Fartein Valen-stipendet tillysast for fjerde gong. Stipendet er for komponistar som i hovudsak bur og arbeidar i Noreg, og den som får stipendet på kr. 25.000,- får arbeida i Valenheimen i Sveio, og vert presentert under Fartein Valen-festivalen 2006 som årets komponist. Søknadsfrist er 1. april.

Fartein Valen-litografi av Aarrestad, 2004

Sveio kommune tillyser med dette for fjerde gong “Fartein Valen-stipendet” for komponistar som i hovudsak bur og arbeidar i Noreg. Stipendet alternerer med “Fartein Valen-Prisen” for utøvarar.

Tildelinga vil skje med bakgrunn i plan for bruk av stipendet, CV og dokumentasjon av tidlegare arbeid. Den som får tildelt “Fartein Valen-stipendet” må arbeida i Sveio innan eit år etter tildelinga. Opphaldet er avgrensa til 4-6 veker. Kommunen stiller bustad og arbeidsplass til rådvelde.Den tidlegare bustaden til Fartein Valen, Valenheimen, vert nytta til føremålet. Huset ligg vakkert til i rolege omgjevnader, 40 km nord for Haugesund. Huset framstår både som eit museum og eit moderne husvære. Kjøkken, daglegstove, bad og soverom er restaurert for å tilfredsstillemoderne krav. Atmosfæren i huset er spesiell og gjer det til ein særs inspirerande arbeidsplass.

Offentleggjering av tildelinga skjer gjennom pressemeldingar. I tillegg vert den som får stipendet presentert under Fartein Valenfestivalen 2006 som årets komponist. Storleiken på stipendet er kr 25 000,-. Søknadsfrist er 1. april 2006 og skal sendast til

Sveio kommune, “Fartein Valen-stipend”,

Postboks 40,

5559 Sveio,

tlf 53748000

faks 53748001.

E-post: ole.j.furdal@sveio.kommune.no.

Sveio og Haugesund kammermusikkfestival Fartein Valen-festivalen vil formidla inntrykk av ein av dei framste og mest nyskapande komponistane Noreg har hatt. Det vert lagt vekt på eit variert og spennande program som vil auka forståinga av Fartein Valen som komponist og menneske. Sentralt i festivalen er komponisten sin heim og miljøet rundt. Festivalen vert arrangert kvart år siste helga i april.

Festivalen er presentert på web adresse: www.farteinvalen.no

Publisert:

Del: