KONSERTMELDING: ”Orkester og kor gjorde dyktig innsats – men frå min plass i salen virka forsterkinga av desse grupperingane ikkje optimal. Det overskugga imidlertid ikkje gleda over å få høyra ein internasjonal samtidsopera i Noreg – plassert som ein av dei viktigste satsingane ved vår største kunstmusikkfestival”. Det meiner Ballades utsende om operapremieren L’amour de loin, den første konsertopplevinga under Festspillene i Bergen.

L'amour de loin_1 (Foto: Helge Skodvin)

Av Ida Habbestad

— Veit du kvifor havet er blått, spør Jaufré Pilgrimen.

— Det er fordi det speglar seg i himmelen, svarer Pilgrimen.

— Men kvifor er himmenel blå, spør Jaufré.

— Det er fordi den speglar seg i havet, er svaret.

Slike er den enkle, middelalderske tonen i libanesiske Amin Maalouf sin
tekst.

Finske Kaija Saariaho fylgjer opp, med eit tonespråk rikt på mystiske,
varme klangfargar.

Moderne klisjé

I 1984 uttalte komponisten at det aldri ville verta aktuelt for henne å
skriva korkje symfoniar eller opera. Forma er av mange rekna som konservativ
og satt – men då hennar “L’amour de loin” faktisk var ferdigstilt
i 2000, og urframført under Salzburg-festivalen, var det starten på eit
nyskapande og nært samarbeid med Maalouf. Det resulterte ikkje berre i
dette verket, men i nok ein opera, samt eit oratorium, begge ferdigstilte
i 2006.

Ei av årsakane til at Saariaho ikkje tidlegare tilnærma seg operaformatet,
var redsla for å tråkka i gamle konvensjoneller rammer. Etter mi meining
trør Saariaho langt på veg i gamle spor i dette verket, og fyller det med
operatiske klisjéar.

Det musikalske innhaldet teiknar stemningar kring teksten, karakterane
vert portretterte gjennom det musikalske materialet, slik det er vanleg
å gjera innan operaforma. Samstundes lukkast ho skapa ei moderne ramme
kring verket – og tonespråket er som ei bru mellom nytt og gamalt; middelalder
og notid.

Dragning mellom motsetningar

Til denne framsyninga hadde songarane ingen regi. I staden vart ei animert
utgåve av forteljinga vist – i det direktørane i høvevis festspela og
Den Nye Opera kalla eit “moderne gesamtkunstverk”. Kunstnarduoen
Elmgreen & Dragset sto bak denne: Ein vakker, var og innhaldsrik beretning
i tonar av kvitt, svart og blått.

Repetisjonar, samt hyppige vekslingar mellom konkrete og abstrakte bilete
var mellom verkemidla her. Forteljinga vart dessutan beretta på fleire
plan. Middelalderversjon med den uskuldige, vakre Clémence i lange, enkle
kjoler og trubaduren Jaufré med alpelue, sto i kontrast til 2008-versjonen.
Der møtest dei på Internett, korresponderande gjennom enkle, forkorta setningar,
og der ein lytta til stilla mellom dei, medan ein venta på den andres svar.

Slik tilførde dei nok ein kontrast til verket, som elles er bygd opp av
dragninga mellom motsetningar; mellom mann og kvinne, kjærleik og død,
Europa og Orienten.

Forstyrrande lydbilete

Solistane som var henta til forestillinga song framifrå. Baryton Jaakko
Kortekangas gjorde ein varm og inderleg Jaufré, mezzosopran Helene Gjerris
ein audmjuk Pilgrim – medan sopran Pia Freund gjorde sterkt inntrykk i
si avsluttande, djupt fortvila bøn.

For som kjærleikshistorier (og operaer) flest enda også denne i det botnlaust
djupe: Jaufré som etter eit utsvevande liv endelig har funne den reine
kjærleiken hjå den vakre, uskuldige Clémence vert dødssjuk på veg til henne,
og døyr så snart han kjem fram. Slik vert kjærleiken aldri fullbyrda. Clémence
klandrar seg sjølv for hendinga, og bestemmer seg for å gå i kloster for
å gjera opp for seg.

Også orkester og kor gjorde dyktig innsats – men frå min plass i salen
virka forsterkinga av desse grupperingane ikkje optimal. Heller virka det
forstyrrande på det elles velbalanserte inntrykket av songarane på scena
og bileta på skjermen.

Det overskugga imidlertid ikkje gleda over å få høyra ein internasjonal
samtidsopera i Noreg – løfta opp som ein av dei viktigste satsingane ved
vår største kunstmusikkfestival.

Med strålande vær attpå, samt ein godt tima avblåst flystreik, vart tonen
med dette satt, for ei bevgivenhetsrik første festivalhelg.

Publisert:

Del: