Idealisme og nyfikne folk har gjort den årlege folkemusikkfestivalen i Førde til ein suksess. Festivalen har satsa på ukjende men interessante artistar frå alle verdshjørne. I fjor hadde Førde internasjonale folkemusikkfestival over 30 000 besøkande. Bård Vegar Solhjell er oppvaksen i nærleiken av Førde og er ein utflytta festivalentusiast frå dei første åra på 90-talet. Solhjell bur no i Oslo og arbeider til dagleg som partisekretær i SV. I denne artikkelen som er skrive spesielt for Ballade, fortel han om korleis festivalen vart starta og om programmet i år.

Majorstuen spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken)

Førde, med om lag 10.000 innbyggjarar og landets nest høgaste omsetnad i varehandel pr. innbyggar, ligg inst i Førdefjorden, midt i Sogn og Fjordane. Ein gong i året vert den ikkje utprega vakre byen i vakre omgjevnader invadert av folkemusikarar frå heile verda – og musikkentusiastar frå heile landet. Førde Internasjonale folkemusikkfestival er blitt ein litt overraskande suksess. Ein outsidar i festivalverda – utan store namn og spektakulære konsertar, men med masse mat for den nyfikne entusiast.

I 1989 ser alt heilt annleis ut. Forsøket på skape ein årviss country-festival i Førde har gått i vasken nokre år før. Den driftige fylkeskultursjefen i Sogn og Fjordane vil imidlertid at ting skal skje, og tek kontakt med folkemusikaren Hilde Bjørkum. Han overtaler ho til å være dagleg leiar for eit prosjekt som skal settast i gong året etter; folkemusikkfestivalen i Førde.

Hilde Bjørkum tek den halve stillinga (50% lønn og 150% arbeid) som dagleg leiar for den første festivalen. I løpet av eit hektisk år trommar ho saman eit program med vekt på Austeuropeisk folkemusikk. Artistar blir henta inn via omtale og kjennskap. Kontakten går mellom anna via telexen som reisebyrået i Førde har.

Festivalen vert ein suksess. Med eit lite budsjett får ein seld 6000 billettar. Festivalen blir tradisjon. Tredje året gjev eit slags gjennombrot, med ei tredobling i talet på selde billettar. Det store innrykket dette året fører og til store logistiske problem med køar og for mange selde festivalpass.

For den nyfikne
Smaksprøver for den nyfikne har blitt eit varemerke ved festivalen. Kvar kveld er det ein konsert med smaksprøver på ei rekke av gruppene som vitjar festivalen. Årets festivalprogram har til dømes ein opningskonsert med artistar frå Afghanistan, Madagaskar, Sri Lanka, Finland, Noreg, Kina, Mali og Argentina!

Dette er heilt bevisst i følge dagleg leiar for festivalen, Hilde Bjørkum.- Det finst ikkje så mange verdsstjerner i folkemusikkverda, og dei som er det har vi ikkje råd til. Det inneber at mange kjem hit fordi dei er interessert i musikk utan å kjenne han frå før. Å tilby smaksprøver er ein måte å la folk prøve seg fram, å få ein følelse av kva dei likar og ikkje.

Men nokre stjerner har festivalen hatt. – Tarif de Haidouks, dei største ”stjernene” innan sigøynarmusikk, var her i 1993. Dei eldre cubanske herrane i Vieja Trova Santiaguera var i Førde før den store ”Buena Vista Social Club” bølga slo til for alvor. I tillegg er det gjerne slik at kvar festival skaper si eiga stjerne, ein artist som folk oppdagar under festivalen. Det var til dømes fantastisk å oppleve korleis ein totalt ukjend overtonesangar frå Usbekistan kunne målbinde ein fullsett sal, smiler Bjørkum.

Det er likevel mange ”stamkundar” på festivalen. I følge Bjørkum er om lag 75% av dei som kjem gjengangarar frå tidlegare festivalar. Entusiastar som kjem for å få tilfredsstilt interessa for ny og spennande musikk som ein ikkje har tilgong på til dagleg. Sjølv mange av ”fagpublikumarane” kjenner ikkje artistane dei kjem for å sjå. Det er som ein rockefestival sett saman av garasjebanda frå den andre sida kloden. Dei du aldri har høyrt om, men reknar med kan vere spennande.

I dag er folkemusikkfestivalen etablert i den norske festivalverda, riktig nok som ein lillebror til dei store. 5 millionar i årleg budsjett og 2 ½ stillingar gjev 30.000 besøkande og eit stort og variert program. I tillegg til konsertane har festivalleiinga satsa på andre tilbod som utstillingar og kurs. Ikkje minst kursa – i tango, felespel, overtonesong eller kva som helst anna – har vore ein suksess. Folkemusikkfestivalen er viktig for det norske folkemusikkmiljøet, som ein stor jobbskapar for utøvarar i denne sjangeren.

Alle festivalane har hatt eit hovudtema – i år er det ”europeiske stemmer”. Dei fleste kontinent og mange tradisjonar har vore presentert i djupna under ein festival. Nokre gjengarar er det og plass til. Irsk folkemusikk og argentinsk tango er sikre vinnarar blant publikum i Førde.

Informasjon eller billettar kan du få tak i på www.fordefestival.no

Publisert:

Del: