Strøymetenestene burde finne opp ein knapp der ein kunne bli eksponert for musikken som står i motsett ende av algoritmen din, skriv Hanne Kolstø.

bobler, © Peter Leth / Flickr.com

Denne teksten er opprinneleg publisert i Fanfare#11 – Den alternative kulturmeldinga. Den er gjengjeven med artikkelforfattarens tillating.

På 2000-talet fekk eg jobb i ein platebutikk. Eg møtte opp med ein del kunnskap om musikk, men ein relativt smal musikksmak: Eg likte postrock. Det var det. Vi var fem på dagtid og kanskje seks-sju som rullerte på kveldstid. Musikksmaken var svært variert. Ein elska hardrock av typen AC/DC, ein annan kun elektronisk musikk – som eg då visste lite eller ingenting om – den tredje digga softrock, og sjefen vår elska jazz. Vi rullerte sjølvsagt på kven som fekk bestemme musikken vi spelte i butikken, for eksempel eit album kvar, eller ein song kvar, men etter kvart skjønte eg at jobben ikkje berre var å selje plater i x mengde timar, det var også å lytte til musikk eg ikkje likte, eller faktisk i nokon tilfelle hata, i veldig, veldig mange timar i strekk.

Du skjønar sikkert kor eg vil hen, for det kom sjølvsagt noko godt ut av denne tvangslyttinga. Ein studie gjort av australske forskarar ved University of Melbourne i 2013 tydar nemleg på at kva vi oppfattar som harmonisk og fint er eit resultat av trening, og ikkje naturlege føresetnader, som tidligare antatt. Musikksmak er ein læringsprosess. Kjærleik for musikalske harmoniar sit altså ikkje i hjartet eller øyrene, men i hjernen, som det også viste seg hjå meg.

Hanne Kolstø Foto: Sigve Knardal

Etter eit år hadde eg ei platesamling beståande av like mykje techno og house som postrock, nokon heilt ferske jazzskiver og til og med noko soul som hadde snike seg inn etter seine kveldsvakter med ein veldig dedikert soulmusikk-elskar. Musikk smittar. Sjølv om eg aldri skaffa meg ei einaste AC/DC-skive, var det overraskande mykje anna musikk eg var open for. Det var ikkje berre Mogwai som kunne få meg til å gråte, det kunne Aphex Twin også, eller ein jazzballade sunge av Nancy Wilson. Desse åra i platebutikk hadde stor påverknad på personlegdomen mi, og ikkje minst musikken eg skreiv i åra etter.

*

Ei filterboble er eit internettfenomen der eit individ blir kapsla inne i eit ekkokammer av eigne meiningar, preferansar og idear. Omgrepet vart først brukt av Eli Pariser i boka Filterboblen: Hva internett skjuler for deg (2011). Filterbobler oppstår fordi innhaldsbaserte anbefalingsalgoritmar, inkludert dei på Facebook, YouTube og Spotify, tilpassar brukaren si oppleving for å best matche brukaren sine tidlegare handlingar.
Erik Schmidt i Google har sagt om framtida at: «Det kjem til å bli veldig vanskeleg å sjå eller konsumere noko på internett som ikkje på nokon måte har blitt skreddarsydd for deg.» For oss musikkinteresserte betyr det at vi i mindre og mindre grad vil bli utsett for noko som avvik frå musikk vi tidlegare har lytta til. Vi blir servert musikk med minst mogleg motstand, som glir lett inn øyregangen og bekreftar den vi er frå før, ikkje utfordrar den vi kunne blitt.

Dersom du er flink eller interessert nok kan du finne alt på internett, men er det nokon som gidd å bruke tid på å leite lenger? Kan du hugse når du sist leita etter musikk utanfor strøymetenester som Spotify eller Tidal? Høyrer du på spelelistene Spotify har sett saman til deg? Tenker at det er sprøtt kor godt dei kjenner DEG og DIN smak?

Algoritmane bør gjere oss bekymra på fleire plan, men akkurat her eg sit no er eg mest bekymra for våre framtidige populærmusikk-komponistar. For det kan verke som om den popmusikken som flest blir utsette for i dag blir likare og likare, og dersom låta di ikkje inneheld «four awesome chords», vokalsample, og paraplydrink-synthlyder – ja, då er du som «den nye jazzen» å rekne. Eg likar jazz, eg, men vi er alle tent med motstand, å bli eksponert for ting vi utgangspunktet trur vi ikkje likar. Utan motstand meiner eg vi kan ende opp med å bli ein veik kopi av oss sjølve, middels fornøgde, fanga i vår eiga vesle trygge filterboble.

*
Eg besøkte ein folkehøgskule sist haust, hadde med meg ein bunke med blanke ark og ein boks med pennar og møtte ei spent gruppe 19-åringar som skulle på låtskrivar-seminar. Eg bad dei legge vekk mobilar og andre forstyrringa og sa at vi skulle skrive friskrift, forklarte dei at vi skulle bruke det som eit agn for å kome i kontakt med oss sjølve slik vi kunne finne det unike ved kvar enkelt som låtskrivar, det som igjen kan gjere oss interessante for andre å lytte til, og følgje.

Det gjekk litt trått med skrivinga i starten, det er ikkje berre lett å kople ut tankane og la det underbevisste flyte fritt på eit ark, men etter kvart fekk eg dei med meg, og det vart skrive om både det å ikkje ha noko å skrive om, til at nokon hadde turt både skrive og lese opp nokon av sine inste triste og absurde tankerekker. Det er alltid fantastisk å høyre kva som bur innerst inne i eit anna menneske. Men det var samtalen med eit par av dei etterpå som fekk meg til å tenke. Fleire sa at det å skrive musikk alltid har handla om å gjere noko riktig ifølge ein formel. Ein skriv slik ein blir bedt om, ikkje utifrå ein stad inne i seg, utifrå at ein vil seie noko, uttrykke noko eige til omverda. Dei snakka om radiolisting, om akkordbruk og om korleis tekstane ikkje burde handle om å bli dumpa, men at ein skulle gå sigrande ut for at det skulle kunne bli ein hit.

Kunnskapen om korleis ein kan få det til er lett tilgjengeleg for alle, det finst uendeleg mange nettstader som kan fortelle deg formelen på ein hit. I teorien kunne ei datamaskin ha gjort det, men til no har ingen forsøk ført fram. Grunnen er openbar: Ei datamaskin manglar det emosjonelle aspektet.

For det er ein ting å skrive på kommando, det kjem jo alltid til å eksistere dei som skriv for å lage ein hit. Poenget er ikkje å ta desse folka, eg elskar hits eg, berre ikkje det faktum at alle skal skrive hits – det blir kjedeleg. Men det at desse unge visste så lite om dei mange som både skriv frå hjarte OG har hatt ein hit, var alarmerande. Skal det bli dei få som får oppleve at musikk kan opne opp noko i ein? At den ikkje berre skal gli forbi, eller dansast til på fest? Populærmusikk skal òg kunne romme noko meir enn ein straumlinjeforma tekst om kor sterk ein følte seg etter at ein dumpa kjærasten.

*

Dei fleste anbefalingsmotorar krev eksplisitte tiltak for å anbefale deg nye typar musikk. For å bryte ut av ei filterboble og utfordre deg sjølv om smaken din, må du leite opp nye typar musikk sjølv. Det er den einaste måten du kan slå algoritmen på, og dermed bidra til at mangfaldet som finst der ute, framleis har mogligheit til å eksistere. Leit deg fram, lytt til eit heilt album, og låt sju sjølv om du ikkje likte låt to, utsett deg for andre folk sin smak, del speleliste med ein du veit høyrer på ein annan sjanger enn deg. Lytt ein gong til sjølv om ei låt ikkje klistra seg på første forsøk. Diskuter musikk. Tør å vere ueinig med folk om kva du meiner er bra, og ikkje.

Eg synest også Spotify og Tidal burde finne opp ein knapp der ein kunne bli eksponert for musikken som står i motsett ende av algoritmen din. Dei kunne for eksempel kalla den for «Challenge-button».

Hadde den eksistert veit eg om mange som hadde brukt den. Men til den er klar, har du makta over mangfaldet sjølv. Bruk den.

Hanne Kolstø (født 1981) er musiker, sanger og låtskriver. Opprinnelig fra Sykkylven i Møre og Romsdal. Hun har gitt ut album årlig siden 2009.

Vi gjør oppmerksom på at Fanfares redaktør, Synne Øverland Knudsen er varamedlem i styret til Foreningen Ballade.

Publisert:

Del: