Den Norske Folkemusikkveka går føre seg frå 21. til 28. mai, som alltid i Ål i Hallingdal. Det er Stortingsrepresentant Sigrun Eng som opnar Folkemusikkveka 2006, der det mellom anna vert CD-slepp med Truls Ørpen, visekonsert med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark, fløytival, stand-up kveding og eigne konsertar med barnehageborn frå Hallingdal.

Tindra, 2005

Stortingsrepresentant Sigrun Eng opnar Folkemusikkveka 2006 i Stavkyrkjemuseet sundag 21. mai. Så vert det CD-slepp med Truls Ørpen-opptak, der Magne Myhren fortel, og Nes Spelemannslag, Steinar Strøm og Per Åsmund Omholt opptrer.

Måndag 22. mai er det tid for “So ro liten tull” – ein konsert som barnehageborn i Hallingdal lagar saman med mellom andre Eilif Gundersen, Gunnlaug Lien Myhr, Hild Sofie Tafjord og Unni Løvlid i Gol samfunnshus. Same kveld er det duka for “På veg til Festspillene i Bergen”, der Ingfrid Breie Nyhus spelar Grieg-slåttar i Ål kulturhus.

Musikk, mat og moro er stikkord for fleire av aktivitetane under Folkemusikkveka, der Hallgrim Berg kjem med ny bok, og det elles er rom for både frukostspringar, fløytival, stand-up kveding og hallingkost på scena. Tordag 25. mai mai visast framsyninga ”Snart lyset seg mon svinge….”.i Stavkyrkjemuseet, med Folkelarmprisvinnar Bodil Haug med Ole og Knut Aastad Bråten. På kvelden kan du høyre kyrkjekonserten “Vindens hjul” – ei folkemusikkmesse med Henning Sommerro, Dalakopa, Ål-koret, Eirik Lyngvi og Andreas Bratlie, og og få med deg ein visekveld med Kirsten Bråten Berg og Lena Willemark på Thon Hotell.

Ingunn Stræte Lie, Olav Luksengård Mjelva, Audun Haugeplass, Audun Moen, Andreas Barth, Thea Tunås Bratteng, Bjarne Odde , Håvard Kjøntvedt, Tom Kjetil Tørstad er nokre av dei mange utøverane som skal i aksjon utover i Folkemusikkveka 2006, der det også vert gallakveld med konsert og dans, med m.a. Lena Willemark, Ale Möller, Per Gudmundson, Kirsten Bråten Berg og Gunnar Stubseid, Hallingdal Kraftlag, AskerLadden, Dalakopa, Jan Beitohaugen Granl og Øyvind Brabant. Til helga vert det vert og plateslepp i Trugeholu med Tindra, “geriljaspeling til maten” ved Eilif Gundersen, Ola T. Stave m.fl., samt hardingfelekonsert med Øystein Romtveit.

Bygdamønstringa 2006 gjer eit gjensyn med høgdepunkt gjennom 30 år, medan Jubileumsforestillinga m.a. byr på P.A. Røstad jr. orkester, Willemark, Möller, Gudmundson, Bråten Berg og Stubseid, samt danseforestillinga “Laus” – og ikkje minst finalespelet i Fanitulltevlinga. Her er Ingjerd Berg Helland og Halgrim Berg programleiarer, medan Per Anders Buen Garnås er tittelforsvarar.

Det vert og utdeling av Jens A. Myros Minnepris og Olav H. Skrindo Slettens minnepris.

Publisert:

Del: