Er Awesomnia corny fordi dei held skulekonsertar, eller har Den kulturelle skolesekken plukka dei fordi dei er corny?

Awesomnia Foto: Olav Opsvik

– Disko!, ropte den første eleven som fann vegen inn i kantina ved Haugerud ungdomsskole i Oslo, ein vanleg skuledag. Rett nok var det fredag, men denne utsendte journalisten var ikkje heilt budd på stemninga hiphop-gruppa Awesomnia hadde lagt opp til. Kantina var forvandla til eit fullverdig, mørklagt klubblokale, med solid scene- og lysrigg som veksla mellom blått, gult, raudt og grønt.

Fleire elevar strøymde til, men når alle var samla var berre rundt ein femtedel av rommet fylt. Det la kanskje ein liten dempar på stemninga, men at elevane sto tett saman skapte også eit samhald og ein synkronitet som er viktig for ei slik konsertoppleving.

Forsøksvis morosam intro
Utøvarane i trioen Awesomnia spratt fram ein etter ein, med islandske DJ Bjartur “Beatur” Gudjonsson først, tett fulgt av den australske trommeslagaren Nick “Snatch” Hatch. “Beatur” leia ein litt snål intro. Med overdriven forteljarstemme snakka han om det episke møtet mellom dei som utgjer gruppa, og gav ein liten historieleksjon i hiphop der han gjekk gjennom ulike stilartar nokså kronologisk. Det var ein del ironisk distanse i introen, men eg er ikkje sikker på om ungdommane tok humoren.

Awesomnia Foto: Olav Opsvik
Awesomnia Foto: Olav Opsvik

Publikum responderte først når trommeslagar “Snatch” la ein litt tung, feit hiphop-groove – og dette tyder på at Awesomnia burde kome seg raskare til gjennomføringa av låtar.

Difor løsna det også bra når MC-en entra scena. Maria “Lotus” Karlsen er ei karismatisk dame med solide ferdigheiter som dansar. Første låt, “It’s all good”, er relativt nedpå, men i møte med ungdomsskulelevar som kanskje ikkje er på sitt mest gira kl. 11 på føremiddagen heldt Awesomnia koken.

Retro eller utdatert?
Stilmessig blei eg, både med “It’s all good” og neste låt “I don’t give a shit”, teken tilbake til mi eiga ungdomsskuletid, og kanskje enda lengre. Ikkje på grunn av teksten, som til dømes refrenget i sistnemnte låt: “All them thoughts you thought about me/Keep on thinking/I don’t give a shit!”, men på grunn av uttrykket, både til kompet og rapparen. Det er lenge sidan eg har høyrt slik hiphop live, fordi ingen spelar slik lenger. Awesomnia har klare referansar til såkalla g-funk. Både flyten i rappinga og beatsa gir assosiasjonar til 90-talsstjerner frå Noreg og vestkyst-USA, som til dømes Tommy Tee og Dr. Dre: Det er tung, litt marsjerande puls og eit ganske hardt uttrykk, sjølv om tekstene ikkje dreiar seg om narkolanging på USAs vestkyst i denne samanhengen.

90-talsreferansar må naturlegvis vere lov! Men når Den kulturelle skolesekken ikkje la opp til vidare oppfølging med opplegg om hiphop-historie og stilutvikling, korkje i konserten eller på nettsidene, fekk eg ei kjensle av å opplevinga mangla særpreg og tilknytning til det meste som rører seg av hiphop i Noreg og verda elles i dag.

Undervegs lurte eg på kva som var tanken bak konseptet Awesomnia, og kvifor Den kulturelle skolesekken har hyra dei inn

I tillegg blei det gjort og sagt ting frå scena som gjorde det ekstra corny og lettare pinlig. DJ Beatur har visse eigenskapar som beatboxar, men eg kan ikkje tru at nokon synest det var særskild stilig når han gjekk for ein “trompet”-solo. Og litt plutselege, påtatte utsegn som “Mine søstre: Gjensidig respekt! Aha – aha. Check!” frå MC Lotus kjentes kunstig og merkelig. Soleis blei det kanskje ikkje ein hyllest til ikon frå 90-talet, men meir eit bleikt ekko.

Undervurdert publikum
Undervegs lurte eg på kva som var tanken bak konseptet Awesomnia, og kvifor Den kulturelle skolesekken har hyra dei inn. Når ungdomskultur som hihop skal inn i ein skulesamanheng kan det fort bli kollisjon og småflaut (litt som “Kick the burger”).

Samtidig er jo mange av dagens vaksenpersonar meir dus med sjangeren enn for berre nokre år sidan, og ein skulekonsert skal kanskje ikkje vere same oppleving som ein har på klubbkonsertar på andre tider av døgeret. Balansen mellom ei naturleg, god konsertoppleving og dei “ekstra” elementa som rettferdiggjer konserten sin plass i skuletida er ofte nøkkelen til å lukkast, tenkjer eg.

Når det gjeld slike tilleggselement hadde Awesomnia eit ganske tydeleg moralsk underlag i sin konsert: Tru på deg sjølv, ikkje lat deg styre av press og negative kommentarar frå andre. Før siste låt fortel Lotus at ho blei mobba då ho var yngre og skapte sitt artist alter ego for å kjenne seg sterk. Beaten på siste låta hadde utgangspunkt i eit sample av temasongen fra Pippi Langstrømpe, som gir fine assosiasjonar til sterke kvinnefigurar. Før dette rima ho godt om kroppspress mellom to låtar.

Awesomnia Foto: Olav Opsvik
Awesomnia Foto: Olav Opsvik

Men utan eit sterkt musikalsk underlag vert ikkje bodskapane sterkt nok formidla til å gjere eit varig inntrykk. Dagens ungdom fortener kvassare materiale enn dette. Stilmessig er ikkje utøvarane i Awesomnia særskild friske eller interessante: flyten er ganske haltande og beatsa er alt for polerte og firkanta, og minner ofte meir om D’Sound enn det hardbarka uttrykket frå produsentar som Dr. Dre.

Selfiestemning
Kanskje var det difor det største suset i salen kom då DJ-en etter siste låt spøkte og tulla medan Awesomnia tok selfies med publikum. Stemninga som det så fint blei rigga opp til var ikkje bortkasta, men utøvarane burde teke fleire initiativ ovanfor publikum. Det musikken ikkje lukkast med kunne ein fått betre fram gjennom å engasjere salen tidlegare. Samtidig, når musikken i så stor grad er bærande element, lyt alle på arrangørsida vere bevisst på kva slags musikk dei konkurrerer med.

For i kvardagen lyttar elevane til tungt produsert, moderne hiphop, med komplekse, industrielle beats og heftig, variert rap. Awesomnia kunne ha halde på den noko daterte stilen sin om dei gjorde det med kvassare kantar. Men slik konserten var på Haugerud er eg redd elevane gløymer den ganske raskt.

Og med det er konklusjonen klar: Den kulturelle skolesekken skal gi elevar relevante kulturopplevingar i skulekvardagen. Om opplevingane ikkje er nemneverdige eller varige, er det ikkje godt nok.

Awesomnia heldt skulekonsertar i Oslo 12.-22. september. Ballade var til stades på Haugerud skole 16. september.

Artikkelen er laget med midler fra Periskop-prosjektet, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er initiativtakere og eiere av nettsiden Periskop.no og Periskop-prosjektet.

Publisert:

Del: