DEBATTINNLEGG: – Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag har starta ei tilnærming, dei tilsette i administrasjonane samarbeider nå innanfor informasjonsfeltet og i arbeidet for dei profesjonelle utøvarane. Dette er tenkt som ein god start – og eg er optimistisk i trua på vidare utvikling, som og vil omfatte resten av den organiserte delen av feltet, skriv styreleiar i LfS, Randi Skeie, i dette innlegget.

Randi Skeie (Foto: folkemusikk.no)

Av Randi Skeie

styreleiar i Landslaget for Spelemenn (LfS)

Kva er best for folkemusikken og -dansen vår?
Kva er best for dette kulturuttrykket – som har synt seg godt levedyktig gjennom generasjonar?
Og kva er best for utøvarane våre; for songarar, musikarar og dansarar?
Kva er best for heile miljøet vårt; frå dei yngste til dei eldste – frå ”grasrot” og ”småskog” til dei store tradisjonsberarane og dei beste artistane?

Desse spørsmåla stiller eg meg.

Slik prøver eg å fokusere på kva dette i røynda skal dreie seg om. Slik prøver eg å heve blikket.

I dei åra eg har fått vere med i leiinga i Landslaget for Spelemenn har eg blitt meir og meir audmjuk i høve til tradisjonsmusikken og –dansen vår og alle menneska knytta til denne sjangeren.

Dette er det verdfulle.

Starta ei tilnærming

Organiseringa av feltet har inga verdi i seg sjølv, bare i kraft av å vere ein god reiskap.
Derfor må vi våge å tenkje endring; gje slipp på noko, og byggje noko nytt – slå gode krefter saman, og få ekstra god utteljing.

Landslaget for Spelemenn og Norsk Folkemusikk- og Danselag har starta ei tilnærming, dei tilsette i administrasjonane samarbeider nå innanfor informasjonsfeltet og i arbeidet for dei profesjonelle utøvarane. Dette er tenkt som ein god start – og eg er optimistisk i trua på vidare utvikling, som og vil omfatte resten av den organiserte delen av feltet.

Spel syng og dans

Organisasjonane samarbeider allereie om viktige grep for å møte nye utfordringar, moglegheiter og krav som Staten gir uttrykk for gjennom Løkenutvalets innstilling om ei omlegging av tilskotsordningane – og den Stortingsmeldinga om det rytmiske feltet, som Kulturdepartementet vil legge fram om kort tid.

Lokallag, tradisjons- og rekrutteringsarbeidet er den viktige basisen som alt byggjer på. Formidlinga er drivkrafta vår! Oppgåva nå er å skape enno betre strukturar for utøvarar, arrangørar, fagmijø, kultupolitisk arbeid og ressursutnytting.

Vi må våge å sleppe taket – og tenkje nytt saman.

Dette arbeidet gler eg meg til – og eg ser og fram til at nye sameinte krefter skal overta – akkompagnert av ein drivande springar!

Spel, syng og dans!

Publisert:

Del: