Norsk folkemusikk- og danselag (NFD) inviterer til forum for utøvere med fokus på økonomien i det å leve som musiker, og er samtidig et forsøk på å koordinere innspillene til Løkenutvalget.

Anne Hytta (Foto: Mona Møllebakken)

Kva skal musikarar leve av – honorar el statlege tilskot?

– drøfting om dei statlege tilskotsordningane til musikklivet og innspel til Løken-utvalet.

Kulturminister Trond Giske har sett ned eit utval som skal gå gjennom all statleg støtte til kulturlivet (Løken-utvalet leia av Lene Løken). Utvalet skal levere første delrapport 1. februar der dei presenterer framlegg til eit nytt tilskotsregime for det rytmiske feltet; jazz, rock og folkemusikk.

Mandatet for utvalet syner at Giske ønskjer å snu om på mye og har ei hovudmålsetting om at meir av dei offentlege kulturkronene skal gå til kunstnarane. NFD er positive til arbeidet og ideen og arbeider med innspel til utvalet gjennom Samstemt-samarbeidet. Om det blir store endringar i tilskotsregimet er det viktig for NFD at utøvarane blir høyrd. Vi treng difor dine innspel!

* Kva om det fantest arrangørar rundt om i landet som hadde ei så god grunnfinansiering at dei kunne betale akseptable honorar og reise/kost-pengar – då var det vel ikkje naudsynt for musikarane å søkje turnestøtte?
* Kva om ensemblestøtta var på minimum det same som eit kunstnarstipend (ca 160.000 årleg) per person i gruppa over tre år – ville ikkje det gjere det enklare å tenkje langsiktig og gjere strategiske val for satsinga i gruppa?
* Kva om innkjøpsordninga for fonogram var slik som for bøker – med automatiske innkjøp og auke i talet på innkjøp?
Vi treng fleire slike spørsmål , vurderingar og tankar frå dykk som er utøvarar i dag.

Vi vil i forumet ha eit særskilt fokus på statens kunstnarstipend.

Måndag 3. desember kl. 17.00 – 19.30
Stad: Kirkegata 20, (NFD, LFS m.fl)

17.00 Innleiingar ved:
Anne-Marie Liland, seksjonssjef ved Statens Kunstnerstipend
Anne Hytta, musikar som mottok kunstnarstiped frå komiteen for musikk (2005-2007).
Vegard Opheim, frå stipendkomiteen for folkekunst

18.15 Samtale, innspel og debatt.

Arnfinn Bjerkestrand, forbundsleiar i Musikernes Fellesorganisasjon og med i Løken-utvalet, vil delta i møtet for å ta med innspel inn i Løken-utvalet.

19.30 Slutt.

20.00 Kruk i kulturkirken jakob. Alle forumdeltakarar får rabatt på konserten.
21.00 OsloFOLK sin julekonsert på Fabrikken, div. artistar.

Dette ifølge hjemmesidene til Norsk folkemusikk- og danselag.

Publisert:

Del: