Den prestisjefulle Edvard-prisen vert for første gong i historia delt ut til ein folkemusikar som juryen meiner har laga den beste nye folkemusikken i 2004. Utdelinga skjer under den nye folkemusikkfestivalen Árinn, og vinnaren får 40 000 kroner. Felespelar og komponist Jorun Marie Kvernberg er ein av dei nominerte til den prestisjefulle Edvard-prisen.

Jorun Marie Kvernberg, 2005 (Foto: Kari Løvaas/Arinn.no)

Av Anne Hytta

Edvard-prisen er komponistane sin Spellemannspris, og no i år vil det altså for første gong delast ut ein Edvard til folkemusikk-komponisten juryen meiner har laga den beste nye folkemusikken i 2004.

Dei nominerte er Kristin Mellem/Ingor Antte Ailu Gaup, Steinar Ofsdal og Jorun Marie Kvernberg.

Prisen vert delt ut under tingingsverkkonserten 2. september klokka 19 på Christiansholm festning i Kristiansand.

— Dette er kjempepositivt og veldig spennande, seier folkemusikar, komponist og førsteamanuensis ved Norges Musikkhøgskole, Tom Willy Rustad.

Utdelinga er ei anerkjenning av nykomponert folkemusikk som eigen kategori, og kan sjåast i samanheng med at stadig fleire folkemusikarar bruker tradisjonsmusikken som utgangspunkt for ny musikk.
Rustad har ei oppfordring til folkemusikk-festivalane, som dei siste åra har nytta meir og meir nykomponert folkemusikk:

— Det er spennande at festivalane og utøvarane møter ei ny tid der ein ønskjer tingingsverk innan ein sjanger som tradisjonelt er gehørsbasert. Og nettopp det at sjangeren er gehørsbasert, gir ei viktig utfordring til festivalane – dei må nytte komponistar som har både tradisjonskunnskapen om folkemusikken og som komponerer.

Rustad meiner det er viktig å gi rom til folkemusikk-komponistar som har styrken i den munnlege traderinga.

Det er selskapet TONO som står bak Edvard-prisen. TONO er eit andelsselskap som er eigd av medlemmene i selskapet; komponistar, tekstforfattarar og musikkforlag. Selskapet forvaltar framføringsrettigheiter for musikkverk i Norge, og innkasserer vederlag ved kringkasting og anna offentleg framføring av musikk. Desse pengane fordelast deretter til rettigheitshavarane til dei framførte verka.

Som folkemusikk-komponist har Tom Willy Rustad sendt inn ei mengd verk til TONO, og han er spent på korleis nykomponert folkemusikk som kategori vil bli vurdert i framtida.

— Då eg var med å lage musikken til forestillinga «Skal – skal ikkje» leverte vi partitur på to kilo til TONO. Likefullt vart musikken kategorisert i lågaste klasse, som akkompagnement til viser. Kategoriseringa i TONO-systemet avgjer kor mykje pengar ein får for eit verk når det vert framførd, og har såleis svært mykje å seie for komponistane.

Dette – og andre rettigheitspørsmål – er høgaktuelle tema for seminar og konferanse som finn stad under Árinn. Viktige spørsmål om folkemusikarar sine rettar i høve nye og gamal musikk skal debatterast først på nordisk seminar i Bykle, Setesdal, og deretter på internasjonal konferanse i Kristiansand.

Meir om dette finn du på www.arinn.no/fagprogram.

Her er Tono si vurdering av dei nominerte verka i kategorien nye folkemusikk-verk:

* Kristin Mellem/Ingor Antte Ailu Gaup: “Jeddehus”

Om nominasjonen av verket seier juryen:

“Eit verk som tek ein nyskriven joik og let den få breie seg ut i symfonisk drakt, full av naturassosiasjonar, melodiske forgreiningar og ein ukueleg pulserande undertone som grip tak i ryggmargen og etterlet seg ei kjensle av at dette er essensielt.”
* Steinar Ofsdal: “Suite for fløyter, hardingfele og strykekvartett”

Om nominasjonen av verket seier juryen:

“Eit verk som smeltar saman folkemusikkpreg med nittenhundretals kunstmusikkpreg på ein kjenslevar og innsiktsfull måte. Humoren, den glade, improvisatoriske ornamenteringa og dei drivande rytmane gir kribling i beina og plasserer musikken, om enn nyskriven, i den rike tradisjonen av slåttar for lying og dans.”
* Jorun Marie Kvernberg: “Då kom du”

Om nominasjonen av verket seier juryen:

“Eit nake, nært, velforma, nytt folkemusikkverk med noko personleg, lyst og urørt over seg. Det er iblanda tradisjonsstoff, men dristige arrangement, spenstige melodiar og utradisjonelle instrumentsamanstillingar gjer at ein lyttar med friske øyre. Utsvinga i retning av irsk folkemusikk og jazz fortonar seg også som heilt naturlege og heimehøyrande krydder i leiken.”

Denne artikkelen er bragt videre med velvillig tilllatelse av arrangørene av Árinn, Norsk Folkemusikk og Danselag, og kan i sin opprinnelige kontekst leses på denne lenken.

Publisert:

Del: