Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen har med utgjevinga “Gåtesong” teke utgangspunkt i ulike type vekselsongar frå folketradisjonen. Gåteviser frå mellomalderen er eit hovudtema på plata. I tillegg har andre poetiske mellomalderviser, stev og bornesongar funne ein naturleg plass i repertoaret. Duoen er óg Månadens artist i Norsk folkemusikkatalog.

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen: "Gåtesong" (Etnisk Musikklubb, 2005)

Norske gåter og gåtekampforteljingar i norrøne gudesegn har parallellar i eldgamle kulturar som til dømes Hellas og India. Tradisjonen som framførast på “Gåtesong” kan såleis seiast å vera ei grein av eit globalt kulturminne. Ei av gåtene Buen Garnås & Halvorsen har i stevform er gåta om morgonsola, også kjend frå jødisk og indisk tradisjon:

“Det stend eit tre i Billingsberg, druper utivi hav. Hennes greinir lyser som gull. Du gjet ikkje det i dag.”

Billingsberget (bildingsberg) er havet som speglar av himmelen. Treet og greinene er dermed sola og solstrålene som renn opp over havet.

I 1924 gjorde Rikard Berge eit voksrullopptak med Kari Dale frå Seljord. Ho song inn eitt brot av ei gåtevise. Dette opptaket er unikt i sitt slag, og det er truleg den fyrste lydfestinga av ein fleire hundre år gamal gåtevisetradisjon.

Gåtevisene var på denne tida i ferd med å gå ut av bruk, tillike med annan eldre songtradisjon. Stoffet på plata er ei blanding av munnleg tradisjon, arkivopptak frå 1900-talet og nedskrifter frå midten av 1800-talet.

Ingvill Marit Buen Garnås kjem frå Bø i Telemark og vaks opp i ein familie med rike folkemusikktradisjonar. Ho er dotter av Agnes Buen Garnås, og har m.a. samarbeidd med henne, bror sin Per Anders Buen Garnås, Anders Erik Røine og Nils Økland. Ho har vunne Landskappleiken to gonger (1999, 2003). Sist (2005) blei ho nr. 2, hakk i hel med ikkje ukjende Kirsten Bråten Berg. Ho bur i Venabygd i Gudbrandsdalen.

Jon Anders Halvorsen kjem frå Lunde i Telemark, og har studert folkemusikk på Ole Bull Akademiet. Han har vunne Landskappleiken ein gong (2002). Han er medlem av folkemusikkgruppa Dvergmål, har eit duosamarbeid med gitaristen Tore Bruvoll og har ei av hovudrollene i Tryllefløyten – ein folkeopera (Tamino/Prins Sveinung) med premiere på Den norske opera 14. oktober 2005. Han bur i Oslo.

Dei to kvedarane hadde urframføring av programmet Gåtesong på Telemarkfestivalen i 2002. Etter den tid har dei utvida repertoaret for nye konsertar, og no plate. Gåtevisene og steva har vore i bruk frå mellomalderen fram til vår tid. Dei inneheld ofte poetiske og underfundige naturskildringar og glimt av gamle levesett. I tillegg til gåtevisene føyde dei etterkvart til fleire mellomalderballadar med vakre dialogar og draumeaktige vers. Dei fantasifulle bornesongane slutta seg mest til av seg sjølve.

Ingvill Marit Buen Garnås og Jon Anders Halvorsen opptrer på Àrinn-festivalen i Kristiansand 3. september. Du kan lese meir om Árinn, som mellom anna er eit samarbeid mellom Norsk Folkemusikk- og Danselag og Valle og Bykle kommune, Setesdal Regionråd, Aust- og Vest-Agder fylkeskommune og Cultiva, på denne nettsida.

Utgjevinga har kome inn under Norsk Kulturråds klassikerstøtte.

Publisert:

Del: