Skotske Blazin’ Fiddles sette eit forrykande punktum for den 14. internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde. Bandet frå Skotland levde opp til forventningane. – Dei leverte ein gnistrande konsert og publikum takka med ståande applaus under heile det siste nummeret, meldar arrangørane.

Hardingfele-stående

Også på festivalens siste dag strøymde publikum til konsertane. Sersjantløa på Sunnfjord Museum var fyllt til siste stol då den skotske trioen Shine gjekk på scena, og kinosalen var også bortimot fullsett så Kathryn Tickell Band hadde sin konsert. Siste konsert på programmet var Blazin’ Fiddles som til fulle innfridde forventningane. Frå scena nytta Catriona Macdonald til å gratulere heile Førde med ein flott festival, og ho takka festivalsjef Hilde Bjørkum for at dei vart blitt inviterte.

Det totale besøkstalet under festivalen ligg på 27000. Det betyr ein viss nedgang frå toppåret 2002, men arrangørane er fornøgde. Det flotte veret har skapt ei fantastisk ramme rundt heile festivalen, men det er gjerne færre som vel å gå innandørskonsert når fjell og fjord lokkar. Tilbakemeldingane frå artistar og publikum er veldig gode.

Publikumsfavorittar blir det alltid på ein festival. Publikum i Førde vil nok heilt sikkert hugse Senge frå Madagaskar og trommegruppa Badenya les frères Coulibaly frå Burkina Faso. Polske Swoja Droga fekk også sine tilhengarar. Elles fremhevar festivalsjef Hilde Bjørkum gjerne den norske delen av årets program. Majorstuen, Flukt og Trispann er blant dei unge, spennande gruppene som utviklar norsk folkemusikk på folkemusikktradisjonen sine eigne premissar. Dei har fått vist seg fram saman med 240 artistar frå 4 kontinent, framfor journalistar og produsentar frå 20 europeiske radiostasjonar og internasjonale tidsskrift som har vore tilstades i Førde.

Publisert:

Del: