Trioen 3T trekkjer fram noko av det mest grunnleggjande musikken triggar i oss: glede og samkjensle, skriv Olav Opsvik.

Livet på turné for Den kulturelle skulesekken må vere noko ganske anna enn det mange musikarar opplever elles. Å skulle prestere klokka ni ein onsdags morgon for eit hundretals born som er der fordi dei må, er langt frå feststemte, frivillige vaksne på ein fredagskveld.

Dei røynde musikarane som utgjer trioen 3T har lang erfaring i begge endar av den aksa, og gjorde sitt for å skape mindre avstand mellom ytterpunkta. I det eg fann vegen i stilla, gjennom skodda frå parkeringsplassen til gymsalen på Bjørlien skule i Vestby ein mørk novembermorgon hadde eg aldri trudd at der skulle vere full fest ein time seinare. Korleis klarte dei det?

Banalt konsept?
Trioen som utgjer gruppa 3T er trombonist Henning Johnsen, tubaist Stein Erik Tafjord og den svenske trommeslagaren Marcus Lewin. Dei to sistnemnte er kanskje aller mest kjent for å utgjere grunnmuren i Brazz Brothers, ei gruppe som har vore svært aktiv heilt sidan tidleg åttital (med Lewin på slagverk sidan 1998). Eg var spent på kva så rutinerte utøvarar ville syne gjennom konseptet, som verka nesten mystisk på papiret.

For i programomtalen på nettsida til skulesekken i Akershus blir ein invitert inn i “groovejungelen” for å høyre 3T spele dei mest “rocka og rare rytmene” dei veit om. Når ein ser på ulike slike skulekonsertprogram, finn ein ofte ein slags bodskap, eller ei ramme i tillegg til det musikalske, noko ein kan presentere musikken gjennom og som kan lære borna noko om både musikk og andre tema. Slike uttalte rammer gjev eit tydeleg bilete av kva for pedagogiske ambisjonar musikarar og produsentar har.

Trioen 3t slik den er presentert av Rikskonsertene. (Skjermdump)
Trioen 3t slik den er presentert av Rikskonsertene. (Skjermdump)

3T, som har namnet sitt på grunn av dei tre instrumenta dei spelar, trombone, tuba og trommer, skal spele nokre grooves og ferdig med det. Det er då for banalt, tenkte eg. Det må vel vere noko meir; skal det ikkje meir til for å få skuleborna til å spisse øyrene?

Minimale rammer
Det var noko meir, men ikkje mykje. I byrjinga dramatiserte Johnsen og Tafjord eit tilfeldig møte mellom to musikarar som øver kva for seg — og synast det er kjedeleg. Dei improviserte ein dialog rundt vêret slik det faktisk var den dagen, før Lewin som ikkje hadde vore å sjå, plutseleg laga lyd under teppet som dekte over trommene, til umiddelbar latter frå borna i den vesle gymsalen.

Trioen blei samde om å spela saman heller enn å øve for seg sjølve. Johnsen hadde ei “dynge” med masse rare effektboksar, og leika ledig med dei over ein stødig groove frå Tafjord og Lewin. Ein rask trommesolo og litt slapstick-humor med slag over fingrane skapte òg rask respons.

3T Foto: Olav Opsvik
3T Foto: Olav Opsvik

Heavy “Mamma Mia”
Borna vart meir direkte involverte då heldige elevar fekk trekke ein lapp for låtval og ei for stilval. Slik kom det heavyrock-verson av “Mamma Mia” og ein jazz- og ein popversjon (til stor ekstase) av “Forelska i lærer’n” med allsang. Johnsen følgde opp med ein tullete “vaktmester-rap” om kven som har øydelagt lampa på “guttedo”, før dei runda av med enkle variantar av “I Feel Good” og ikkje minst “Happy”, som var ein fulltreffar med omsyn til responsen frå publikum.

Mot slutten hadde det ikkje forundra meg om dei fleste borna allereie hadde gløymt kva som var dei dramaturgiske rammene for konserten. Introduksjonsfasa blei først og fremst eit verkty for å skjerpe merksemda frå borna. Deretter var kanskje det mest sentrale utanommusikalske grepet at alt var tilsynelatande spontant og uføreseieleg.

Nøye planlagt
Samstundes var det ganske openbart at det meste var nøye planlagt, inkludert “trekkinga” av låt og stilart. Og sjølv om konserten hadde få andre element enn musikk åleine, er det både ein bodskap og ein pedagogisk tankegang bak opplegget til 3T, som eg meiner fungerte veldig godt.

Det viktigaste dei gjorde var å syne korleis musikk kan vera både venskap, leik og improvisasjon, og korleis det kan gå føre seg i praksis.

Medan programomtalen kun peikar på det konkrete, altså presentasjon av “rare rytmer”, opplevde eg ein klar, om enn ikkje uttala, intensjon om å vise både samspel, spontanitet og glede over musikken. Dette er ganske abstrakte tema å formidle, i alle fall om ein skal gjere det godt og ikkje for banalt, og difor synast eg det fungerte godt at 3T gjekk for ein slik subtil innfallsvinkel. Det viktigaste dei gjorde var å syne korleis musikk kan vera både venskap, leik og improvisasjon, og korleis det kan gå føre seg i praksis. Det var også fint at dei tok i og bråka litt, særskild med heavyrock-versonen av “Mamma Mia”.

Samkjensle
Gjennom dei tilsynelatande spontane vala undervegs, fekk publikum innblikk i korleis musikarar kan arbeide saman i grupper og kicket ein kan få av å skape noko felles: Ikkje minst fekk borna sjølve kjenne på den gleda. Ein heavyrock-verson av “Mamma mia” hadde neppe fungert like godt for eit vaksent publikum, men borna var med på ein skikkeleg fest, akkurat slik vaksne vil når dei oppsøker slik rytmisk musikk.

Slik lukkast Musikk & lek med 3T med å formidle gode bodskap om både musikk og større emne i samfunnet, nemleg verdien av å finne saman og å improvisere for å skape møtepunkt mellom ulike stemmer. Og ikkje minst viste dei korleis musikken kan bidra til dette.

Publisert:

Del: