Øyvind Brabant

Folkemusikkveka på Ål: Øyvind Brabant årets «fanitull»

Det blei heimesiger i fanitulltevlinga på Ål i år. Med ei prikkfri framføring av hallingspringaren «Kåte-Reiar» gjekk Øyvind Brabant frå Nesbyen til topps og kunne ta imot førstepremien på 15 000 kr frå eigedomsmogul og hallingdøl Olav Thon. Her kan du lese rapporten frå Tore Skaug.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Tore Skaug, Kvitseid

Den norske folkemusikkveka på Ål blei avslutta sist laurdag, og dagleg leiar Bjørn Lien kunne seie seg svært nøgd med arrangementet. Fulle hus på alle konsertar og kunstnarlege høgdepunkt i form av Blix-konserten i Ål kyrkje og premieren på Teater Ibsens «Fantastiske forteljing om felemannen Fykerud».

Det er 100 år i år sidan Lars Fykerud, ein av dei store i norsk folkemusikk, døydde av tæring, berre 42 år gamal, etter å ha feira store triumfar på konsertscenen både her heime og i USA. Teater Ibsen blei utfordra av folkemusikkveka til å lage ein teaterversjon av Fykeruds ublide lagnad. Veslemøy Haslund tok utfordringa på strak arm og har stått for både tekst og instruksjon, mens skodespelar Ola Otnes og spelemann Knut Buen gav ord og ikkje minst tone til den «fantastiske forteljinga». Ein fullsett festsal i Ål kulturhus tok imot framsyninga med trampeklapp.

Det andre tingingsverket til Ål-veka fekk folkemusikkvartetten Dvergmål til å gjenoppstå. Dei fire – Øyonn Groven Myhren, Jon Anders Halvorsen,Turid Spildo Nerdrum og Marit Mattisgard – gjekk heim hos eit stort publikum med Ivar Aasen i tekst og tonar i Aasen-året 1996, men har sidan sunge og spela på kvar sin kant. I år greidde Hallgrim Berg, programsjef på Ål, å samle gruppa på ny, og det er ingen tvil om at konserten for ei fullsett kyrkje torsdag kveld blei ein ny siger for Dvergmål.

Nysmidde tonar med rot i norsk folkemusikk til salmediktar og lyrikar Elias Blix’ vakre nynorskvers blei framført med vokal eleganse og sans for varsam bruk av kunstnarlege virkemiddel. Visst var det høgtid i Ål kyrkje, men høgtid med ein god porsjon humor og lystige vendingar til.

Eit høgdepunkt under Ål-dagane er Fanitull-tevlinga som i år gjekk for fjerde gong. Den unge Bø-spelemannen Per Anders Buen Garnås har spela hat-trick med konkurrentane dei tre første åra, men nå måtte han sjå seg slått av tre dyktige kollegar. Både Per Anders og valdrisen Jan Beitohaugen Granli greidde å spele seg til ein plass blant dei fem finalistane, men laurdag kveld stod berre tre att på scenen: hallingdølen Øyvind Brabant, bergensaren Øyvind Vabø og askerbøringen Vegar Vårdal.

Fanitulltevlinga går med «laus snipp» i samanlikning med ein tradisjonell felekappleik, og Øyvind Brabant fekk førstepremien for glitrande spel, men også for tydeleg og publikumsvenleg sceneopptreden. Andrepremien på 10 000 kr tok Vårdal, mens Vabø fekk sjekken på 5000.

Du kan lese meir om Brabant på denne sida frå Norsk Folkemusikk- og Danselag.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.