Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) vil helde fram som vaktbikkje for slåttespill, kveding og bygdedans. Les arbeidprogrammet frå organisasjonen sitt årsmøte her.

Årsmøtet attvalde styreleiar Halvard Kaasa, mens Maria Høgetveit Berg, Helene Høye, Harald B. Knutsen og Inge Midtveit utgjør resten av styret.

Arbeidsprogram 2001

• Tradisjonsoverføring
NFD vil styrke tradisjonsoverføringa i folkemusikken i Noreg ved å vidareføra og vidareutvikla arbeidet med konkrete tiltak og politisk påverknad, m.a. gjennom:
— å styrkja tradisjonsoverføringa, gjerne i samarbeid med relevante undervisnings-institusjonar
— å stimulera utøvarane til å hente stoff frå tradisjonsberarar
— å arbeide for vidareføring av pris/stipend for unge utøvarar og deira læremeistrar (tilsvarande profil som Sagaprisen) med ny samarbeidspartnar/sponsor
— å auke oppdragsmengda for utøvarane gjennom Norsk Folkemusikkformidling
— å bidra til at barn og unge får ta del i rikdommane i folkemusikken og dansen
— å arbeida for ei bevisstgjering blant utøvarane om å leggja til rette og levandegjere stoffet overfor publikum.

• Utvikling og samarbeid
NFD vil styrke stillinga til dei eldste formene av folkemusikken og bygdedansen i Noreg gjennom:
— å halde fram som pådrivar for sluttføring av folkemusikkutgreiinga i regi av Norsk kulturråd, leggja premiss for ei grundig drøfting av forslaga i utgreiinga, og væra pådrivar for at tiltak i etterkant blir fylgt opp
— føre vidare samarbeidet med Landslaget for Spelemenn om Norsk Folkemusikkatalog og Den Norske Folkemusikkscena
— styrke samarbeidet med andre kulturorganisasjonar og institusjonar
— styrke nordisk og internasjonal kontakt og samarbeid på folkemusikk- og danseområdet
— styrke NFD som tenleg reiskap for medlemmene

• Informasjon, tiltak og politisk påverknad
NFD vil spreie kunnskap og forståing om dei gamle norske folkemusikkformene, styrke forståinga for norsk folkemusikk i media, informere om NFD sitt arbeid og styrke NFD sin kulturpolitiske profil gjennom:
— utgjeving av Årbok for norsk folkemusikk 2001
— utgjeving av Kvinten med 6 utgåver i løpet av 2001
— å delta aktivt i den offentlege kulturdebatten og medverke til større løyvingar til folkemusikken og dansen
— arrangere opne debattmøte over aktuelle tema
— å arbeida for auka bruk og omtale av dei gamle norske folkemusikkformene i presse og etermedia
— å stimulere til auka bruk av folkemusikk og dans i samanheng med profilering av norske interesser heime og i utlandet
— å auke norske folkemusikkutøvarar sin kunnskap om rettar og plikter i arbeidslivet gjennom vidareføring av Forum for utøvarar, informasjon og rådgjeving til medlemmene
— auke kunnskapen om dei norske folkemusikkinstrumenta og styrke medvitet om trongen for godt vedlikehald
— å styrke NFD sin visuelle profil, utvikle marknadsføringsmateriell og samordne marknadsføringstiltak for Årboka og Kvinten for å fremje medlemskap i NFD
— å halde fram arbeidet med å styrke innkjøpsordninga for nye norske fonogram
— bidra til å auke talet på statlege stipend og opprette fleire garantiinntekter for folkekunstutøvarar

• Utøvarorganisasjon
NFD vil ivareta og styrkje utøvarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser gjennom:
— å halde fram arbeidet for å få etablert ein opphavsrettstilknytta vederlags- eller fonds-ordning for musikk med basis i munnleg tradisjon som vert bruka i kringkasting og på fonogram m.v., gjerne i samarbeid med andre organisasjonar med interesser innan området
— å søke godkjenning som rettighetshaverorganisasjon i GRAMO
— å halde seg fortløpande orientert om den internasjonale utviklinga på området, og være pådrivar for å oppretthalde merksemd om området overfor styresmaktene, utøvarane og media

• Organisasjon
NFD vil styrke eigen organisasjon og den faglege aktiviteten i organisasjonen gjennom
— å utvikle strategi for organisasjonen sin eigen utvikling og plass i samfunnet

• Norsk Folkemusikkformidling
NFD vil gjennom Norsk Folkemusikkformidling (NFF) styrke arbeidsmarknaden for utøvarar av folkemusikk- og dans, betra formidlingsarbeidet og auka tilgjenge til folkemusikkutøvarar ved å:
— vidareutvikla NFF som eiga organisasjonseining
— vidareutvikla og styrkja Norsk Folkemusikkatalog (NFK) som presentasjonskanal for utøvarar og instrumentmakarar, og tilby formidlingstenester tilknytt basen
— styrke den internasjonale merksemda om norske dansarar og folkemusikkutøvarar
— utvikle konsertproduksjonar og konsertinnslag for å bidra til å auke tilgangen på betalte folkemusikkoppdrag
— utgje oppfølgar-CDen Meisterspel II i samarbeid med Grappa Musikkforlag
— delta i andre aktuelle arrangement og CD-utgjevingar som fell inn under lagsføremålet

Publisert:

Del: