Kva musikk får du om eit orkester improviserer med den klassiske musikkhistoria som referanseramme? Det Norske Blåseensemble og Geir Lysne har sett seg føre å gi den klassiske musikaren tilbake fridomen.

Det Norske Blåseensemble, © Veronica von Groningen

– Då eg vart spurt om å vere kurator bestemte eg meg for at no skal vi gjere noko ingen andre institusjonsorkester gjer. Bort med alle notar, bort med komponistar, bort med dirigentane – å ta tilbake kunstnarskapet, musikarane.

Ei god toglinje er ikkje nødvendigvis eintydig med ei god telefonlinje – vi tok ein prat med Geir Lysne mellom tunnelane på veg frå orkesterprøve i Halden.

Geir Lysne, © Veronica van Groningen

Det Norske Blåseensemble (DNBE) er Noregs eldste orkester, med røter tilbake til 1734. I dag er det ikkje lenger eit militærorkester, men består av 22 fast tilsette musikarar som ved sidan av tidlegmusikk, og ulike prosjekt på tvers av sjangrar, satsar på sanntidsmusikk.

Sanntidsmusikken har vore med DNBE frå før Lysne kom inn i bildet, og Lysne understreker at dette prosjektet utviklar seg i ei symbiose mellom han og orkesteret.

Sjølve omgrepet sanntidsmusikk vart lansert av direktør Gaute Solås som var direktør for DNBE mellom 2007 og 2010.
– Det eg meiner med sanntidsmusikk er musikk skapt i notid. Elles i den klassiske musikken blir jo musikken til gjennom ein komposisjonsprosess, foredla og framført av eit orkester. Sanntidsmusikken blir aldri spelt igjen – den er her og no, utdjupar Lysne.

Lysne påpeikar at det sjølvsagt finnast mykje frie ensemble rundtomkring, men har endå ikkje høyrt om andre ingen institusjonsorkester som jobbar med improvisert musikk på denne måten.

Tanken til Lysne er eigentleg enkel: – Om det i staden for komponistar og dirigentar er musikarane som bestemmer kva som skal spelast, vil det mest sannsynleg oppstå ny musikk.

Sanntidsmusikken blir aldri spelt igjen – den er her og no, seier Geir Lysne, © Veronica van Groningen

Sjølv er Geir Lysne ein av våre mest anerkjende jazzmusikarar, professor ved Norges musikkhøgskole og sjefsdirigent i radiostorbandet i Hamburg, NDR Big Band. I jazzverda er det ei sjølvfylgje at musikarane er med å ta kreative avgjersle: – Det er ein kompetanse som også ligg i dei klassiske musikarane, men som ikkje blir brukt, tenker eg då. Dei sentrale kunstnariske avgjerslene blir jo som oftast tatt av ein komponist eller dirigent i det miljøet.

Men Lysne er oppteken av at Det Norske Blåseensemble sin sanntidsmusikk ikkje er jazz: – Improvisasjon er for mange analogt med jazz, men det synst eg er ei stor feilkopling. Det var ikkje jazz som fann opp improvisasjon, det har vi hatt sidan barokkens tid. Eit dogme eg har hatt er at dei skal bruke det referansematerialet dei har kunnskap om – derfor lét det også heilt annleis enn om eit jazzorkester skulle spele.

– I starten var det angst, nesten gråt – det er klart når du tek frå folk sikkerheita.

Men kan ein ikkje eigentleg berre kalle det fri improvisasjon som er eit etablert omgrep?
– Jo, ein kunne jo like gjerne kalla det det. Det er jo det det er.
– All improvisasjon er jo på eit eller anna nivå førebudd. Alle som driv med improvisasjon førebur seg på musikalske hendingar som kan oppstå – anten det er akkordiske ting, rytmiske ting, kontrastar, tettleik, dynamikk, form, osb.

Så ein kan godt samanlikne det med det for eksempel Paal Nilssen-Love driv på med med sitt Large Unit?
– Ja, det kan ein godt gjere. Dei frijazzorkestera jobbar jo ganske likt – berre at det lét heilt annleis
– fordi dei har eit heilt anna referansegrunnlag.

Korleis tok musikarane i mot det når du tok vekk notane?
– I starten var det angst, nesten gråt – det er klart når du tek frå folk sikkerheita. Det var rett og slett vanskeleg å få lyd. Men vi jobba med å skape trygge rammer, musikalske parameter i staden for stilistiske. Slik at dei kunne uttrykke seg fritt. Eg synst dei har vore veldig modige i denne prosessen.

Fra prøver i Alte Oper i Frankfurt, © Christer Elnes

Lysne fortel om å improvisere ein koral som eit eksempel på slike rammer. Eller frå små til store intervall, sterkt til svakt, stillstand til kaos osb. Dei har også gjort konsertar med ikoniske verk av Debussy eller Stravinsky som rammeverk.
– Vi har to nøkkelord; aktiv lytting og responstid. Ein lyttar heile tida til kva dei andre driv med, og så må ein ta ei avgjersle ut i frå det – “skal ein spele? Skal ein la vere å spele? På kva måte skal ein spele? Skal ein lage ein kontrast eller bli med på det som allereie er?

– Vi jobbar ofte i innad i instrumentgruppene. Slik som ein i den klassiske komponerte musikken, ofte orkestrerer i grupper. Lagar ulike verkty og teikn – ein i gruppa har ein idé, og viser teikn til at det skal skje.

No kan vi stå på scena når som helst, kor som helst og vite at vi kan lage ein konsert utan at vi har snakka om noko på førehand.

I løpet av desse åra har Lysne opplevd at musikken har eksplodert i ensemblet: – No kan vi stå på scena når som helst, kor som helst og vite at vi kan lage ein konsert utan at vi har snakka om noko på førehand.

Lysne understrekar at han er med på konserten, men gjer lite: – Eg står ikkje framfor orkesteret og styrer musikken på nokon måte. Eg sit for det meste på ein stol midt i orkesteret og lyttar. Ein gong var eg til og med heime i Noreg medan orkesteret spelte for fulle hus i München.

Det er kvar enkelt menneske i orkesteret som lagar musikken, seier Lysne: – Om nokon er sjuke eller ikkje kan vere med av andre grunnar, blir dei ikkje erstatta av andre. Då blir det berre med ei anna besetning. Eg er glad i omgrepet kunstnarisk kapital. Det er den vi forvaltar. Det er musikarane – kunstnarane – som er grunnlaget for musikken vi lagar.

Fra fullsatt Berliner Philharmoniker, improvisert med pianist Michael Wollny, © Christer Elnes

Sjølv om Det Norske Blåseensemble kanskje er i ei særstilling når det gjeld å jobbe med improvisert musikk på denne måten som institusjonsorkester, fortel Lysne at fokus på improvisasjon er ei stor trend i klassisk musikkutdanning over heile Europa. Fleire klassiske utdanningsinstitusjonar har gjort faget improvisasjon som ein del av utdanninga, og i februar arrangerer Norges Musikkhøgskole eit symposium i klassisk improvisasjon.

Ser ein også at dette tilfører noko til utøvinga av den “andre” klassiske musikken?
– Tilbakemeldingane er iallfall at overføringsverdien er stor. At dei lyttar på ein annan måte. Og at det har ein god effekt på sosiale relasjonar innad i orkesteret også. I sanntidsmusikk må dei arbeide tett med kvarandre, vere kunstnerisk ærlege. Resultatet står og fell på dei. Ingen komponist eller dirigent å skulde på om det ikkje lukkast – og rosene kan dei ta sjølv om det lukkast.

Den tyske prisbelønte pianisten Michael Wollny spiller med DNBE i konsertene “Rules of Behaviour” i Moss, Oslo, Halden og Asker denne helgen og kommende uke, © Veronica van Groningen

I helga kan du høyre sanntidsmusikken til DNBE når dei spelar konsertane “Rules of Behaviour”:
Med seg på konserten har dei Michael Wollny, ein tysk jazzpianist, som mellom anna har vore kåra til årets jazzmusikar i Tyskland åtte år på rad. Han er klassisk utdanna, og tilsett som professor ved universitetet i Leipzig. Han er “artist in residence” hjå DNBE, og har gitt ut plate saman med dei.
– Denne gongen hadde vi lyst til å møtast i større grad på ei felles plattform. At han kan nytte seg meir av den klassiske bakgrunnen sin.

– Det blir sokalla styrt improvisasjon. Fridom under ansvar, ler Lysne.

Les mer om konsertene “Rules of Behaviour I” på DNBEs hjemmesider. Konsertene skjer 12. oktober (Moss kirke), 13. oktober (Operaen i Oslo), 16. oktober (Brygga kultursal, Halden) og 17. oktober (Asker kirke).

Publisert:

Del: