Forestillinga “Skal – skal ikkje” hadde urpremière under folkemusikkfestivalen i Førde i år, og gjorde stor suksess. No skal “Skal – skal ikkje” ut på turné landet rundt. Folkemusikkgruppa Kvarts har skreve ny musikk til forestillinga, og forfattaren Eldgrim Springgard har skreve manus.

Fra "Skal - skal ikkje"

“Skal – skal ikkje” tek utgangspunkt i folkekulturen vår, og er ein blanding av teater, musikk og dans. Regien er ved Leif Stinnerbom, som driver det svenske Västanå Teater og som mottok glitrande kritikkar for si oppsetning av Ibsens “Peer Gynt” ved nyopninga av Rogaland Teater i fjor. – “Skal – skal ikkje” er konsert-teater med fokus på konserten, seier han. – Musikken står i forgrunnen, sjøl om det heile er satt inn i eit dramatisk konsept.

Eit ungt par har funne kjærleiken og vil giftast. Men dei blir begge to utfordra av påkjenningane unge, moderne elskande kan oppleve. Kan han godta hennar sjølstende? Kan ho godta hans binding til mora? Tradisjon og modernitet. Gamle oppfatningar og nye idear. Mann og kvinne. Og svigermor.

Med seg på perkusjon har Kvarts Birger Mistereggen, som forsterkar det dramatiske og drivande lydbildet til handlinga. I rollene som brura og brudgomen finner vi Øyonn Groven Myhren og Hallvard Holmen, og Berit Opheim er den konservative, men livsvise mora til brudgomen. Dansarane Martin Myhr og Solveig Hårdnes, to velkjende namn innan folkemusikken, er maskeparet som illustrerer og kommenterer handlinga gjennom dans, gester og bruk av maskene.

Her er turnélista for “Skal – skal ikkje”:

* 13.september: Borre, Høyskolen
* 14.september: Gålå, Borgen Høyfjellscene
* 15.september: Steinkjer, Dampsaga
* 17.september: Oslo, Lindemannsalen, Norges Musikkhøgskole
* 18.september: Voss, Kulturhuset Fraktgodsen
* 19.september: Sandnes, Kulturhuset
* 20.september: Vinje, Vinjehuset
* 21.september: Vågå, Vågå Kulturhus
* 22.september: Ål, Ål Kulturhus

Publisert:

Del: