Organisasjonen for folkemusikk og folkedans fekk i år 700 000 kroner til rekrutteringssatsing. Dextra Musica utvidar no tildelinga med støtte for dei tre neste åra.

Dextra Musica og FolkOrg Foto: Thor Hauknes

Under avsparket for prosjekta i rekrutteringssatsinga i FolkOrg fredag 17. november kunngjorde Eline Moe Melgalvis frå Dextra Musica at dei løyver 3 200 000 kroner til FolkOrg for dei tre neste åra, i tillegg til tildelinga frå 2017. Det vil seie at organisasjonen kan fordele midlar til endå fleire prosjekt.

Les også: 700 000 til rekruttering innen folkemusikk og folkedans.

– Det er viktig for oss å vere med på å synleggjere det viktige arbeidet som blir gjort på rekruttering til folkemusikken og folkedansen. Vi gler oss til å følgje denne satsinga framover, seier Eline Moe Melgalvis, prosjektansvarleg i Dextra Musica i ei pressemelding.

Tildelinga gjev FolkOrg moglegheit til breiare satsing på rekruttering. Dette vil ikkje berre gagne dei yngste, men ein får også moglegheit til å skape dei gode miljøa som sjangeren er kjent for rundt om i heile landet.

– Rekrutteringsarbeid handlar ikkje berre om barn og instruktørar, men også å skape gode møteplassar for alle som likar tradisjonsmusikk og tradisjonsdans. Ein treng frivillige – både forbilde, dansemusikk, pølsekokarar, nattevakter og mykje, mykje meir. Med andre ord er dette pengar som vil kome heile Folkemusikk-Noreg til nytte, sier Øyvind Sandum, rådgjevar for lokallaga i organisasjonen i meldinga.

Dextra Musica er eit dotterselskap av Sparebankstiftelsen DNB.

Publisert:

Del: