Billettsalet til Førdefestivalen 2007 starta måndag 2. april, og er du raskt ute, kan du sikre deg ekstra gode plassar under dei store konsertane i idrettshallen.

Storm Weather Shanty Choir_1 (Per Egil Larsen)

— Festivalen har nemleg reservert eit område til dei 100 første som kjøper festivalpass, så her er det om å gjere og kaste seg rundt, seier marknadssjef Torill Faleide.

Er du blant dei 100 første som kjøper festivalpass, sikrar du deg plass innanfor eit reservert område på desse fem store konsertane i idrettshallen:

”Emotions francaises”, den franske opningskonserten torsdag 5. juli; Shanty og salsa-konserten med Storm Weather Shanty Choir og salsakongen Maraca fredag kveld; konserten med Tekameli, den franske sigøynargruppa frå Perpignan og den store Gallakonserten laurdag – og ikkje minst ”Flamenco meets gypsy music” med flamencodronninga Maria Serrano og den ungarske cimbalommeisteren Kálmán Balogh med ensemble søndag 8. juli.

Med dette tilbodet til dei 100 første som kjøper festivalpass, ønskjer festivalen å gje eit tilbod til sine viktigaste kundar, storbrukarane som kjøper pass og dermed går på mange konsertar.

I følgje marknadssjefen har Førdefestivalen dei billegaste festivalpassa i landet.

– Passet omfattar dei fem nemnde konsertane. Prisen er kr 730,- for ein vaksen, ungdom og studentar betalar 350,- og born 150,-. For denne prisen får du i alt 19 artistar/grupper, og i tillegg har du rabatt på alt anna som skjer under festivalen.

Har du kjøpt festivalpass, betalar du berre kr 90,- for ein konsert som ordinært kostar kr 150,-

Er du student betalar du barnebillettpris for andre konsertar, altså kr 40,-.

– Det er ganske rått, eigentleg, seier Faleide, som opplyser at festivalbrosjyren no er på veg ut til folket, og at publikum kan sjekke programmet på festivalen sine heimesider www.fordefestival.no.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er i år lagd til 5. til 8. juli 2007.

Publisert:

Del: