KRONIKK: Syng dagens kvedarar slik dei gjorde før i tida?

© Sven Ahlbäck

Elin Moberg er tidlegare masterstudent ved Høgskulen i Telemark/Rauland. Her skildrar ho hovudtrekk i arbeidet sitt med oppgåva, som tek utgangspunkt i hennar tanke om at mange folkesongarar lét likt. Artikkelen sto først på trykk i Bladet Folkemusikk.

I denne studien undersøkjer eg om skildringar av «eldre songstil», som blir nytta i utdanningar, og som mange viser til, samsvarar med «verkelegheita» slik ho blir presentert i arkivopptak. Empirien er henta dels frå Noreg, dels frå Sverige, både fordi eg meiner at folkemusikkmiljøa i dei to landa har mykje til felles, og fordi det opnar for å behandle dei som eitt felt. Eg har tatt utgangspunkt i aktuell teori og analysert og samanlikna seks arkivopptak frå seks ulike kjelder.

Eg har dessutan undersøkt musikalsk standardisering, og har sett søkelys på utdanningsinstitusjonar og læringsmetodar. Mellom anna har eg diskutert endring, praksis og normer i folkesongen med utøvarar i sjangeren.

Les også: Mellom tradisjon og nyskapning

Bakgrunn
Verkelegheita eg snakkar om i tittelen, viser til arkivopptaka, men også til praksis «i verkelegheita» utanfor institusjonane og den formaliserte verda. Ideen til masteroppgåva kom fordi eg hadde reagert på at så mange folkesongarar lét likt. Songen lét standardisert. Kvifor syng dei så likt, lurte eg på. Og på kva for måte syng dei likt? Eg såg nærmare på kva forskarar og pedagogar har skrive om folkesong med utgangspunkt i songstil, og oppdaga at skildringane deira var temmeleg like. Eg syntest ikkje at listene med stilsærtrekk gav eit representativt bilde av songen slik eg hadde opplevt han på arkivopptak.

Eg bestemte meg derfor for å undersøkje om teorien om ein «eldre songstil» samsvarar med arkivopptak, som saman med skriftlege kjelder ligg til grunn for teorien. Ved å ta utgangspunkt i stilsærtrekka som blir nemnt i Susanne Rosenbergs Med blåtoner och krus, og samanlikne dei med eit utval arkivopptak, håpa eg å få ein peikepinn på om folkesongen faktisk hadde desse særtrekka. Ettersom Rosenberg ikkje spesifiserer kva for sjangrar ho tek utgangspunkt i, tillét eg meg å velje fritt i det store arkivmaterialet som finst. Eg la vekt på å få med mange sjangrar, og valde dessutan ut eksempel eg gjerne ville arbeide med sjølv, mellom anna ei skjemtevise, ei bygdevise, ei religiøs vise, ei rallarvise og ein barnesong. Stilsærtrekka eg undersøkte, var: «grunntone nær talen, ueinsarta klang, klangplassering langt fram i munnen, vibrato, tydelege vokalar, tydelege konsonantar, stemte konsonantar, mikrotonalitet, korleis ein hentar tonen i byrjinga av ei verseline, korleis ein kuttar tonen brått i slutten av ei verseline, eiga frasering, om korte tonar blir kortare, om lange tonar blir lengre, krullar/utsmykking, melodisk variasjon og tonar og tekst smelta saman til eitt.»

Formålet med å intervjue fire nolevande songarar/pedagogar var å få vite kva for normer dei oppfatta som gjeldande, og om dei eventuelle normene svara til stilsærtrekka. Eit delformål var å diskutere læringsmetodar for å freiste få eit bilde av kvifor ein del utøvarar i miljøet læt likt. Målet var å kaste lys over og diskutere snarare enn å presentere ny kunnskap.

Les også: Firkanta kulturpengar: Intervju med Rosenberg

Metode
I tillegg til Rosenbergs Med blåtoner och krus var liknande skildringar av Ulrika Gunnarsson og Åkesson & Jersild til hjelp i undersøkinga av arkivmaterialet. Analysen føregjekk slik at eg lytta etter stilsærtrekka til Rosenberg i arkivmaterialet. Det viste seg dessutan å vere nødvendig å synge eksempla sjølv for å ha noko å samanlikne med. Stemma mi var slik sett eit verktøy som hjelpte meg i analysen. Eg gjekk tilbake til analyseresultata tre gonger, slik at eg kunne teste om dei var stabile. Metoden bygger på tolking og forståing i fleire omgangar og kan slik sett sjåast i samanheng med den hermeneutiske sirkelen.

Resultat
Ettersom undersøkinga mi av kjeldene er ei tolking og ikkje gjord med noka form for instrument, kan eg ikkje seie at eg såg anna enn ein tendens til at songstilen i arkivopptaka er meir variert enn songstilen Rosenberg skildrar i Med blåtoner och krus. Alle stilsærtrekka i Med blåtoner och krus dukka aldri opp samtidig i arkivopptaka. Eg vil hevde at dette er det tydelegaste resultatet i undersøkinga mi, og det som seier mest om samsvaret mellom arkivopptaka og lista over stilsærtrekk. Nokre av stilsærtrekka fanst sjeldan i opptaka: mikrotonalitet, krullar/utsmykking, korte tonar blir kortare, lange tonar blir lengre og melodisk variasjon. Det er mogleg at det hadde vore meir samsvar mellom lista over stilsærtrekk og arkivopptaka om eg hadde undersøkt koralar eller andre viser som normalt blir sungne i fritt tempo. Det verkar som om det er lagt stor vekt på koralar i skildringar av «eldre songstil». Kan dette vere fordi visse sjangrar, til dømes koralar og balladar, har høgare status enn andre i folkesongen og større førekomst av dei nemnde stilsærtrekka, og at det derfor er ein slags sjølvforsterkande vekselverknad mellom stilsærtrekk med høg status og sjangrar med høg status?

Les også: Den sterke songen. Intervju med Kirsten Bråten Berg.

Svara til informantane peikar mot at konteksten har noko å seie for korleis songen læt – om du syng for moro skuld eller i offisielle samanhengar. Viljen til å nå marknaden kan vere med på å styre songstilen. Songnormer ser ut til å bli tydelegare innanfor institusjonar og anna organisert verksemd, til dømes kurs, der dei blir utforma av pedagogar og sterke førebilde i samspel med folkemusikkmiljøet.

På spørsmål om korleis folkesongen er i dag, svarar informantane at songen ofte ligg i eit høgt toneleie, og at verkemiddel som krullar og anna utsmykking høyrest overdrivne ut. Den uslipte, rå songstilen finst, men ein høyrer han ikkje like ofte som den meir slipte. Songen læt «fin og ufarleg».

Stilsærtrekk som blir nemnde som viktige, er truverdig tekstformidling, at du syng «nær talen», at du helst ikkje har jamn puls, at du fraserer på ein måte som høver til teksten, og at du har ornament og mikrotonalitet, men at pynten er der for å «forsterke teksten».

***

Utdrag frå masteroppgåva til Elin Moberg, Är verkligheten bredare? Om sångstil i dagens folkmusik, Institutt for folkekultur, Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland, 2013. Omsett frå svensk til nynorsk av A. Audhild Solberg.

Publisert:

Del: