Ultima vil samla den eksperimenterande enden til alle sjangrar, men festivalen kan ikkje vera offentleg kontor for alle miljøa heile tida, meiner Lars Petter Hagen.

© Ultimafestivalen

11. mai kom Norsk kulturråd si vurdering av den kunstnarlege måloppnåinga til knutepunktfestivalen Ultima. Utfallet var positivt. Det var òg dei eksterne vurderingane Kulturrådet henta inn om knutepunktfestivalen, som startar i dag.

Festivaldirektør Lars Petter Hagen meiner attendemeldinga har samanheng med at Ultima fungerte som knutepunkt lenge før den fekk sin formelle status. Festivalen vart stifta av miljøet av di ein nettopp ynskte ein spydspiss for samtidsmusikken.

Les også: Ulike ynskje om samarbeid

Meir dialog
I høyringssvaret sitt føreslo Borealis at ein henta synspunkt også frå Punkt, Numusic og Ekkofestivalen.

— Er dette festivalar de samarbeider med?

— I nokon grad, om ikkje med jamlege eller omfattande samarbeid, men me byrjar å tenkja større om dette no. Samtidig er det viktig å sjå at festivalane i vår samanheng ikkje er heile bildet. Ultima dekkjer eit breitt felt, og bør også samarbeida med andre typar institusjonar og aktørar for å fylla knutepunktfunksjonen, svarer Hagen.

Les også: Knutepunktordningen ikke god nok

— Korleis ser de på rolla som knutepunktfestival?

— Kriteria frå Kulturdepartementet er rimeleg klåre. Me skal presentera nyskapande musikk, vera ein møteplass mellom musikk, publikum og bransje, og stimulera til kunnskap om ny musikk. Det involverer òg miljø som ikkje er spesialisert på ny musikk, legg han til.

— Alle musikalske sjangrar har ein eksperimenterande ende, og Ultima vil samla desse. Me følgjer opp institusjonar som ikkje arbeider med ny musikk åleine, men har den som del av verksemda si. For desse kan me vera samtalepartnar om prosjekt og om tenkinga som finst i feltet. Det er mellom våre viktigaste funksjonar.

Ballade på Twitter

Likskap og eigenart
Arbeidet med kompetanseutvikling er òg sentralt, fortel Hagen. Dette året konsentrert i Ultima Academy, med problemstillingar som kan vera av interesse for tilgrensande festivalar. Akademiet er planlagt vidareutvikla i samarbeid med mellom andre Borealis.

Knutepunktoppdraget seier at ein skal koordinera samarbeid med festivalar på feltet.

— Kvifor har det ikkje vore meir av dette?

— Ei årsak er at det har vore fleire leiarskifte i festivalen, svarer Hagen.

Ein annan er at det ikkje er gitt kva som er hensiktsmessige samarbeid, meiner han:

— Det er freistande å samarbeida om artistar og verk for å minska kostnaden, men då risikerer ein samtidig at festivalane vert likare kvarandre. Borealis er ein av landets beste festivalar, på grunn av eigenarten sin. Slik er det kanskje meir hensiktsmessig å samarbeida om kompetansehevande tiltak, for eksempel.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

— I kva grad satsar de på festivalsamarbeid framover?

— Me ynskjer å utvikla dette og har alt konkrete planer. Samtidig er det viktig å ha realistiske mål og forventningar. Ultima dekkjer eit enormt felt, frå elektronika og solo impro-konsertar til heilaftans operaer.

Knutepunktstatusen gjev midlar, men ikkje så omfattande at me kan fylla funksjonen som offentleg kontor for alle miljøa heile tida, meiner Hagen.

— Ein må prioritera tiltak som er hensiktsmessige for utviklinga av heile feltet.

På dette punktet kan departementet sine kriterium vera litt for vide, meiner han.

— Debattane om knutepunktordninga går ofte på korleis ein skal forstå forvaltinga av ein mindre del av kriteria. Når ein liten del av heilskapen kjem opp vert diskusjonen lite nyansert. Her kunne kanskje departementet vore meir tydelege om forventningane til den enkelte festival, avsluttar han.

Kulturrådet si vurdering er del av departementet si evaluering av knutepunktfestivalane. Ultima startar torsdag 6. september.

Publisert:

Del: