INTERVJU: Åse Teigland har i desse dagar lansert si nye plate “Stille”, der ho gjennom ei rekkje slåttar gjev døme på ni ulike måtar å stemma hardingfela på. – For meg har det vore ei eiga motivasjon gjennom fleire år å læra ulike stille, fortel hardingfelespelaren som i skrivande stund er i Kina. Der set ho, saman med eit kinesisk orkester, musikk til Rasmus Breistein sin stumfilm frå 1926, “Brudeferden frå Hardanger”.

Åse Teigland08-2/Foto: Hanne Solheim

Av Ida Habbestad

Det er 10 år sidan Teigland solodebuterte på plate, den gong med ”Dansarsteinen” laga på initiativ frå NORCD. Sidan har ho bidratt ved utgjevingar i ulike konstellasjonar – seinast i 2004 med trioen ”Skrekk”, beståande av Camilla Granlien samt Tone Juve i tillegg til Teigland sjølv.

Men denne plata er altså den første på lang tid hardingfelespelaren gjer som soloutøvar. Gjennom tida som er gått, meiner Teigland å ha komme nærare sitt eige uttrykk.

— Det var sjølvsagt spanande å få spørsmål om å gjera den første innspelinga, og det var ein prosess eg lærde mykje av. Men eg føler nok at denne plata er meir mi enn den førre, seier ho om utgjevinga som har fått namnet ”Stille”.

For når ein snakkar om å stemma ei hardingfele, treng det ikkje einast handla om finjusteringar av intonasjonen, men òg om å bestemma kva for eitt av dei fleirfaldige høve kombinasjonar av tonar ein skal nytta. Plata spring ut frå ynskjet om å demonstrera slike kombinasjonar, og gjennom dei 21 spora vert ni stille presentert.

— Dei mange felestillene som finst er eit fascinerande fenomen. For meg har det vore ei eiga motivasjon gjennom fleire år å læra ulike stille, seier Teigland, og grunngjev:

— Først og fremst tykkjer eg det er spanande å sjå kva som skjer med instrumentet når ein stemmer det om, å sjå korleis dei ulike instrumenta reagerer. Der er store variasjonar: Klangen endrar seg; både det harmoniske høvet og lyden i seg sjølv. Somme gonger kan instrumentet klinga opnare. Andre gonger oppstår andre slags fargar og sjatteringar. Instrumentet kan verta meir lettspelt – eller motsett; det kan bli meir komplisert å spela, fortel Teigland.

Begrensningar og vakker klang

Dei mange stillene kan vera ekstreme i ulike retningar, og me bed Teigland om å skissera to som står langt frå kvarandre. Hardingfelespelaren hentar først fram eit stille med oktav-avstand mellom dei to midtste strengene, og dessutan ein uvanleg djup nedste streng (EAac#), som i alt gjev ein nokså mørk gjenklang i instrumentet.

— Slåtten eg presenterer i dette stillet, ”Bygdatråen”, har eg prøvd å læra meg heilt sidan eg var ung, seier ho.

— Men det har teke lang tid å få tak på den, for det er begrensa kva ein kan gjera i dette stillet. Både fordi det tek lang tid å stabilisera instrumentet med to så store sprang, og fordi det er vanskeleg å få instrumentet til å fungera i stillinga. Eg måtte mellom anna arbeida lenge med å finna ein strøkteknikk som var brukande.

— Eigentleg er det nokså merkeleg at nokon ein gong i tida kom på at dei skulle gjera det på denne måten. I dag kan me jo ha mange instrument for å få til dei ulike stillene, medan spelemennene i eldre tider berre hadde éi fele som dei vrengte rundt på. Ein kan jo lura på korleis det høyrdest ut! ler Teigland.

Det ekstreme, djupe stillet har sin motsetnad i huldrestillet (Aeah) – som her vert presentert i ein huldreslått.

— Her er det òg berre denne slåtten eg kan i stillet, seier Teigland. – Med berre ein sekund mellom dei to lysaste strengane, kling det dissonerande til tider, og også desse er nokså kinkige å få til. Men ein oppnår altså ein ganske fin stemning, hevdar ho.

Imellom desse ytterpunkt finst store variasjonshøve, og der er inga eksakt oversikt over kor mange stille som er mogleg, fortel Teigland, som likevel peiker på at det i skriftlege kjelder gjerne er snakk om kring 25 stille i dei ulike tradisjonane.

Når Teigland så har valt dei ni som her er presentert, handlar det dels om kva stille ho sjølv kjenner til – men òg om at materialet ho framfører er frå hennar eigen heimetradisjon, frå områda kring Hardanger og frå Hordaland for øvrig. Notematerialet har ho henta frå Arne Bjørndals samling i Bergen samt frå Hardingfeleverket, medan arkivopptaka mellom anna stammar frå Hardanger folkemusikksamling på Utne.

På vent

Dette er slåttar som har lege på vent, skriv Teigland i coverteksten. Med det signaliserer du fleire ting?

— Ja, for det første har desse slåttane ligge lenge i arkiva. I arkiva kring om er det uendelege mengder materiale, som havna der på eitt eller anna tidspunkt, og som ikkje har vorte formidla i den levande tradisjonen. Det har vore eit mål for meg at dei skulle gjerast levande, svarer Teigland.

— I tillegg er dette slåttar eg har hatt med meg ei tid. Eg har lært dei fleste etter notar og har ikkje hatt mange lydreferansar. Det er krevjande, for sjølv om enkelte av melodiane er enkle, er eg vand med å læra alt etter gehør.

Opplever du så nokon skilnad på denne typen prosess – som jo har fått gå over lang til – i høve til korleis du normalt arbeider?

— Notane seier jo lite! Derfor treng dei tid til å modnast. Der er ting eg ikkje kan gjera så mykje med bevisst, men det er òg ting eg må ta stilling til i utforminga, som ville vore tilgjengleg på ein annan måte om eg hadde høyrt andre spelemenn gjera dei. Når eg har lært slåttar frå spelemenn, har eg i tillegg til spelemannen òg gjerne høyrt opptak av andre som har tolka slåtten. Eg har kunna samanlikna, plukka litt her og der, medan eg her i mange tilfelle berre har den eine, tause referansen, seier Teigland.

— Men dette utgangspunktet gjev òg ein fridom. Notane gjev ei ramme eller ei skisse. Ein kan ikkje lesa dei som nokon fasit – for den som skreiv dei ned kan ha gjort endringar, kan ha forenkla eller gjort feil, då må ein jo sjølv gå aktivt inn i materialet. Eg har ikkje forsøkt å kopiera arkivmaterialet, men å vekkja det til live, seier Teigland.

Mykje å oppdaga

Når denne artikkelen vert publisert, er Teigland i Kina, saman med den norske dirigenten Kjell Sein og eit kinesisk orkester som framfører musikk til regissør Rasmus Breisteins stumfilm frå 1926, ”Brudeferden i Hardanger”. Stumfilmen er resturert av Halldor Krogh, som òg har gjort eit omfattande arbeid for å finna ut kva slags musikk som opphavleg vart nytta – og skapa eit moderne uttrykk inspirert av det originale.

Og sidan Breistein sjølv spelte hardingfele, vart Krogh inspirert til å ta utgangspunkt i musikk frå ein annan av Teigland sine utgjevingar; ”Håstabøslåttar” (innspelt med Knut Hamre og Frank Rolland), som her er arrangert for orkester, to av dei med Teigland som solist.

Eit artig oppdrag, meiner Teigland, som understrekar at det å stadig oppleva og oppdaga nye ting er ei drivkraft.

— Som folkemusikar opplever eg vel at myten om at ein berre driv med konservering og oppretthald av tradisjonen stadig står i hevd. Eg får til dømes spørsmål om eg ikkje heller kan komponera, men for meg vert det på ein måte ei omvendt problemstilling. Det er mykje å utforska – eg kjem aldri til å læra meg alt det som finst i arkiva, og det er altså ikkje snakk om konservering men å gjera levande. Eg er glad i å samarbeide med ei rekkje folk på ulike instrument, men kjem alltid attende til solospelet.

Trass alt dette; du berettar i coverteksten at du aller mest søkjer inn i det stille?

— Eg likar stille ja. Stilla er noko av det vakraste som finst, og som ein stadig oppdagar på nytt. Samstundes kan ein jo spørja seg om kva tid ei hardinfele vart stille? På plata er det store kontrastar mellom slåttar som eg føler er veldig neddempa og andre som er utagerande.

— Nettopp det er nok det eg tykkjer er mest fascinerande med dei ulike stillene; at dei skapar slik mangfaldig variasjon.

Publisert:

Del: