Festspillgårsdagen vart ein festdag med pianist Austbø som medrivande kraft! Fyrstedel av kvelden gjekk rett nok med til å glo inn i sinnet til Sjostakovitsj. Sønderknust var stikkordet. Då var det godt å avslutte med frydesongen Håkon Austbø og Ingrid Kapelle framførde i Håkonshallen.

Brodsky Quartet

Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Den Nationale Scene var åstad for ‘Noise of Time’: ei fin teatralsk tolking av Sjostakovitsj sitt liv. Eit teaterstykke som bunnar ut i kvartett no 15. Denne merkelege Sjostakvartetten inneheld ikkje den stadige rytmisiteten Sjostakovitsj er så kjend for. Ingen ringare enn Brodsky Kvartetten framførde på DNS – midt i ein gripande kollasje. Gamle originale filmopptak, radioopptak, utklipp og ting på scenen fortalde sin del av forteljinga om Dimitri. Mange av familiefotografia var blåst opp på bakgrunn laga av hundrevis av noteark. Det gjorde også rommet effektfullt. Då til slutt Brodsky Kvartetten inntok scenen vart det heile selsomt og inntrengande. Dei lange tonane satte eit verdig punktum på det heile. Slike mixedmedium-forestillingar kan fort gå i do i fiksheit. Det gjorde overhovudet ikkje denne! Ein raffinert sceneinnleving og suverent spel gjorde det tvert imot veldig godt.

Storarta var Håkon Austbø og Ingrid Kappelle si framføring av Szymanowski og Messiaen. Ein sein kveldskonsert i Håkonshallen. Trass i at den muslimske suiten til fyrstnemnde var nokså valdsamt preludium til Harawi av Messiaen. Einaste innvending: I mektig ro og kontemplasjon burde Harawi stått heilt åleine.

Eg vart imponert over kor sikker tonekjensle og samspel duoen gjennomfører. Særleg dei komplekse rytmiske løpa i Harawi. Der det berre er konsonantane som trenger såvidt gjennom gigantisk pianoteppe. Under dei svake partia var det verkeleg grunn til å juble! Dermed blei dei dramatiske utbrota også velvalgte og begrunna. Ei mektig konsertoppleving med andre ord, det også – med mange muntre innslag.

Ikkje alle like friviljuge allikevel muntre: særleg var tutinga frå ein av dei digre båtane i Vågen uhyre morosam. Ein stad trudde me det berre var Austbø som song: perfekt intonasjon. At det var kjekt viste også smila til musikarane tydeleg.

Publisert:

Del: