ein velutdanna komponist. På leiting etter fotfeste i heimleg musikkliv slår han seg førebels ned i familien si hytte i Norheimsund. Her utviklar han eit stort verk med rot i Edda, Baldurs draumar. Etter ein vinter og to set han bu i Oslo der han utfaldar seg som pedagog, kritikar, pianist og komponist (ei nemning han sterkt mislikte og veik unna så godt det let seg gjera).

Attpå arbeider han med teori. Ei avhandling han har ført i pennen har fått ros frå dirigenten Felix Weingartner og framståande musikkvitarar på Kontinentet. No vil han ta doktorgraden på Tonalitätstheorie des parallelen Leittonssystems (Gyldendal 1937). Men når domsnemnda etter hans meining viser ukunne om sentrale spørsmål og kollegiet nektar å skifta ut juryen, dreg forfattaren avhandlinga attende. Ein lærestol i musikk er på denne tida
i emning ved Universitetet i Oslo. Geirr Tveitt meiner han er kvalifisert for embetet, men ser i augo at vegen vert stengd. Bitre kjensler set seg fast.

Om den musikkvitskaplege forskaren lyt gje tapt, er toneskalden Tveitt i rik bløming. Karrierestigen står bratt i dei seks åra frå han busette seg i Oslo midt på 30-talet til han forlet byen. Ein straum av Tveitt-verk når ut til publikum før han set punktum med operaen Dragaredokko i Harmonien og Filharmonien vinteren 1940–41. Desse er dei siste offentlege konsertane han gav i krigsåra.

Baldurs draumar blir utropt til den store musikkhendinga i Oslo 1938.

Baldurs draumar vart presentert som koreografisk drama i ulike utgåver, for klaver og for symfonisk besetning, med og utan songsolistar. Noka sceneoppsetjing med dans lukkast det aldri å få i stand. Sjølv framfører Tveitt pianoversjonen i Leipzig, Thübingen og Berlin 1935. I brodden for 100 manns orkester dirigerer han det i Oslo to kveldar for fullsett Aula. Suggererande stemningsrik og vakker musikk gjer sterkt inntrykk. Baldurs draumar blir utropt til den store musikkhendinga i Oslo 1938.

I 1941 rømer Tveitt frå hovudstaden og set bu på odelsgarden i Hardanger. Langt oppe i ei veglaus li, nær snaufjellet, 230 meter over sjøen og med det herlegaste utsyn over fjord og fjell og kvite bre, reiser han eit originalt byggverk. Stova er ein konsertsal mellom seks svære spegelglasruter. Her i Bjødnabrakane får han all den arbeidsro han søkjer. Musikken ollar fram – operaer, instrumentalkonsertar, symfoni, orkesterverk og songar i stort tal. No lagar han óg det verket som skal føra namnet hans lengst ut i verda – tilskipingane av folketonar frå Hardanger.

I folkedjupet låg uttrykksglede og melodisk evne. I hundretals år hadde anonyme tone- og versemakarar spikra i hop geniale strofer til hygge i arbeid og fest. Tonane gjekk vidare til nye ættleder. Opphavleg kan det ha vore musikk laga på munnharpe, fele, langeleik, fløyte eller bukkehorn. Då desse instrumenta gjekk or bruk, vart melodiane førde vidare i vokal tradisjon med tekst som skifte etter tid og høve.

Her kom då ein kyndig mann som visste å utnytta stoffet i moderne kunstmusikk. Tveitt let dei traderte melodiane stiga fram kvar for seg, berre “téskjipa” som han sa, og tilførd den instrumentale kunnskapen og fantasirikdomen han sat inne med.

Alt i 16 års alder skreiv Geirr ned sin fyrste folketone etter ein eldre mann i Vikøy. Huldrahaugjen sto på debutprogrammet i 1934 og fylgde med inn i opus 150. På den tid samla han eit stort tal folketonar, eit arbeid han førde vidare i krigsåra. Over tusen tonar skal han ha skrive ned. Mellom likt og ulikt valde han ut dei mest særmerkte forteljande visene. Geirr Tveitt såg glimesteinane i tilfanget. Medan tidlegare komponistgenerasjonar auste av innsamla tradisjonsstoff og brukte det uhemma i symfoniske og rapsodiske verk, fører Tveitt trufast opp sine heimelsmenn med namn eller initialar. Der kjelde vantar, er det gjerne komponisten sjølv som løyner seg attom komposisjonen.

I hardingtonane er Tveitt på si høgd. I knapp forma kjem poengterte karakteristikkar i eit frodig instrumentalt språk, ofte med forbløffande klanglege resultat. Slik unngår han heilt den stampande rytmen og dei tette kraftakkordane som stundom tek luven frå han og hindrar framdrifta. I mogne år hadde Tveitt ein tendens til å overarbeida verka sine, det førde til ein overlessa og “feit” orkesterklang som stundom dyljer for melodisk struktur, og dermed svekkjer heilskapen. Dei bevarte ungdomsverka har gjerne ei meir stringent og avslutta form og vinn klårleik på det. Likevel er det alltid noko særs ved Tveitts musikk. Originaliteten røper seg i kvar takt.

Hausten 1940 tek Geirr Tveitt eit fatalt feilsteg. Han let seg oppnemna til konsultativt råd for musikklivet, der han er formann. Då dei andre i rådet trekte seg, heldt han fram som statens musikkkonsulent fram til 1942. Dette ombodet får langvarige negative fylgjer for komponisten og konsertverksemda hans. Etter krigen møtte han stengde dører her heime, lagnadstungt for ein kunstnar som treng tillit for å kunna fungera i samfunnet. Utanlands lyt han for å letta på den musikalske trykkkokaren. Ein trufast ven og mesén, skipsreiar A. F. Klaveness, yter raus hjelp slik at tonediktaren kjem seg ut or den øydeleggjande karantenen. Han søkjer større forhold, eit opnare miljø. I Paris har han vener. Dit dreg han for å presentera nokre hovudverk frå åra han har vore innestengd: Klaverkonserten Nordljos, sonatar og utvalde folketonar: Velkomne med æra, Friarføter, Storskrytarstev, Uventa brudlaupssjau, Langeleiklåt, Fjedlmansjento og Hardingøl. “Useieleg vakker musikk”, skriv pressa. Nordmannen vert helsa velkomen som “Nordens Bartok”.

Suksessen i verdsbyen innleier ei rekkje konsertturnear i Sør-Europa dei næraste åra. Pianisten og dirigenten framfører eigne verk i Frankrike, Spania, Portugal, Marokko, Tunis, Algerie, Monaco, Italia. Notar av Grieg, Liszt, Chopin og andre er med i bagasjen. Med urframføring av Klaverkonsert nr. 5 i Paris våren 1954 er turnélivet slutt og klavervirtuosen legg inn årane. Intenst grep om notepennen øydelegg pianisthendene. Den hardtarbeidande
komponisten driv pianisten ut frå podiet. I staden kjem markante verk frå tonesmia. Den fyrste av to konsertar for hardingfele og orkester, og operaen Jeppe vert tinga av Festspillene i Bergen. Også suite nr.2 og 5 av Hardingtonar og balletten Husguden vert uroppført her. Fram kjem også orkestersongen The Turtle til Steinbecks prosatekst, Tri fjordar, harpekonsert og mangt anna.

Bjødnabrakane er ein vakker stad på jorda for den som søkjer arbeidsfred, utsynet er makelaust. Tungvint er det likevel å bu her, ikkje minst i snørike vintrar med hard frost. No flytter Geirr og familien ned til heimetunet på Tveit. Gamlestova som forfedrane har budd i gjennom fleire generasjonar, byggjer han inn i eit nytt stort bustadhus. Byggjesaka aukar det økonomiske presset. Komponeringa kastar ikkje nok av seg, han må finna arbeid utanom si private skrivestove.

Fast kontrakt med NRK opnar ein ny livsfase. For radio lagar han diktarportrett av nærskylde forfattarar – kjende frå unge år, slike som Anders Hovden og Herman Wildenvey. Jakob Sande vert ein god ven. Likeeins Olav H. Hauge. Han søkjer samband med Falkberget, Øverland, Fønhus, Vesaas. Alle kjenner det ærefullt å verta tonesette av Geirr Tveitt. Ikkje minst vers av Aslaug Vaa og Aslaug Låstad Lygre inspirerer til tonegangar med status mellom dei finaste i norsk visekunst, slike som So rodde dei fjordan og Vi skal ikkje sova bort sumarnatta. Det siste han skreiv var ein bukett Bruheimsongar i 1977.

Komponisten døydde i Oslo, der han budde dei femten siste åra. Han ligg gravlagd ved Vikøy kyrkje.

Ofte vart Geirr Tveitt møtt med fordomsfulle holdningar som i nokon grad hekk i hop med motsetnader innanfor musikkmiljøet både før, under og etter krigen. Tveitt vart sett i bås som “ekstrem nasjonalist”, ein karakteristikk med odiøs tyding, lett å assosiera med visse politiske tendensar. Måten han brukte norrøne kjelder, vart vurdert som blindspor. Revitaliseringa av Baldurs draumar viser at det langt frå er tilfelle. Tveitt var ingen heimføding eller musikalsk sjåvinist. Lange opphald i utlandet og generell internasjonal orientering gav både innsikt og utsyn. Om han kanskje nytta seg av smidigare formuleringar i mogne år, sto han fast i hovudsynet frå ungdomstida. Vår nasjonale musikkkultur laut byggja på norsk tonekjensle slik den ovra seg i vokal og instrumental folkemusikk, særleg slåttemusikken. På denne grunnen sto han urikkande.

Fleire vitskaplege arbeid om Tveitt er no på veg. Me kan venta ei interessevekkjande revurdering av denne musikken når ein ny generasjon forskarar, lausrivne frå miljømessige bindingar, legg fram resultat av si gransking.

BALDURS DRAUMAR VART FRAMFØRT I GRIEGHALLEN 23. MAI KL. 19:00.
Med Stavanger Symfoniorkester,
Ole Kristian Ruud, dirigent
Solveig Kringlebotn, sopran
Ulf Øien, tenor
Magne Fremmerlid, bass
Jon Eikemo, opplesning