INTERVJU: I haust vart Reidar Storaas’ andre biografi om Geirr Tveitt lansert, 18 år etter hans første. I dette intervjuet fortel forfattaren om arbeid og problemstillingar, samt skilnaden mellom denne boka og sin førre Tveitt-biografi. – Etter 1990 kjende eg meg ikkje ferdig med Tveitt. Eg fann mange opplysningar som korrigerte og utfylte “Tonediktaren”. Dertil kom innslag frå anna hald, mellom anna breva til Wilhelm Hauer i Tyskland. Dette overtydde meg om behovet for ein ny omgang, seier Storaas om motivasjonen bak arbeidet.

Mellom triumf og tragedie/omslag

Av Ida Habbestad

Ida Habbestad: Når eg tenkjer på Geirr Tveitt, ser eg umiddelbart for meg at han må vera ein vanskeleg person å biografera. Alle dei underlege historiene ein har høyrt, om partitur som forsvinn og dukkar opp att – berre dette at han omgjorde sitt eige namn – vitnar om ein person som tidvis iscenesette seg sjølv, og som neppe var konsistent i ord og handlingar.

Dette inntrykket har vorte ståande gjennom lesinga av ”Mellom triumf og tragedie”, og det vert naturleg å spørja: Korleis forheld ein seg til ein så mangesidig person som Geirr Tveitt?

Reidar Storaas: Ja, det er i grunnen dette spørsmålet eg har brukt to bøker å svara på. Medan “Tonekunstnaren Geirr Tveitt” (Samlaget, 1990) kan oppfattast som eit con amore-skrift, meiner eg at “Mellom triumf og tragedie” viser kritisk holdning både i eigne vurderingar og ved utvalet av sitat.

Kritisk distanse vonar eg å ha unngått. Tvertimot, mitt ærend har vore å koma nær stoffet. Eg løyner ikkje personleg kjennskap til den portretterte og ei sterk binding til musikken hans. Eg blir glad når lesarar observerer varme i det tekstlege uttrykket innanfor ein sjanger der kjølig avstand synest å vera eit krav etter dagens mote.

IH: Men der er altså rom for ei grundigare handsaming av ei rekkje emne i denne nye boka. Kva var den viktigaste motivasjonen for å gå laus på biograferinga på nytt?

RS: Det som ligg i botnen er paradoksalt nok alt som blei borte. Geirr hadde kista full med stoff som ville gitt svar på mykje av det me ikkje veit. Men fordi brannen øydela alt dette og mykje meir, var det viktig å gripa fatt i dei kjeldene som fanst (Geirr Tveitt sitt hus brann ned til grunnen i 1970, red anm).

Fordi noko av dette arbeidet vart gjort så tidleg som i 1980-åra, fekk eg kontakt med jamaldringar frå barneår og ungdomstid, frå gymnasår, frå Leipzig og ikkje minst frå åra han etablerte seg som komponist i Oslo. Då levde vener og samarbeidspartnarar som alle er døde no, Olav Kielland, Arthur Klæbo, Knut Tvedt, Anders Kjerland, Sigbjørn Bernhoft Osa og andre. Eg snakka timevis og over ei årrekkje både med første kona Ingebjørg Gresvik og Tullemor Tveitt som han blei gift med i 1944. Dei gav informasjon som er viktig i samanhengen og bidreg til å teikna eit levande portrett.

Etter 1990 kjende eg meg ikkje ferdig med Tveitt. Eg fann mange opplysningar som korrigerte og utfylte “Tonediktaren”. Dertil kom innslag frå anna hald, mellom anna breva til Wilhelm Hauer i Tyskland. Dette overtydde meg om behovet for ein ny omgang. Slik fleire meldarar peikar på, går den nye boka djupare i stoffet. Dokumentasjonen er mangfaldig og rik, slik at boka kan koma til nytte som kjeldeskrift. Samtidig meiner eg at teksten er lettlesen for den som har ørlite interesse for norsk musikk. Portrettet av komponisten har fått langt fleire nyansar, men også ein mørkare lét.

Skapande og destruktiv

IH: Tittelen på herverande bok spelar på det tosidige tilhøvet kring personen Tveitt. Han opplevde suksess og han opplevde motgang – kanskje meir av begge delar enn dei fleste. Det framgår av boka at han var sterkt overtydd om sine eigne evner, men at han òg kunne setja dei sterkt i tvil. Stadig høyrer me om korleis han annonserte at verk skulle bli urframført; somme gonger utan at avtalen var i hamn, andre gonger før verket var skrive. Når så Tveitt ikkje alltid fekk gjennomslag for idéane sine, kunne noko av det skuldast at han øydela for seg sjølv?

RS: Ei skapande kraft av sjeldan styrke går her hand i hand med utslag av sjølvdestruksjon. Kva som utløyser dei destruktive impulsane er vanskeleg å seia. Faktum er at han skar sund det 45 minuttar lange orkesterverket ”Prillar” i sinne og fortviling. Andre ungdomsverk brende han opp. Men det er langt frå noko sersyn. Slikt har mange kunstnarar gjort.

IH: I tillegg har me brannen som ikkje akkurat har hjelpt ettertida å ta vare på tradisjonen etter Tveitt, men på mange vis har ”forseinka” Tveitt-forskinga.

RS: Ja, og eg trur nok at somme ting i boka ville fått ein annan valør dersom det overveldande store materialet som fanst på Tveit hadde vorte berga unna katastrofen i 1970. Alle notane som gjekk tapt, all dokumentasjonen kring kunstnarskapen. Det er ikkje til å tenkja på.

Ingen eintydig personlegdom

IH: Eitt anna stort kapittel – kanskje det viktigaste i di bok – omhandlar Tveitt si haldning til nasjonalsosialisme, nazisme, og det norrøne. Du skjuler ikkje at komponisten, alt tidleg i studietida gav uttrykk for ein viss skepsis mot det jødiske. Til dømes finst der uheldige utsegn frå komponisten der han omtalar Schönberg sin musikk i termar som ”jødisk atonalitetsgass”. Og der finst helsingar i brev til tyske musikarar med påskrifta ”Heil Hitler”.

Likevel tonar du ned styrken i kva omfang Tveitt skal ha vore tilknytt tidsskriftet Ragnarok og du går sterkt imot at Tveitt skal ha hatt nazistiske sympatiar under krigen. I Klassekampen i januar gav Gyri Tveitt klårt uttrykk for at faren ikkje var nazist, medan religionshistorikar Terje Emberland i fleire artiklar på HT08 sine heimesider argumenterer for at han hadde nasjonal-sympatiske haldningar både før og eit stykke inn under krigen. Er det mogleg å komma til botnen i desse spørsmåla om Tveitt sine haldningar og ideal?

RS: Om ikkje til botnen, så djupare enn før. Me snakkar om ein av Norges største kunstnarar i førre hundreåret, ein mann med veldig musikalsk produksjon og nokre av dei mest spela norske verk i dag. Likevel krinsar mange folks interesse for Tveitt om eit avgrensa tidsavsnitt, knytt til Ragnarok-rørsla i mellomkrigstida. Eg er forbløffa over kor stor vekt ein legg på dette eine kapitlet, og kor skeivt totalbiletet då blir. Det baud seg no i jubileumsåret høve til å påvisa ukorrekte påstandar og skeiv framstilling av somt i Tveitt-soga.

IH: Tveitt vart frikjend etter krigen – slik du seier til Dagsavisen i september – då tre framståande juristar i 1946 i ei juridisk gransking ”ikkje har anna å utsetja på komponisten enn at han under krigen tok imot kunstnarløn og eit stipend for å samla folketonar”. Slik eg tolkar deg, virkar det som du meiner han stadig treng frikjennast?

RS: Når klagemåla om nazisme stadig vert haldne fram, så er det avgjort grunn til å understreka ordet frikjend. Tveitt – aldri NS-medlem – vart skulda for unasjonal framferd, granska av ein offisiell kommisjon og frikjend for det han gjorde i funksjonen som Statens musikkonsulent 1940-42. Han bør verta spard for vidare forfylgjing, slik lagmann Solem peika på i sitt irettesetjande brev til Utanriksdepartementet medan Tveitt konserterte i Paris.

IH: Men bør ein ikkje i ein biografi påpeika – slik du jo sjølv òg gjer – tilknytningane til nasjonalsosialistiske miljø og, slik du sjølv dokumenterer, at der fanst antisemittiske uttalelser?

RS: Geirr Tveitt vert framleis stadig mistenkeleggjort. Artiklane hans i tidskriftet Ragnarok 1938 vart dregne fram for granskingsnemnda, men nemnda fann desse utan betydning for spørsmålet om nasjonal holdning. Nemndformannen var rekruttert frå heimefrontens toppskikt, ein mann med det næraste kjennskap til forholda under krigen, også på kulturfeltet. Dei sat med godt oversyn over Tveitt sin aktivitet og gjekk ikkje lettvint, men grundig inn i saka. Denne nemnda hadde høg juridisk kompetanse.

IH: Likevel vart det, slik du ser det begått urett mot komponisten i etterkrigstida?

RS: Ja. Han burde ha fått tilbake kunstnarløna eller tilsvarande utbetaling lenge før 1958. Han vart i mai 1945 sett på berr bakke. Det var urimeleg og ein kan tenkja seg kor fatalt det var for han. Tenk på Sivle. Det er lite tvil om at mange av dei vanskane som tårna seg opp hadde si årsak i ein kompleks personlegdom som eg har forsøkt å avteikna på 400 boksider. Tveitt blir ikkje mindre spennande som objekt for ein biograf fordi om han utover i 30-åra var tiltrekt av Ragnarok-krinsens svermering for heidendom og gamle gudar.

IH: I kva grad meiner du ein skal forhalda seg til menneskelege sympatiar og deira kunst? Kan ein skilja haldningane frå det kunstnarlege uttrykket?

RS: Ein må prøva å få fram begge element. Nytt stofftilfang frå ulike kjelder gjer at dette står klårare i den nye boka enn i den gamle: Tveitt er ingen eintydig personlegdom, mange ulike impulsar går på tvers. Antisemittiske utsegner frå studietida i Leipzig står motsett venskap og samarbeid med dugande jødiske musikarar i same perioden. Om Tveitt var heftig oppteken av den norske folkekulturen, var han jo òg tilsvarande interessert i folkemusikk frå svært framande land fjernt frå ein ”arisk” tankegang.

Ugløymande minne

IH: Me kan tydeleg slå fast: der budde mange slags impulsar i Tveitt. Dette impulsive fører òg til kaotiske tilhøve. Du berettar i boka om partitur som forsvinn også før brannen. Me høyrer om reiser der han gløymer att det eine etter det hitt – eller at han gløymer løfte eller ynskjemål han har komme med.

Men du stiller deg òg skeptisk til om alle desse fantastiske beretningane er sanne. Som at Tveitt skal ha frakta med seg eit piano gjennom ørkenen ved hjelp av to kamelar. Du var som nemnt ven med komponisten, og har sikkert høyrt mange av historiene hans direkte. Korleis sortera ut kva som var sanning og kva som var fantasiar?

RS: Dei som opplevde Geirr Tveitt i godt forteljehumør, fekk ugløymande minne. Fakta blei ved fantasiens hjelp eit nytt uttrykk. Eg set spørsmål ved visse overdrivingar, men stoggar der når kjelder og bevis manglar. Då er det uråd å konkludera. Geirr Tveitts fantasiliv var større enn det levde liv. August Albertsen råkar spikeren med denne utsegna.

IH: Når det så gjeld dette med å vera etteretteleg; du er i eit innlegg av Sjur Haga Bringeland i Dag og Tid kritisert for å stilla påstandar i lause lufta. ”Ein er ofte i tvil om det er Tveitt eller Storaas som uttaler seg”, skriv han, og hevdar at grunngjevnad og diskurs tidvis manglar i boka. Er dette ein påstand du kan kjenna deg att i?

RS: Eg vil heller sitera professor Jan Inge Sørbø som skriv i Morgenbladet 17.-23. oktober at “Boka til Storaas er sterkt dokumenterande, slik at ein også kan gjera andre tolkingar enn hans eigne, ut frå materialet han legg fram. Og så er det fascinerande lesnad; ein seier som Olav H. Hauge (i dagboka): ”Ein eventyrar!” – “Personen Tveitt må ha vore svært fascinerande, gåtefull, impulsiv, fargerik, fantasifull. Men det er likevel musikken hans som gjer at vi les om han. Og den står så fullt og heilt på eigne bein. Men biografien til Storaas kan vera ein fin veg dit. Eit grundig og nyansert arbeid er det, med venens klåre signatur under.”

IH: Tilsvarande lurer eg på korleis du stiller deg til påstandar om det musikkfaglege. ”Det er ingen fagbok, men den er tilstrekkelig besjelet av emnet musikk til at fagfolk vil få forstand av å lese den”, skriv Idar Karevold i si melding av boka i Aftenposten. Korleis har du tenkt kring slike aspekt?

RS: Eg kjenner meg att i Idar Karevolds påpeiking.

IH: Likevel: her er plass for enkelte eigne betraktningar kring musikkfaglege aspekt. Ved eitt tilfelle imøtegår du til dømes ein teori i Einar Røttingen sin doktorgrad om at Tveitt skal ha sitert Grieg medvite i ein av sonatane sine.

RS: Einar Røttingen er ein framifrå pianist med stor innsikt i Tveitts tonegangar, ikkje minst gjer den seg gjeldande i tolkinga av ”Sonata Etere”. At eg har ei litt anna oppfatning av noko han hevdar i doktoravhandlinga si, trur eg han aksepterer. Fordi om ei avhandling er godkjend i det akademiske systemet, bør ho stå open for seinare vurdering. Boka mi gir godt rom for andres oppfatning av Geirr Tveitts musikk fram gjennom karrieren. Den bør ha verdi også som resepsjonshistorie. Geirr Tveitt blir ein ikkje ferdig med. Han er og blir ein mangfaldig toneskald, det viser seg i jubileumsåret. Han lever som komponist når mange av dei som blei stort feira i si samtid for berre nokre tiår tilbake, er reint gløymde

IH: Og så var han ein person som gjekk sine eigne vegar. Han talte Grieg og Sinding midt i mot – men sidan varmt om begge. David Monrad Johansen var ein tidleg mentor, men dei to vart uvener etterkvart. Fanst der haldningar hjå Tveitt som var konsistente livet gjennom?

RS: Aversjonen mot atonaliteten!

Reidar Storaas “Mellom triumf og tragedie, Geirr Tveitt – ein biografi” er utgiven på Det Norske Samlaget

Publisert:

Del: