Rustad får Rff-prisen for sitt virke som musikar og pedagog.

Tom Willy Rustad Foto: Bjørn Kjellsson Sletten

Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) har sidan 1993 delt ut ein pris til ein person som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken og folkedansen i Noreg. Rff-prisen for 2018 blir tildelt Tom Willy Rustad for hans virke som musikar og pedagog.

Juryens begrunnelse:
Tom Willy Rustad (f. 1966) frå Sør-Fron har gjennom heile sitt musikalske virke stått fram som ein av dei fremste folkemusikarane i Noreg. Som utøvar har Tom Willy Rustad utdanning på klassisk gitar frå Noregs Musikkhøgskole, med hovudfag i folkemusikk med slåttespel på durspel som emne. Dei viktigaste læremeistrane har likevel vore far og bestefar,som gav Tom Willy kunnskap om musikkarven frå heimtraktene i Sør-Odal. Tom Willy er ein meister på toradar – og instrument som munnharpe,seljefløyte, bass og gitar.

Samarbeidet med Kvarts står som ein milepæl i karrieren til Rustad. I år feirar dei 20-årsjubileum og kan smykke seg med to spelemannsprisar, åtte plater, fleire tingingsverk, og turnear i inn- og utland. Kvarts har samarbeidd med utøvarar som Arve Tellefsen, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Henning Kvitnes, Birger Mistereggen, Sondre Bratland, Berit Opheim, Jonas Fjeld, Trondheimsolistene, Kringkastingsorkesteret og Kristiansand Symfoniorkester. Som solo-utøvar har Rustad gitt ut tre plater. Med «Fiolsteinen» (2005) vart han nominert til Spelemannsprisen. Tom Willy Rustad har vunne Landskappleiken fleire gongar og har sigrar frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk, NM i trekkspel og Titanofestivalen.

Det er særleg i arbeidet med slåttespel på toradar at Rustad har gjort banebrytande arbeid. Utviklinga frå standardbass til melodiføringar og bordunar som akkompagnement har gjort at dagens utøvarar har ein større valfrihet i sitt skapande arbeid. Han har brote reglar for akkord- og toneartsbruk og har med dette gjort toradaren til eit langt meir allsidig instrument enn det var berre for nokre tiår sidan. Det er som pedagog at Tom Willy Rustad har gjort sitt største arbeid. I 25 år har han vore lærar ved dei fleste utdanningsinstitusjonane i Noreg og han har lært opp ein heil generasjon unge musikarar.

Tom Willy Rustad har gitt ut lærebøker for toradar som i dag er standardverk for toradaropplæring i heile landet. I dag er han leiar for folkemusikkutdanninga ved Vinstra vidaregåande skule og musikkarkivar ved MidtGudbrandsdal folkemusikkarkiv.

Prisen blir delt ut under festmiddagen på representantskapsmøte for Rådet for folkemusikk og folkedans, onsdag 14. mars i Oslo

Publisert:

Del: