Vårens siste festivalpub går av stabelen onsdag 11. mai – i løa på Rytne Gard i Bygstad. Det er trioen Bufaste Tonar, med Håkon Høgemo, Tom Karlsrud og Judith Vestrheim som får æra av å ha første konsert i den nyrestaurerte løa, som ligg ved foten av den kneisande Kvamshesten. Bufaste Tonar er for tida på turné i fylket med folkemusikk frå Sogn og Fjordane.

Håkon Høgemo (Foto: Norsk Folkemusikkatalog)

Bufaste Tonar spelte på festivalen i 2002, og er for tida på turné i fylket med eit repertoar som byggjer på folkemusikk frå Sogn og Fjordane. Før dei kjem til Bygstad har dei mellom anna vore i Jostedalen og i Aurland.

Rytne gard har ei historie som går heilt tilbake til 1100-talet, og løa oppunder fjellet burde vere ei perfekt ramme når trioen med hardingfelemeisteren Håkon Høgemo og trekkspelaren Tom Karlsrud set kvarandre i stemne – og for Judith Vestrheim si tolking av folketonar. Konserten vil spenne frå det vare og lågmælte til den meir heftige og intense slåttemusikk frå fjordane.

— For festivalen er det spennande å kunne legge arrangement litt ut frå Førde. I fjor hadde vi ein svært vellukka utekonsert på Rytna, og vi skal ha utekonsert i Bygstad på sommarens festival også, fortel Torill Gundersen Faleide på festivalkontoret.

– Så når Helge Kårstad og Merete Larsmoen på Rytna tok kontakt for å få eit pub-arrangement i løa deira, slo vi sjølvsagt til. Dette kan fort bli ein tradisjon!

Rytne har som nemd ei lang historie. Garden var kyrkjegods under Apostelkirken i Bergen frå ein gong mellom 1100 og 1300 fram til 1563, og har i over 650 år vore sjølvstendig gardsbruk.

— I dag er husa restaurerte, dei eldste frå 1600-talet. Vi har ynskja å ta vare på det spesielle gardsmiljøet med si historiske atmosfære. Her vil du finne ro, kunne stresse ned og late omgjevnadene gje deg ei heilt spesiell oppleving: Litt saktare, litt sprekare, litt “rikare”, og litt meir naturleg, lovar Gundersen Faleiude.

Håkon Høgemo har vore frilans spelemann sidan 1993, og timelærar på Norges Musikkhøgskole sidan ´00, på Ole Bull Akademiet sidan ´93 og Griegakademiet (UiB) ´95-96. Han spelar i fleire grupper, mellom anna Bufaste tonar (sidan ´94), Slåttetrioen (sidan ´95) og UTLA (sidan ´92).

Høgemo har og medverka på CD-utgjevingane “Å fela ho let” (1988), “Mellom vener” (1988), “UTLA” (1992 – og nominert til Spelemannsprisen), “Juv” (1993), “Bufaste tonar” (1994), “Brodd” (1995), “Dans” (1999), “Solo” (2000 – vinnar av Spelemannsprisen), “Marylands” (2001) og “Femstein” (2004).

Meir om Rytne Gard kan du lese på www.kaarstadbruk.no.

Publisert:

Del: