I samband med meldinga om at Arve Tellefsen er vinnar av Valen-prisen for 2004, tillyser Sveio kommune Fartein Valen-stipendet for 2005. Stipendet er for komponistar og alternerer med prisen for utøvarar. Søknadsfrist er 1. juli. Her finn du tillysingsteksten.

Fartein Valen

Sveio kommune tillyser med dette for fjerde gong ”Fartein Valen-stipendet” for komponistar som i hovudsak bur og arbeidar i Noreg. Stipendet alternerer med ”Fartein Valen-Prisen” for utøvarar. Tildelinga vil skje med bakgrunn i plan for bruk av stipendet, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid. Den som får tildelt ”Fartein Valen-stipendet” må arbeida i Sveio innan eit år etter tildelinga.

Opphaldet er avgrensa til 4-6 veker. Kommunen stiller bustad og arbeidsplass til rådvelde. Den tidlegare bustaden til Fartein Valen, Valen-heimen, vert nytta til føremålet. Huset ligg vakkert til i rolege omgjevnader, 40 km nord for Haugesund. Huset framstår både som eit museum og eit moderne husvære. Kjøken, daglegstove, bad og soverom er restaurert for å tilfredsstille moderne krav. Atmosfæren i huset er spesiell og gjer det til ein særs inspirerande arbeidsplass. Offentleggjering av tildelinga skjer gjennom pressemeldingar. I tillegg vert den som får stipendet presentert under Fartein Valen-festivalen 2005 som årets komponist. Storleiken på stipendet er kr 25.000.

Søknadsfrist er 1.juli 2004 og skal sendast til Sveio kommune, ”Fartein Valen-stipendet 2005”, Postboks 40, 5559 Sveio, tlf 53748000 faks 53748001. E-post: ole.j.furdal@sveio.kommune.no.

Fartein Valen-festivalen i Sveio og Haugesund vil formidla inntrykk av ein av dei framste og mest nyskapande komponistane Noreg har hatt.

Det vert lagt vekt på eit variert og spennande program som vil auka forståinga av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponisten sin heim og miljøet rundt. I år 2004 vert festivalen arrangert 23. – 25. april.Festivalen er presentert på denne webadressa: www.farteinvalen.no

Publisert:

Del: