I budsjettet for 2006 er Ultimafestivalen, Festspillene i Elverum, Kortfilm-festivalen i Grimstad og Sigrid Undset-dagene – Norsk Litteraturfestival foreslått som knutepunktfestivalar under Kultur- og kyrkjedepartementet. For Ultima inneber knutepunktstatus ein vesentleg auke i det totale offentlege tilskotet.

Ultima-logo, 2005

— Som knutepunktfestivalar vil desse få 60 prosent av det offentlege tilskotet frå staten og 40 prosent frå lokale/regionale styresmakter. Dette er alle festivalar med eit så høgt nivå at dei fortener dei stabile rammene knutepunkstatus gir, seier kultur- og kyrkjeminister Valgerd Svarstad Haugland i ei pressemelding.

Ultima er ein veletablert festival for samtidsmusikk og har opparbeidd seg eit internasjonalt omdømme. Festivalen arbeider aktivt for å presentera mangfaldet blant norske og utanlandske samtidskunstnarar. For Ultima inneber knutepunktstatus ein vesentleg auke i det totale offentlege tilskotet.

Festspillene i Elverum er ein viktig arena for klassisk orkester- og kammermusikk. Festivalen har eit nært samarbeid med Ungdomssymfonikerne. Med knutepunktstatus vil det statlege tilskotet til festivalen auka med 50 prosent til om lag 1,6 millionar kroner.

For første gong får vi to knutepunktfestivalar som ligg utanfor musikkfeltet. Sigrid Undset-dagene har markert seg som den fremste litteraturfestivalen vår, og i samband med at festivalen no får knutepunktstatus, foreslår departementet å auka tilskotet til Sigrid Undset-dagene med 400 000 kroner.

I tillegg foreslår departementet eit statleg tilskot på 1,5 millionar kroner til Kortfilmfestivalen i Grimstad. Kortfilmfestivalen har lange tradisjonar og spelar ei viktig rolle for filmmiljøet nasjonalt og internasjonalt, heiter det frå departementet.

Publisert:

Del: