Landslaget for Spelemenn synes folkemusikere får for lite for komposisjonene sine i TONO-systemet. Artikkelforfatterne Jorun Marie Kvernberg og Frode Rolandsgard stiller også spørsmål ved TONOs syn på de mindre sjangrene: – I ein ingress om at mange musikkorganisasjonar har arrangøravtaler med TONO, skriv medlemsbladet:
“Ja, selv spelemenn, munnspillere og countryfans har sitt eget forbund”. Denne formuleringa synest vi marginaliserer smale musikksjangrar, skriver Kvernberg og Rolandsgard. De ønsker seg også større åpenhet rundt TONOs klassifiseringssystem og at bruk av “ikke vernet musikk” skal gå til et fond for folkemusikksjangeren: – Komponisten får vederlag for at han har dikta med utgangspunkt i folkemusikken, – tradisjonsberaren og folkemusikkmiljøet som har take vare på musikken, får ingenting.

Jorun Marie Kvernberg (Foto: www.majorstuen.biz)

Av Jorun Marie Kvernberg (styremedlem i LfS og freelance folkemusikar) og Frode Rolandsgard (informasjonsmedarbeidar LfS)

På nettavisa Ballade har det dei siste dagane vore heftig debatt om rettigheitshavarorganisasjonen Tono. Som kjend har Tono ansvar for å krevja inn vederlag for bruk av musikk spelt på konsertar, radio, TV og andre offentlege framføringar. Diskusjonen går m.a. på om TONO gjer skilnad på klassisk musikk og improvisasjonsmusikk, og at musikarar frå nokre sjangrar får betre betalt for jobben, enn musikarar frå andre sjangrar.

LfS og folkemusikarar har som kjend arbeidd lenge opp i mot TONO for å betre vilkåra våre der. Dette arbeidet har hatt ein todelt innfallsvinkel.

Kompensasjon for bruk av “ikkje verna musikk”.
For det første ønskjer vi ein kompensasjon for bruk av “ikkje verna” folkemusikk, (altså musikk med ukjend opphavsmann eller der opphavsmannen er død for over 70 år sidan), og at denne avgifta skal gå til eit felles fond for sjangeren. Denne problemstillinga har vi blitt einige om at samarbeidsorganet Rådet for folkemusikk og folkedans skal fronte, og arbeidet handlar i første omgang om å få til lovendringar.

Slik systemet er i dag kan komponistar og etermedia fritt bruke av folkemusikkarven vår. Komponisten får vederlag for at han har dikta med utgangspunkt i folkemusikken, – tradisjonsberaren og folkemusikkmiljøet som har take vare på musikken, får ingenting.

Engasjementet vårt tar utgangspunkt i at folkemusikken er eit felleseige, ein kollektiv musikkarv som førebels ikkje juridisk, men moralsk, skal kunne krevje ein kollektiv opphavsrett. Ein kompensasjon for bruk av folkemusikken skal kunne gå inn i eit kollektivt fond der midlane blir pløgd attende til forvaltarane av denne musikken.

I internasjonal samanheng er dette kanskje ei enda viktigare problemstilling, der spesielt folkemusikken frå den tredje verda blir plyndra av sterke kommersielle aktørar frå musikkbransjen i Vesten.

Rettferdig klassifisering av nyskriven folkemusikk!
Dernest ønskjer vi at folkemusikarar skal få skikkeleg betalt for den musikken dei registrerer i TONO, dvs nykomposisjonar, arrangement o.l. Til no har vi nemleg hatt ei kjensle av at folkemusikken ikkje heilt blir take på alvor av TONO.

Artistar knytt til sjangeren vår melder inn til oss at musikken deira blir plassert lågt i klassifiseringssystema til TONO, og at dei såleis får lite tilbake for komposisjonane sine. Dette skjer iflg. musikarane sjølv om musikken kan vera arrangert/ komponert med «høg kompleksitet», som er eit omgrep TONO sjølv nyttar seg av. Situasjonen er tilspissa etter at mange folkemusikarar har fått utdanning frå høgare utdanningsinstitusjonar, og såleis har fått auka kunnskap om TONO og musikkpolitiske spørsmål.

Ein av artistane vi har vore i kontakt med har ønskt seg meir innsyn i klassifiseringssystemet til TONO, slik at det skal vera enklare å argumentere for at eit verk bør få høgre klassifisering. Artisten fekk til svar at dei ikkje kunne leggje ut nærare informasjon om kva som låg til grunn for vurderingane, fordi dette kjem an på den enkelte sakshandsamaren og at dette dessutan vil endre seg med tida!

Eit sitat frå medlemsbladet til TONO nr. 4/2005 illustrerer kanskje korleis TONO ser på smale musikksjangrar. I ein ingress om at mange musikkorganisasjonar har arrangøravtaler med TONO, skriv medlemsbladet:

“Ja, selv spelemenn, munnspillere og countryfans har sitt eget forbund”.

Denne formuleringa synest vi marginaliserer smale musikksjangrar, og vi mistenkjer dette for å vera eit uttrykk for korleis TONO ser på smale sjangrar. Det er elles rett at Landslaget for spelemenn har ein arrangøravtale med TONO, noko som gjer at vi betalar TONO-avgift for arrangement i regi av medlemslaga våre.

Korleis skal folkemusikarar få betre betalt for musikken sin?

På den eine sida må vi syte for at musikarane våre kjenner TONO-systemet og klarar å utnytte dei moglegheitene som alt er der. Eit eksempel på tilpassing er at det kan vera klokt å levere ny musikk inn på notar. Vi har nemleg ei mistanke om at opptak ikkje kjem like godt ut som notar i klassifiseringssystemet.

Dette heng kanskje saman med at TONO ser ut til å ha liten kapasitet til å handsame nyregistreringar, og at klassifiseringa difor må gå særs raskt. i.o.m. at folkemusikarar i mindre grad enn mange andre sjangrar brukar notar som arbeidsverktøy, fører denne praksisen til mykje bortkasta tid med å skrive verk ned på notar berre for TONO.

Kulturendring
Dernest trur vi at det må til ei kulturendring i TONO. Vi må få forståing for folkemusikken sine særeigenheiter og arbeidsformer. Til dømes ynskjer me at verdien av musikk skal kunne målast i kvalitetsparameter som også er gyldige for folkemusikken, og ikkje tvinge den og alle andre sjangrar til å bli tilpassa ei kunstmusikalsk bedømming.

Både i forhold til argumentasjon og forståing verkar det av og til som om folk oppfattar TONO som ein slags koloss som sit bak tjukke dører og tar seg til rette over norsk musikkliv, godt beskytta av eit norsk og internasjonalt lovverk.

Dei gjer som dei vil og er ikkje særleg mottakelege for innspel og kritikk. Slik er det naturlegvis ikkje. TONO er som kjend opphavsrettshavarane sin eigen organisasjon styrt av Norsk Komponistforening (NKF), Norske Populærautorer (NOPA) og Norsk Musikkforleggerforening (NMFF). Den oppgåva dei har er å ivareta og forvalte sine eigne sjølvsagte rettigheitar.

Når vi nemner behovet for ei kulturendring i TONO, så er det for å peike på kor viktig det er med respekt og forståing for dei ulike sjangrane sine spesielle kvalitetar, særeigne kompleksitet og sjølve handverket til komponistane. Ut frå attendemeldingar frå folkemusikkomponistar er vi ikkje sikre på at denne forståinga er til stades i dag. TONO må ivareta alle medlemmene sine interesser på best muleg måte.

Publisert:

Del: