Teaterstykket “Jenta som ingen kunne målbinde” handlar om oppstyret når ei jente kjem inn på gutane sin arena, på ein stad ho ikkje skulle vere. Som ein raud tråd gjennom historia, frå kvinneforbud på det greske Olympia-stadion til Annette i hoppbakken. Eller jenta på gutelaget.

Fra "Jenta som ingen kunne målbinde" (1)

“Jenta som ingen kunne målbinde” er eit moderne eventyr, skrive av tidlegare teatersjef ved SOF teater, Mette Brantzeg. Ho likar å utfordre.

— Eg er ikkje ute etter å moralisere, men synes det er interessant å leike med tabu. Fotball er svært kjønnsbestemt og samtidig dominerande i verda. Eitt anna tabu er homser og fotball.
I Brantzeg sitt stykke er begge desse tabua ingrediensar i det som også kan kallast ei forviklingskomedie.

— Eg har ikkje spesielt peiling på fotball, men tek utgangspunkt i det som skjer i samfunnet og utfordrar formspråket. Let folkedans og fotball seg sameine? Svaret er ja, det går faktisk an og det blir
mykje moro av det også, seier Brantzeg. Eg har nytta kollegaene på jobb som fotball-konsulentar.

Framsyninga sorterer under sjangeren scenisk folkedans, der folkemusikk, folkedans og teater er sameint i ei forteljing. Sjangeren vart presentert på Førdefestivalen for to år sidan, med publikumsvinnaren “Svik”. Men starten på folkedans-musikk-teater satsinga i Sogn og Fjordane var Fjordapuls-prosjektet i 2001-2002, initiert av Rådet for Folkemusikk og folkedans i Trondheim.

Unge talentfulle folkemusikarar og -dansarar frå Sogn og Fjordane vart samla til samspel og dans. Dei turnerte fylket og responsen var god.
Sigurd Aae Clausen, som har regien på JENTA, synte i ein Fjordapuls-koreografi at folkedans og fotball var en mulig kombinasjon. Det inspirerte meg til å skrive stykket, og be Sigurd ta regien. Folkedans kan både brukast tradisjonelt og til å skildre samfunnsmessig og tidsaktuelle tema, seier Brantzeg.

Handlinga og aktørane

Kort fortalt er dette historia om den sporty jenta som ikkje får vere med på gutane sitt lag, men lurer seg inn likevel, med skjult identitet. Jenta – JO-forelskar seg i ein av gutane på laget og lider store kvaler. Guten på laget vert og forelska og skjønar ingenting. I ein gut? JO fører fotballaget til siger og ære, før ho blir avslørt og skaper furore.

Dette er komedie, der spesielt ungdom men og vaksne kan kjenne seg igjen, og der det er høve til å le av det meste, men kanskje mest av fordomane rundt ein folkekjær sport.
Mette Brantzeg har skrive fleire teaterstykker, men det er første gongen ho ikkje set opp sitt eige stykke sjølv. Det er ei ny og spennande oppleving å overlate manus i andres hender.
På scenen er ei blanding skodespelarar, dansar og folkemusikarar.

— Hovudrolle-innehavaren Solveig Hårdnes er det kvinnelege svaret på Tore Andre Flo. Ho er det i dans som han er i fotball. Den unge hallingdansaren gjorde seg bemerka på Førdefestivalen i fjor. Martin
Myhr er profesjonell hallingdansar, den einaste i landet som satsar på å leve av dansen på heiltid. Kyrre Eikås Ottersen er med som skodespelar og dansar. I tillegg er det to talentfulle ungdommar frå Fjordapuls, Åsta Urdal og Atle Hoff. Musikken blir framført av Synnøve S. Bjørset på fele og Kenneth Ekornes på perkusjon. Synnøve har dei to siste åra hatt stor suksess med Majorstuen, og Kenneth er fast trommeslager i Mari Boine Band.

— Det er ein fantastisk sprek gjeng! Viss noko går gale, er det min feil, seier Brantzeg og ler godt. “Jenta som ingen kunne målbinde” har premiere på Førde Internasjonale folkemusikkfestival laurdag 3. juli, i teatersalen i Førdehuset.

Publisert:

Del: