Festspela er over. Med eit program som på sitt beste klarte å presentera musikk som ei direkte ytring, sprungen ut av ulike livsvilkår, visjonar og historier. I årets program synes det som om Festspelleiinga vel å la det ukjende presentera seg gjennom det som geografisk og kulturelt er oss framandt, heller enn gjennom det heilt uhøyrde, nyskapte. Det skal ikkje mye fantasi til for å sjå at her rører ein ved gamle sårflater. Norske kunstnarar både innanfor samtidsmusikken og folkemusikken kjenner seg faretrugande marginaliserte og oversette. Men for publikum er det ikkje etter skiljelinjer som ukjend og utanlandsk, eller nyskapt og norsk at Festspelprogrammet først og fremst viser sine svake og sterke trådar. Dei avteiknar seg langt tydelegare og ganske annleis dersom ein spør seg kva som klarer setja oss i bevegelse, klarer utfordra og forstyrra, skriv Ballades Solveig Grødem Sandelson.

Berit Opheim

Av Solveig G. Sandelson

Håkonshallens historieberande murar rammar inne bevegelsen. Sender førestillingar og fordommar veggimellom .Om fossar, fjord og fjell, om Grieg og griser, om lyrikk, lokkar og norsk samtidsmusikk. På ein lun armlengdes avstand held to norske komponistar, Knut Vaage og Lasse Thoresen, fram flikar av sterke forteljingar om oss sjølv. Set dei i bevegelse, med BIT 20-ensemblet som klingande tolk. Og i lyrisk meditasjon, i trampande trallar og lattervekkjande lokkar står Berit Opheim for ei vokal framføring ingen gjer henne etter, i fleksibilitet, detaljrikdom, fargenyansar og intonasjon er ho suveren, ein musikar støypt av same stoffet som festivalmusikar Anne Sofie von Otter. Vi er inne i ein av dei siste og sterkaste konsertane i årets Festspelprogram, konserten er nyskapt, men ikkje historielaus, den er puststelande, den er glitrande framført. Og den set oppfatningar i bevegelse, får oss til å spinna vidare, drar oss ut av både kvardag og stillstand.

Konserten kunne stått som ein klingande meiningsfylt definisjon på kva kultur kan vera for eit folk, for ein storslagen festival som Festspela i Bergen. Eller for ein kulturby, slik Stavanger så målretta går inn for. Særleg når denne konserten blir satt i relieff til heilt andre konsertar og førestillingar, som Ensemble InterContemporains Ligetiportrett, Vertavokvartettens direkte, alvorsfylte serie med musikk frå tidlegare sovjetstatar, eller Camerata Salzburgs radikale Beethoventolkningar. Dei utgjer eit knippe konsertar som insisterer på å løfta norske, samangrodde augebryn høgt nok og lenge nok til at andre horisontar kjem til syne. Nye, eller bare dei vi hadde mista av syne.

Felles har dei det eineståande nivået, at utøvarane reint handverksmessig synes å kunna gjera kva som helst, er bare ein sjølvsagd parentes, det er dei sterke kunstnarstemmene og vala dei tar i sine verk og tolkningar, som er poenget. I Schnittkes tunge sorg og Kanchelis nattsvarte skildring av ein voldeleg, menneskefiendleg kultur er all glasur fjerna, I Thoresens leik med folketonespråket blir sjølve den norske kremkaka servert med nytt og ukjent fyll. Satt samam er det faktisk grensesprengjande for ein publikummar. Fordi musikken endeleg blir ståande som ei direkte ytring, eit menneskeleg, samtidig uttrykk, sprungen ut av skiftande livsvilkår, visjonar og historier. Det er førebiletleg i kunstnarisk mot, det er djervt å kreva av publikum at dei skal forhalda seg til musikken på ein så direkte måte. Og det var jammen på høg tid at det skjedde.

Det blei den sterkaste musikalske tråden i årets program, den er meir enn sterk nok til å smyga seg gjennom det fargesterke virvaret av andre trådar, av spektakulære multimediaførestillingar, eigne barnefestspel, bleiekledde mannerumper i bygatene, gateteater, Solstadkveldar, unge norske talent og tilreisande grupper og solistar frå dei fjernaste himmelstrok og kulturuttrykk. Festspela i Bergen er det desidert mest mangfaldige, samanstilte uttrykket for kultur vi har i dette nokså rare landet, det er ikkje muleg å kommentera heile programmet under eitt. Men det er likevel muleg å skimta spelet mellom ulike forteljingar, forventningar og fordommar.

For i årets program, som i dei siste åra, synes det som om Festspelleiinga vel å la det ukjende presentera seg gjennom det som geografisk og kulturelt er oss framandt, heller enn gjennom det heilt uhøyrde, nyskapte. Bortsett frå den eine konserten vi alt har nemnt med ny norsk musikk. Poetisk danseførestilling frå Taiwan, tradisjonsmusikk frå Bulgaria og kunstmusikk frå Usbekistan og Georgia vitnar om ei postmoderne innstilling, der ein likestiller og set saman ulike uttrykk, gjer det globale viktig, kvalitet blir ikkje nødvendigvis knytta til det stadig nyskapte, som i ei meir modernistisk haldning. Politisk korrekt nasjonsbygging er heller ikkje påtrengjande synleg. Det skal ikkje mye fantasi til for å sjå at her rører ein ved gamle sårflater. Norske kunstnarar både innanfor samtidsmusikken og folkemusikken kjenner seg forståeleg nok fartrugande marginaliserte. Music Factory, samtidsmusikkfestivalen som har lege i kanten av Festspela, gir opp og flyttar seg heilt vekk frå Festspelparaplyen, mens folkemusikkmiljøet lagar sin eigen festival på torget.

Men for publikum er det ikkje etter skiljelinjer som ukjend og utanlandsk, eller nyskapt og norsk at Festspelprogrammet først og fremst viser sine svake og sterke trådar. Dei avteiknar seg langt tydelegare og ganske annleis dersom ein spør seg kva som klarer setja oss i bevegelse, klarer utfordra og forstyrra våre oppfatningar og fordommar. Eller drattar ned til bare å forsterka mytar og fastgrodde haldningar. Den taiwanske danseførestillinga blir bare presentert som urgammal visdom og poesi, utan å gi oss reiskapar til å trengja lenger inn i uttrykket, den bulgarske kvinnekorsongen blir ganske enkelt framstilt som autentisk, som urørde stemmer kopla direkte til sjelen, sjølv om musikken dei syng verkeleg er like komponert og stilisert som Griegs norske korsalmar. Då legg Festspela seg ambisjonslaust på eit nivå som bare stadfestar mytar, mytar som at all kultur langt nok aust for oss riktignok er meir opprinneleg, men også meir stilleståande og primitiv.

Går vi derimot tilbake til den sterkaste tråden, som slår langt kraftigare gjennom i Festspelveven, blir vi direkte utfordra både i småskeive møte med våre eigne røter, og i møtet med andre lands uttrykk. Det er Festspela på sitt beste. Når dei presenterer norsk samtidsmusikk i like kresent utval og på same måte som europeiske høgdepunkt, går dei nok på tvers av forventningar frå dei ulike miljøa. Men dei set også forteljingar i spel på ein ny måte. Dei pirkar i for lengst slitne og giktstive fordommar, For ingen hadde vel forventa at ein norsk samtidsmusikkonsert skulle spela seg inn blant dei aller sterkaste konsertane i årets festspel.

Artikkelen er også publisert i Stavanger Aftenblad

Publisert:

Del: