Rauland, Voss, Oslo, Bergen, Stord, Nesna, Gjøvik? Det er mange stader du kan studere folkemusikk, anten som del av anna utdanning eller som ei heilt spesialisert utøvarutdanning. Kvart år møtest fleire av desse institusjonane på nordisk samling i regi av Nordplus-nettverket Nortrad, eit nettverk for dei nordiske folkemusikkutdanningane, men utover dette er det lite fagleg og organisatorisk samarbeid mellom institusjonane, skriv Anne Hytta i Kvinten nr. 03. Ballade bringer her heile artikkelen med einerett.

Folkedans

Av Anne Hytta

Redde for samarbeid

— Eg synest heilt klart det er for lite samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane på høgare nivå. Dei utnyttar ressursane til kvarandre i alt for liten grad, dette gjeld både ressursane til lærarar og

studentar, presiserer Solbjørg Tveiten. Ho har studert ved Folkemusikkutdanninga i Rauland, Ole Bull Akademiet og i år har ho tatt administrasjon og leiing og minoritetsmusikkstudiet ved

Musikkhøgskolen. – Eg trur dei er litt redde for å samarbeide fordi dei gjerne vil verne om studietilbodet dei har bygd opp, men om dei hadde samarbeidd meir ville det vere til stor gagn for miljøet, meiner Tveiten.

Fekk avslag

Ho får støtte av Ragnhild Furebotten i dette. Furebotten byrjar siste året på kandidatstudiet på Musikkhøgskolen til hausten, og er tidlegare student ved Folkemusikkutdanninga i Rauland. Ho saknar både eit betre fagleg og organisatorisk samarbeid. – Eg skulle ønskje vi kunne få større utveksling av lærekrefter, og at dei kunne samkøyre utdanningane betre, slik at gradar frå andre utdanningar vert godkjend. Ole Bull Akademiet har ein utprega utøvarprofil og liknar såleis mykje på tredje og fjerde året på kandidatstudiet på Musikkhøgskolen. Konservatoria elles i landet samarbeider, difor burde det også vere mogleg for folkemusikk-utdanningane å gjere dette.Furebotten fekk avslag då ho søkte om å få toårig folkemusikkutdanning frå Rauland godkjende i ein grad på Musikkhøgskolen.

Eigen profil

Det er ingen studentar Kvinten har snakka med som ønskjer at nokre av tilboda skal leggjast ned eller endre profilen. Alle er samde om at ein må halde på studiestadens eigen profil, men at visse felles organisatoriske og faglege rammer ville vere svært positivt for studentane. Såleis er det ingen som stiller seg bak utvalsutgreiinga om “Høyere utdanningtilbud i folkemusikk” frå 1991. Utvalet, oppnemnd av Nasjonalt fagråd for musikk, konkluderte med at ein ikkje bør satse på direkte utøvarretta høgskolestudium i folkemusikk, men heller leggje eit slikt tilbod til Musikkhøgskolen.

Vegar Vårdal har som Furebotten både gått i Rauland og på Musikkhøgskolen. Han meiner eit vidare samarbeid må dreie seg om å dyrke forskjellane. – Eg synest det er eit viktig poeng at dei er ulike, og dei bør samarbeide om nettopp å reindyrke forskjellane i staden for å likne meir på kvarandre.Vårdal etterlyser ei samling der institusjonanemøtest og legg femårige planar for satsinga framover. Der kan dei òg bli samde om spesifike fagdidaktiske tema.

— Eg meiner at dei kunne einast om til dømes eit felles notasjonsystem for folkemusikk på ei slik samling. Då slepp dei å finne opp kruttet fleire gonger, samstundes som dette ikkje går utover identiteten til den einskilde studiestaden.Vårdal er sjølv i gang med eit nytt studietilbod innan folkedans, eller folkeleg dans som han har vald å kalle det. Studiet har fått overveldande respons – heile 46 søkjarar til 18 studieplassar viser at tida er overmogen for eit utøvande tilbod innan dans.

— Mykje konkurranse

Instituttleiar i Rauland, Bodil Akselvoll, seier med eit lite sukk at ho synest ein opplever mykje konkurranse innan feltet. Ho meiner det er viktig at alle institusjonane oppretthalder eigen profil som ikkje konkurrerar med andre tilbod. – No har vi fått masterstudium i Rauland, så eg lurar på kvar det neste kjem. Ho trur at denne konkurransen kan vere ein brems på samarbeidet mellom institusjonane.

Til hausten byrjar 12 studentar på masterstudiet i tradisjonskunst i Rauland, sju av desse er folkemusikarar. Det er ikkje opptaksprøver til studiet, men dei må ha ein bachelor-grad der minst 80 studiepoeng – eit studieår tilsvarar normalt 60 poeng – er frå relevant folkemusikkutdanning.

— Godt samarbeid

Tom Willy Rustad ved Musikkhøgskolen og Gunnar Stubseid ved Ole Bull Akademiet meiner på si side at den konkurransen som finst om studentar, er sunn for studiestadene. Stubseid meiner det samarbeidet som er, fungerer svært godt:- Vi samarbeider med Rauland om sensorar, og vi kjem til å samarbeide nærare med Grieg-akademiet og Etnomusikologi ved universitetet i Bergen når bachelor-graden, ei fireårig utdanning, kjem i gang.Stubseid er òg oppteken av at studiestadene må oppretthalde sin eigen profil, og han trur likare studietilbod ville føre til uheldig konkurranse

om studentane.

Ole Bull Akademiet planla opprinneleg å setje igang eit toårig tradisjonsmusikkstudium med vekt på samspel som ei påbygging til spelemanns- og kvedarskulen til hausten, men søkjartalet vart for lågt på grunn av sein marknadsføring, og studiet set først i gang hausten 2004 i nyrestaurert og utvida lokale.- Det gler vi oss til, forsikrar Stubseid.

— I støpeskeia

Tom Willy Rustad ved Musikkhøgskolen trur noko av forklaringa på lite samarbeid er at alle institusjonane er i støpeskeia, framleis litt på leit etter eigen profil og identitet, og med nye tilbod som krev mykje førebuing.

— Vi seier det jo alle når vi møtest på dei nordiske samlingane, at vi ønskjer eit breidare samarbeid. Eg kunne ønskje å knytte eit utdanningsymposium til ein festival, eller liknande, seier Rustad.

På Musikkhøgskolen har Rustad teke over teoriansvaret for nyleg pensjonerte Sven Nyhus, og snart vert det tilsett ein lærar med ansvar for den utøvande delen. Dei planlegg vidare at studentane på det fireårige kandidatstudiet skal ha jamleg kontakt med fire utøvarar frå ulike tradisjonar dei to første åra, for å gje studentane ei innføring i fleire stilar.Musikkhøgskolen har også eit nytt tilbod til folkemusikarar i haust; no kan kvedarar ta det fireårige kandidatstudiet som ei utøvande utdanning, ikkje berre pedagogisk, som tidlegare. Det er foreløpig ein studieplass til rådvelde, og Rustad har enno ikkje oversikt om det er tatt inn ein student til dette tilbodet.

Publisert:

Del: