Bergen Filharmoniske Orkester - fioliner (foto: Eirik Reitan)

Frå det vesle til det store

Bergen Filharmoniske Orkester sitt bidrag til Borealis i år var ein konsert med verk av dei tre festivalkomponistane Luigi Nono, Ketil Hvoslef og Kajia Saariaho, samt av den Oslo-baserte komponisten Lasse Thoresen. Eit umiddelbart spørsmål melde seg ved konsertens start, eit spørsmål som for underteikna ofte melder seg ved denne typen konsertar – og som handlar om orkestrets, dirigentens, og i dette tilfellet kanskje også festivalen sin motivasjon for programsamanssetjinga, skriv Ballades Ida Habbestad.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Ida Habbestad

Grunna Borealis’ profil i år er svaret på dette spørsmålet i utgangspunktet ganske opplagt. Men bak det faktum at tre av fire komponistar er programfesta avdi dei er festivalkomponistar, vert ein stadig undrande på om det eksisterer eit medvit hjå dei medverkande om kva som skjer når ein set desse verka saman? Kva skjer når Nono møter Hvoslef, møter Saariaho, møter Thoresen? Er det pragmatiske årsaker til at kveldens siste komponist er Lasse Thoresen – eller er han plassert i lag med denne besetninga av di dei meiner han har noko å tilføya? Er det opp til publikum å gjera seg sine oppdagingar og betraktningar – eller kunne orkestret hatt noko å meddela utover den reine framføringa?

Stillfarande men uroleg

Med denne betraktning til grunn, ein gjennomgang av gårsdagens konsert.

Luigi Nono sitt verk ”A Carlo Scarpa, architetto, ai suoi infiniti possibili” – er tileigna arkitekten Scarpa, som omkom i ei trafikkulukke i 1978. Fritt omsett tyder tittelen ”Til arkitekt Carlo Scarpa og hans mulige uforgjengelighet”, og det vart skrive i 1984.

Av verka på programmet denne kvelden, hadde dette stykket den minste besetninga og det mest gjennomgåande minimalistiske uttrykket.

Det var dermed lagt opp til ei stillfarande opning på konserten, men for underteikna vart det ikkje stillfarande nok. Truleg skuldast dette ein ikkje overtydande prestasjon frå orkesteret si side – med mikrotonar som ofte svevde i grenselandet mellom mikrotonalitet og surt spel – og med ein manglande evne til å trekkja publikum inn i den konsentrasjonen som stykket nok krever for å komma til sin rett. Slik oppnådde ein ikkje nokon stoisk ro i klangflatene, og dei stille romma i mellom vart forvandla til forstyrrande hostepauser for publikum, langt frå den magiske opplevinga det kunne ha vore.

Tvekjønna bratsjkonsert

Etter denne stillfarande men urolege innleiing, tyktest det underleg å lesa i programkommentaren, der Hvoslef seier om sin musikk: ”Blar man gjennom mitt partitur ser man snart at dette er en ”mager” konsert, ikke fordi jeg har skrellet vekk overflødigheter, men fordi jeg rett og slett er mager – på alle måter”.

Her er det sjølvsagt eit definisjonsspørsmål med tanke på kva ein legg i ”mager”. Men på mange måtar opplevdes Hvoslef sin komposisjon langt mindre mager enn Nono sitt stykke, både i innhald, volum og besetning. Hvoslef grunngav det mellom anna med sitt Ravel’ske instrumentasjonsideal, at ”alt som står i partituret bør kunne oppfattes!”. Slik sett er det kanskje skore inn til beinet – men til dømes gjennom dei mange retningar og vendingar stykket hans tok, tyktes det heller stort enn lite.

”Konsert for bratsj” frå 2005 er tinga av Harmonien, og fekk sin uframføring denne kvelden.”Arbeidet med en ny komposisjon starter for hans vedkommende ofte med uttrykk og inntrykk knyttet til det aktuelle instrumentet” sto å lesa i programomtalen, og i denne samanhengen var det instrumentets namn; bratsj/viola som hadde inspirert.

Desse ulike beteikningane formidlar ulike kvaliteter, meiner Hvoslef; ’Bratsjen’ står for det kraftfulle, maskuline, medan ’violaen’ står for det kvinnelege, mjuke. Slik var stykket prega av vekselvis kraftfulle og mjuke parti, men òg av samspelet mellom dei. Til dømes let Hvoslef ”mørke” og ”lyse” instrumentgrupper spela mot kvarandre eller i lag, unisont eller kontrapunktisk.

Karakteristisk for stykket var og Hvoslefs rytmikk – som ein kan finna att i fleire av hans verk, og som òg prega store delar av dette verket. I denne samanhengen fall det kanskje inn under dei maskuline trekk, i eit noko stereotypisk, maskulint mannsbilete?

Her bør elles nemnast at solisten Ilze Klava gjorde ein solid innsats i til dels vanskelege bratsjparti, og at orkesteret for øvrig og var komme over den innleiande vanskelege kneika.

Romantisk epos

Etter pause kom kveldens definitive høgdepunkt for underteikna. Saariaho sitt verk ”Orion” representerer på mange måtar ein motsats både til Nonos minimalisme, og til Hvoslef sin bruk av orkestermediet.

Verket frå 2002 er Saariaho sin hittil største symfoniske komposisjon, og er eitt av dei få verka der Saariaho nærmar seg eit programmatisk innhald. Gjennom tre satser; ”Memento mori” (”Hugs at du skal døy”), ”Winter Sky” og ”Hunter” omhandlast Poseidos’ son Orion, og han vert, i følgje programkommentaren, skildra både som ”et aktivt (til og med hyperaktivt) menneskelig vesen og et ubevegelig himmelegeme”.

Verket var som eit epos, romantisk anlagt – men utan klisjear. Det var interessant å oppleva korleis Saariaho så tydeleg nytta orkestret som éitt instrument, etter å ha høyrt døme på to heilt andre tilnærmingar til mediet tidlegare på kvelden.

Særleg var 2. sats flott, der fløyte, fiolin, klarinett, obo, trompet og etterkvart piano hadde sine solistiske passasjer. Eg tør påstå at dette verket sto i ei klasse for seg, og at det var orkestrets beste prestasjon under denne konserten.

Samisk avslutning

Kveldens siste verk var Lasse Thoresens ”Emergence – Luahti Boade”, og her bør solotrombonistene John Arild Suther og Rune Hannisdal nemnast særskilt for solid innsats. Grunna skribentens forhold til Thoresen som lærar, har eg valt å la omtalen liggja i denne omgang.

Ei tidlegare omtale av verket finst forøvrig i [link id=61485 title=»denne artikkelen«], og eit interjvju med komponisten [link id=61490 title=»her«].

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.