Det er viktig for oss å poengtere at konsertinformasjonen ikkje inneheld ei oppmoding om å sjå «Amadeus», skriv DKS Hordaland

Wolfgaaang! Tor Jaran Apold (Fiolin) Foto: Thor Brødreskift

Vi er glade for at Ballade set fokus på produksjonar som turnerer i Den kulturelle skolesekken (DKS).

Hovudmålet for ordninga er at alle elevar i skulen skal få eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod, og
kvalitetssikring er ei kjelde til konstant diskusjon.

Det er viktig med eit kritisk søkelys på kvaliteten i kunst- og kulturformidling til barn og unge, då denne verksemda går under radaren til dei fleste vaksne.

Det er likevel naudsynt for oss å korrigera ein direkte feil i omtalen.

I artikkelen «God vilje – vanskelig form», publisert 25.05.16, er mellom anna produksjonen «Wolfgaaang!» (for 1. – 7. trinn) omtalt. Kritikeren har òg tatt med ei vurdering av informasjonen som går ut til skulane før konsertbesøket.

Her kan ein lese i Ballade:
«… I presentasjonen av konserten på DKS sine hjemmesider oppfordres lærerne til å se filmen Amadeus med elevene på forhånd. Utøverne synes imidlertid ikke å ha noen ambisjon om å oppklare de historiske feilene i filmen…»

Det er viktig for oss å poengtere at konsertinformasjonen ikkje inneheld ei oppmoding om å sjå Milos Forman sin film «Amadeus», ein film som dessutan har aldersgrense 12 år.

Derimot står desse forslaga til korleis skulen kan førebu sine elevar til konserten:

• Kjenner de noko av hans musikk? Finn de nokre av songane hans i songbøkene på skulen? Til dømes: “Det klinger så herlig”, Kom mai, du skjønne, milde” og “En fuglefanger er jeg, ja” og “Alfabetet” (frå “Tryllefløyten”)
• Er det nokon i klassa som spelar piano og som har eit stykke av Mozart på sitt repertoar?
• Lytt til Minken Fosheim si innspilling av “Eventyret om Mozart”, – om ho er tilgjengeleg

Vi set pris på gode og seriøse diskusjonar om kva som kjenneteiknar kvalitet i kunst- og kulturformidling til skulen, all den tid fakta er korrekte.

Ronny Skaar (seksjonssjef) og Wenche Gausdal (produsent), Hordaland fylkeskommune

Publisert:

Del: