KONSERTMELDING: Innimellom ei rekkje urframføringar, baud gårsdagens konsertrunde òg på ein serie eldre verk. Her var komposisjonar som ”Suite i gammel stil” av Christian Sinding, fiolinsonate av Bela Bartok, og Beethovens ”Strykekvartett op 131” frå 1826. – Kva er det me definerer som det nye?, spør Ballade sin meldar i denne artikkelen.

Ultima Ung, Coucheron/Foto: www.ultima.no

Av Ida Habbestad

Ein kan spørja seg om kva komponistar som Christian Sinding og Bela Bartok gjer på eit Ultimaprogram. På veg til den første Ultima Ung-konserten i Oslo Konserthus’ lille sal var det dette spørsmålet eg hadde i tanken.

David og Julia Coucheron, med fiolin og piano som sine respektive instrument, skulle nemleg framføra verk av dei ovannnemnde, samt komposisjonar av Johan Kvandal og Luciano Berio. Sistnemnde var opphavsmannen bak kveldens nyaste verk, skrive i 1976.

Hadde konserten funne stad på ein kva for helst annan kunstmusikalsk festival hadde eg funne musikkutvalet sprekt, men i denne settinga utgjorde programmet eitt av dei meir konservative.

Problematikken førde tanken innom kva me definerer som det nye. Er årstalet for når komposisjonen er ferdigstilt viktigare enn verket sjølv i ei slik vurdering? Finst der noko tydeleg skilje mellom kva me opplever som nytt og kva som er gamalt? Og når vert noko for gamalt til å bli framført under ein festival for det nyaste nye?

Vel benka på Coucheron-enes konsert fann eg snart aksept for framføringane av Bartok sitt verk frå 1944 og Kvandal sitt frå 1964. Dei har framleis ein viss aktualitet, og dukkar ikkje opp på konsertprogram i utrengsmål. Men eg fann stadig Sinding sin ”Suite i gammel stil” som ein odde representant på programmet – og eg kom heller aldri fri frå tanken om kvifor utøvarane gav seg der – og let Berio vera sistemann ut?

Uansett gjorde dei det godt, dei to unge utøvarane – fødde i høvevis 1984 og 1986. Særleg imponerande var David si framføring av soloverka for fiolin; første sats av Bartok sin fiolinsonate og Berios ”Sequenza VIII”. Begge er særs virtouse og krevande verk som Coucheron framførte med stort overskot, og ikkje minst med ein krystallklår artikulasjon som tydeleggjorde alle nyansar.

Nye verk for kvarttonemarimba

Ein tilsvarande kraftprestasjon fekk me oppleva under konserten til Kjell Tore Innervik same kveld. Innervik er for tida stipendiat ved Norges musikkhøgskole, der han utviklar eit nytt instrument; kvarttonemarimbaen. I tillegg legg han ned store ressursar i å få skaffa til veges nytt repertoar for instrumentet.

I kontrast til formiddagens konsert vart det, med unntak av Bjørn Fongard sitt verk frå 1964, utelukkande framført verk frå det 21. århundret; fleire av dei urframføringar.

Mellom desse fanst ”Respicio” av Ragnhild Berstad, som eg meiner burde få ein sjølvskriven plass på kvarttonemarimba-repertoaret – med utforskingar av sjøsjuke kvarttoneklangar, dialogar mellom det elektroniske og utøvaren, alt framført i eit stort akustisk rom.

Eit anna utforskande verk var Henrik Hellstenius sitt ”Personality & Essence”, der han let ein innspelt samtale med Innervik om hans eigne refleksjonar kring det å vera utøvar liggja til grunn.

Konseptet vart ein reflekterande Innervik i dialog med den utøvande Innervik, og etterkvart melde dessutan komponisten sjølv – i live-versjon – seg inn, med betraktningar om å hugsa seg sjølv, og om kor vanskeleg det er å finna konsentrasjon.

Utøvaren i djup konsentrasjon gjennom eit konsertforløp kan sjåast som idealtilstanden for det å vera menneske, meinte Hellstenius, og nemnte til slutt nokre grunngjevnader for korleis han hadde tenkt verket. Mot slutten gjekk så dei to over til ein (improvisert?) samtale der dei diskuterte dette.

Fleire ting opplevdest problematisk i stykket, mellom anna den noko uforløyste avslutninga, der utøvaren nokså enkelt annonserte at han måtte rekkja neste konsert, og gjekk.

Vidare kan ein spørja seg om kva plass musikken hadde i dette verket. Tekst og musikk var plassert i brokkar mot kvarandre, men der teksten var høgst meiningsfull, opplevde eg ikkje det musikalske som noko meir enn fyllmasse mellom det tekstlege. For meg kunne verket dermed like gjerne berre bestå av denne samtalen – og stadig vore like interessant.

Uansett skapte verket forfriskande refleksjonar – og ein gjekk vidare i konsertkvelden med kjensla av å ha blitt utfordra.

Kontekst

Under Ultima Ung-konserten aksepterte eg ikkje Sinding sin gamle suite som aktuelt Ultima-program. Men sidan eg så greitt gjekk med på programmeringa for øvrig, meinte eg bestemt at det kunne ha med årstal å gjera. Såframt verket var komme til etter den magiske grensa av det 20. århundret, fekk det passera, var tanken.

Kveldens konsert med Arditti-kvartetten kom elegant til å motbevisa dette. Arditti-kvartetten innleiia nemleg sin konsert med eit endå eldre verk, Beethovens Strykekvartett Op 131 frå 1826, før dei etter pause, i lag med komponisten sjølv, framførte Ole Henrik Moe sin syklus ”Vent litt lenger”.

For meg var det ikkje lenger spørsmål om verkets alder, men om ein konstellasjon som fungerte. Samanstilt med Beethoven-verket (som mellom det mest radikale Beethoven skreiv stadig kling nytt), var Moe sitt verk å betrakta som lysår unna kva gjeld mogleg klangproduksjon på strykarinstrument – ein ny æra, nærast av kvit støy, klangar, tidsforløp, alt framført av den magiske Arditti-kvartetten, og den dertil fantastiske Moe som solist

Konklusjonen får vera at konteksten er det viktige. Der dagens første konsert mangla den ultimate brodd – av di det gamle ikkje fekk gå i dialog med verka av i dag, som glimra med sitt fråvær – gav det eldre verket under den siste konserten både fråspark og historisk relieff til kveldens urframføring.

Publisert:

Del: