Øyvind Torvund har arbeidd med den kunstnarlege utviklinga av Music Factory og Borealis og er tilknytt Festspillene i Bergen som rådgjevar. I går vart han vald av eit einstemmig styre til leiarstillinga i Ny Musikk. – Eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk, seier han til Ballade.

Øyvind Torvund 2007 - 3 (Foto: Stian Andersen)

Av Ida Habbestad

— Eg er sjølvsagt ekstremt glad for å få denne jobben. Det er ei fin utfordring, og eg likar veldig godt å setja saman konsertar, seier Øyvind Torvund som tiltrer stillinga i Ny Musikk til hausten.

Etter endte komposisjonsstudier ved Norges musikkhøgskole i 2001 har Torvund vore aktiv komponist og produsent. Desse røynslene gjer han til ein verdig kandidat til stillinga meiner Ny Musikk sitt styre, som i ei pressemelding viser særskilt til evna han har til å skapa “intense og eksklusive konsertopplevelser”.

Eitt døme på dette er Bandrom-syklusen, med utforskingar av konsertformatet, som starta då han var huskomponist for Oslo Sinfonietta i 2003.

Kva er så komponisten sine visjonar for Ny Musikk?

— Eg byrjar ikkje for fullt i jobben før til hausten, så der er ikkje lagt konkrete planar endå. Men det eg vil leggja mest vekt på er å presentera gode konsertar. Eg vil leggja vekt på å invitera interessante internasjonale aktørar, aller helst til samarbeid med norske musikarar og komponistar, svarer Torvund.

Færre tema – fleire uttrykk
Torvund etterfølgjer Lars Petter Hagen, leiar i Ny Musikk frå 2003, og no midlertidig tilsett som direktør for Ultima.

Kjem du til å gjera om på den kunstnarlege retninga som Hagen har lagt opp til dei siste åra?

— Lars Petter har ført ei veldig klår linje med konseptuelle tilnærmingar til kurateringa, i alle fall på festivalane. Eg har ikkje endå bestemt meg for om eg vil vidareføra Happy Days på ein slik måte. Eg kjem nok i allefall ikkje til å tenkja tematikkar på ein så klår måte, svarer Torvund.

— Men Lars Petter har òg vore flink til å henta spanande namn til Noreg og til å opna for samarbeid med mellom anna lydkunstmiljøet. Slike ting ynskjer eg å ta vidare, og eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk.

Du er ikkje redd for at ein mindre konseptuell tankegang vil gjera organisasjonen mindre synleg?

— Ein organisasjon som arbeider med ny musikk kan alltid jobba meir mot publikum. Mykje av det som har skjedd i Ny Musikk har vore med utropsteikn bak, som Happy Days på Oslo City. Der har òg vore ei rekkje andre prosjekt, som Klang – Rom – Stillhet-serien, festivalen med Helmut Oehring i 2008, og mykje anna som eg ser som like viktig. Utfordringa er nok heile tida å presentera den eksperimentelle musikken på ein måte som gjer at publikum vil komma og høyra på, seier Torvund.

Som meiner løysinga aller mest ligg i å laga gode konsertar, og som gjerne oppsummerer sitt noverande prosjekt for organisasjonen;

— Eg ynskjer å laga konsertar som kan vera ei oppløftande oppleving, med ein ekstrem kontrast som arbeidsmåte, men der kontrasten ikkje er utan grunn.

Publisert:

Del: