– Det viser at me gjer noko rett, og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier direktør Per Idar Almås.

Førdefestivalen fekk nyleg den europeiske EFFE-prisen. Frå venstre: Ivar Svensøy, AP-representant frå Førde bystyre, direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås, kommunalsjef for idrett og kultur i Førde kommune, Hilde Bjørkum, kommunikasjonssjef Torill Faleide frå festivalen, © European Festival Association

På eit arrangement i Brussel sist veke vart Førdefestivalen, som ein av fem festivalar, heidra med den internasjonale EFFE AWARD (Europe for festivals, Festivals for Europe). Blant 800 festivalar hadde ein jury valt ut 24 til finalen, og fem av desse mottok den gjevaste utmerkinga, EFFE AWARD, skriv Førdefestivalen i ei pressemelding.

Dette sa juryen om Førdefestivalen:
Førde Traditional & World Music Festival in Norway provides a remarkable example of excellence as well as artistic and curatorial integrity. July 2019 sees its 30th edition, Førde annually presents 300 artists in 90 acts across 30 venues in concerts, workshops, master classes, children’s events and many other endeavours. It has been a winner of Songlines’ best world music festivals worldwide and The Guardian’s top 10 festivals in Europe.

– Det å få ei slik utmerking og den anerkjenninga det inneber, er heilt fantastisk. Det viser at me gjer noko rett, og at det blir lagt merke til utover Sunnfjord og Noreg, seier direktør Per Idar Almås, som var stolt og glad over å motta prisen.

Til stades under prisutdelinga var også tidlegare direktør for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, som no er kommunaldirektør for kultur og idrett i den nye Sunnfjord kommune, og Ivar Svensøy, representant for vertskommunen Førde, og kommunikasjonssjef for Førdefestivalen, Torill Faleide. Festspillene i Bergen var blant dei 24 festivalane som mottok utmerking.

Direktør Per Idar Almås mottek prisen frå jurymedlem Farouz Nishanova, direktør i Aga Khan Music Awards, © European Festival Association

Dei fem festivalane som gjekk heilt til topps i festivalkåringa var:
Conrad Festival, Krakow i Polen
Festival Deltebre Dansa, Deltebre i Spania
Førdefestivalen, Førde
GogolFEST – Multidisciplinary International Festival of Contemporary Art, ulike byar i Ukraina
Welcome to The Village, Leeuwarden i Nederland

Det er festivalorganisasjonen EFFE, Europe for Festivals, Festivals for Europe, som står bak denne festivalkåringa. Under prisutdelinga vart det streka under at kulturelt samarbeid over landegrensene i dag er viktigare enn nokon gong.

Publisert:

Del: